visning

Personleg oppdatering

31 May 2008 | Journalistikk, Personleg, Språk | 2 Comments

_visning_jpg_731565tEg hadde skrive mykje. Men så forsvant første del av innlegget. Kort oppsummering av det bortkomne:

* Eg har vore på altfor mange visningar. Endte til slutt opp med ei loftsleilegheit i Sandviken. Manglar ein til å bu saman med meg og venninna mi. Kjenner du nokon? Flyttar inn rundt 1. juli, ettersom det ikkje lenger var verd å bu i horestrøket når husleiga auka med 500 kroner månaden. Sjølv om eg ifølgje husverten ikkje kunne forvente meg å betale mindre for denne standaren .. Pft.

* Svimlinga i toppetasjen har forsvunne av seg sjølv, utan at legane eigentleg fant ut kva som gjor utslaget. At eg har jernmangel har dei i det minste funne ut. Og eg skal no starte å knaske gule tablettar med “Duroferon” i 4-6 veker. Du vert litt uroleg då det vert spesifisert at du må svelgje pillane ståande – ettersom det kan gjere skade innvortes om pilla vert liggande på feil stad ..

* 1. juli er vikariatstillinga mi i Bygdanytt ferdig.

FOLK RUNDT MEG hipsar på skuldrane og seier med største sjølvfølgje: “Du er flink. Du får deg lett ein jobb i BA”. Dei spør meg ikkje om eg faktisk kunne tenkte meg ein jobb der. For å sei det rett ut står ikkje Bergensavisen øvst på prioriteringslista mi for kva arbeidsgjevar eg vil ha. Hovudsakleg fordi dei er så konservative at dei tek i bruk eit rettingsprogram som lukar a-endingar. For det andre at eg ikkje synest så altfor mykje om avisa.

Eg klarar ikkje å ta ei avis på alvor, som sjølv ikkje tek lesarane sine på alvor. På andre har eg fått høyre at avisa har journalistar som har nynorsk som hovudmål. Men får dei skrive det? Nei. Haldninga synest eg er respektlaust, både overfor lesarane og journalisten. Det er ingen tvil om at skribenten hadde gjort eit betre arbeid på sitt eige hovudmål. Og argumentet om at “bokmål er bergensk”, held ikkje. Spør du ein bergensar om kva for målføre som ligg nærast dialekta deira, får du femti prosent bokmål, femti prosent nynorsk som svar.

Eg veit med meg sjølv at eg snevrar inn jobbsjansane mine ved å stå steilt på nynorsk-valet mitt. Men det er ei hjartesak. Og ein må stå på prinsippa. Folk skal måtte grunngje kvifor eg ikkje skal få bruke hovudmålet på same vis som andre med største sjølvfølgje får bruke sitt – bokmål. Stiller ein aldri spørsmål med kvifor retningslinjene deira er slik – vert det heller aldri opna dører for at nynorsken skal sleppe til på fleire område.

DRAUMEJOBBEN kan per no sjå ut til å vere å få skrive eit magasin. Featurejournalistikk. Reportasje. På nynorsk. Og eg veit at lista mi med dette ikkje er spesielt lang. Men den som leitar .. finn ? Som J. har sagt til meg: “Du finn ikkje draumejobben på første forsøk. Og hadde du gjort det, hadde du ikkje sett like mykje pris på den, som om du hadde jobba lenge for å finne den.” Og han har rett. Best smakar sigeren når ein verkeleg har måtte jobba for å kunne plassere føta sine innanfor slottet sine fire veggar.

Tagger: , , , , , ,

Gamle utkropne skrukkeskin

19 February 2008 | ..litt på sida, Kuriosa | 7 Comments

AGINGDen siste månaden har eg gjort det same som B-kjendisar har vore kjend for å gjere i ei årrekkje: Invitera framandfolk inn i heimen.

Skilnaden er berre at kollektivet mitt ikkje inviterer Se og hør-journalistar, men «folket». Barndomsvenninna mi og eg har no treft ein trønder, ein telemarking, nordlending, nordfjording, ein stykk ikkje-norsk-kar med krøllar som snakka dårleg engelsk. No har tydlegvis ryktet om at vi held visningar gått over landegrensa, ettersom dei to siste har vore svenske. Jaktsesongen er for så vidt over – men det tredje rommet i Bergen står like tomt.

Desperasjonen etter ein ny romkamerat har likevel vore av det gode. Jamlege besøk held hybelkaninene i skinnet. Jamlege besøk har gjort oss internasjonale. Og jamlege besøk har gitt meg utkropne planar for sosialisering i alderdomen.

Som sosialt-ihelsvolten 70-åring skal rullatoren min og eg pressa forbipasserande innanfor dørkarmen. Pensjonen min går sjølvsagt vekk i annonsar. Men det er likevel ein vinn-vinn situasjon:

– Neimen, kor triveleg du har det her?

– Ja, ikkje sant? No skal du høyre kor eg fekk tak i det salongbordet ..

I stova skal eg fortelja korleis ektemannen min, som no er død, sleit med å få hengt opp vegglampa. Eg skal fortelja om då straumen forsvant, og vi enda opp med å eta julemiddagen rett frå varmpeplata på peisen. Ledig rom eller kjellar har eg sjølvsagt ikkje. Etter å ha levd i over eit halvt århundre, treng eg all plassen eg kan få til å oppbevare støvsamlarar.

Etterkvart vert visningane ein form for arbeidsmetode. Gjennom skvaldring får eg tips eg kan tene pengar på å gje til lokalavisa. Eg får skryt for heimen. Eg får sosialisere. Eg får sladra. Og eg får frykteleg mykje merkeleg å fortelja neste gong eg treff veninnene mine. Eller deg: Er du klar over kor mange rare folk det finst der ute .. ?

Pst! I dag sa ei svensk jente ja til å bu med oss. Hurra!

Tagger: , , , ,

Reklame

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University nær Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Søk

Gæmlisinnlegg