Ventelo Rocky
Det er slutt
25 November 2008 | ..litt på sida | 14 Comments
Entschuldigung. Men det er ikkje meg, men deg.
Eg var berre 12 år, men du vart min første. Men dei siste ti åra har vi forflytta oss i forskjellige retningar. Vakse i frå kvarandre, rett og slett. Det var andre som ordna forholdet mellom oss – eg hadde ikkje så mykje eg skulle ha sagt. Plutseleg stod du berre der på dørkarmen min, og eg fekk meg ikkje til å avvise deg.
Med kort har eg gitt deg gåver. Du har gitt meg høve til å treffe andre, men for ein pris. Eg har godtatt vilkåra dine over lenger tid, men føler no at .. Ja. Kva skal ein sei. Når ein er i eit forhold der eine parten heile tida forsyner seg av godene, medan andre parten ikkje får like mykje att, er det klart at det etter ein periode vil gå den vegen høna sparkar.
Til trøyst kan vi framleis vere vener! Nettverket ditt er trass alt det einaste som fungerer ute i periferien der eg kjem frå. Det er nok det eg likar best med deg. Men la gjerne andre sleppe til òg, ok? Greitt nok at du skal vere størst og best, men utan konkurranse vert du ikkje noko flinkare. For kvifor skal eg måtte gi meir og få mindre, når eg heller kan få meir for mindre hjå ein annan?
Vi har jo aldri vore spesielt flinke til å snakke saman uansett.
Så ja. Eg har funne ein annan. Kanskje du kjenner han, Ventelo Rocky. Skal helse frå han, forresten.
Meldinga di – den som vekte meg i dag tidleg – skal heller få vere siste ord:
“Vi bekrefter ditt ønske om bytte av mobiloperatør. Takk for at du har vært kunde hos oss. Mvh Telenor”.
Er du på utkikk etter noko nytt? Prøv kjærleikskalkulatoren for tellarskritt og meldingar.
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- ithil on Jirrahlinga Sanctuary
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen
