Journalisten

Hels på nynorskkvinna bak orda.

Janne. Det er meg. Men kven er så Janne?

Kortversjonen: 1986-modell. Fredagsborn. Sunnfjording. Sørguling. Nynorskjente. Journalist. Bloggar. Amatørfotograf. Nett no: Journalistikkstudent i Australia.

Mellomversjonen: Fullfører no siste året i ein bachelorgrad i journalistikk utanlands, ein grad som eg starta ved å ta to år ved Norges Kreative Fagskole i Bergen. Vestlandshovudstaden har òg fått ein stor del av hjartet mitt, ettersom eg har budd der sidan 2005. Andre halvparten av hjartet er godt forankra hjå heimtraktene mine i Sogn og Fjordane.

Blogging har eg halde på med sidan januar 2007, der hovudinnhaldet har vore av ein personleg karakter. Bloggen har vorte ein stad der eg luftar tankar, held kjenningar oppdaterte og får respons i frå andre på mine utspel i tekst- og biletform.

Nynorsk og skriving har alltid vore ein veldig viktig del av livet mitt. Eg er medlem i mållaget, men eg har aldri gått rundt med verveblokk. Eg lev og andar i den trua at det er mange ulike måtar å gagne nynorsken på. Eg gjer det via å bruke han med iver og glede overalt og til ei kvar tid – 24 timar i døgeret.

For augneblinken har eg blant anna radio- og TV-journalistikk ved Deakin University, og har såleis vorte veldig nyfiken på desse formane for journalistikk. Så nyfiken er eg, at eg har prøvd meg på å lage nokre små amatøropptak på heimefronten. Dei kan du høyre deg gjennom om du klikkar på stikkordet «lydopptak» på bloggen min.

Som journalist er eg som ei potet å rekne. Eg elskar å fortelje historiar, måtte det vere via feature, nyhende eller kulturform. Best likar eg meg når eg kan veksle mellom å skrive dei ulike sjangerane. Erfaringsmessig har eg prøvd meg som journalist i kortare eller lengre periodar i følgjande mediar: Firdaposten, Firda, Bygdanytt, Bremanger Budstikke, Barn i Byen, Megafon og Fjord1-magasinet. I studentavisa Studvest i Bergen var eg kulturjournalist i to år og kulturredatør i eitt år. På sida mi «Trykksverta» her på bloggen finn du ein fullstendig oversikt over alt eg har skrive. Eg har etterkvart òg vorte veldig glad i sjå verda gjennom mitt vesle Nikon-kamera. Nokre av bileta hamnar på bloggen, andre på Flickr-sida mi.

Eg likar å sveitte. Anten under sola på norsk jord eller utanlands. Mest sveitting vert jamvel framkalla i kvardagen via trening. Boksing og spinning er for augneblinken to personlege favorittar, men styrketrening innimellom gjer òg godt for både kropp og sjel.

Heilt på tampen: Frå november 2010 – februar 2011 har eg ferie frå journalistikkstudiane før dei tek til att i mars. Eg er såleis heime i Noreg i denne perioden og er ledig for dei som måtte treng ein hjelpande penn.

Ikkje nøl med å ta kontakt!
E-post: janne.sorgulen krøllalfa gmail.com
Andre alternativ: Twitter, Facebook, LinkedIn (CV og anna snadder).

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University (Waurn Ponds-campuset), ein times køyring frå Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Gi meg ein lyd?
janne.sorgulen snabel-a gmail.com

Gravande journalistikk

Gæmlisinnlegg

Lifestream