Tekstmelding
Joika på menyen
19 December 2008 | Kuriosa, Tekstmelding | No Comments
Kundesørvisen på daglegvarebutikkane i Bergen er upåklageleg.
I dag spurte eg om middagstips på mega. Eg ente opp me ein boks joika og eit brød. Da kunne eg ha komme på sjøl…
- Tekstmelding frå Jon
Ein oter! Eller. Vent litt ..
25 August 2008 | Kuriosa, Personleg, Tekstmelding | No Comments
Ikkje stol på det du ser ved første augekast.
Og om du ser feil, så går det alltids an å redigere meldinga for å redde litt heder og ære. Eller la vere. Slik som mor mi:
Eg har heile badeplassen for meg sjølv, utanom ein oter som ligg og solar seg 10-15 meter frå land. Såg nett eit grågåstrekk på ca 40 som var på veg sydover. Fy og fy e sommaren over alt? Eller var de nokre tullingar som reiste litt tidleg? Oteren var forresten eit dekk som låg i sjøen og dreiv, men vêret, vatnet og stranda er heilt topp i dag. Blir nok sittande te sola går ned B-)
- Mammutten 1. august 2008
Tekst-O-Rama
15 April 2007 | Personleg | No Comments
Visse meldingar kan eg ikkje slette. I alle fall ikkje utan at fleire har fått glede av det merksnodige som somme tider hamnar i innboksen min.
Yvonne: Sia eg lika å vere optimistisk tenkte eg at eg skulle opplyse dg om australias artige dyreliv. D er 32 artar dødlege tarantella, 22 artar dødlege edderkoppar, 2 typar tigerslanga, acanthophis (googl dn), taipanar, brunslangen, 150 000 saltvatnkrok, portugisisk krigsskip og kvithai;-):-)
Janne: Har du alliert deg med mora mi, eller..? (; Blir eit år til uansett. Så du har jo lang tid til å leite fram anna uhumsk (;
Yvonne: Hmm, nei, eg tenkte eg skulle høyre om du kunne ta md døde eksemplar tilbake… Har fått en overveldande interesse for nervegift…
Janne: Advar meg om du nokonsinne skulle få eit hemnmotiv på meg, ok?
Planane om å reise i juli for å ta eit studieår i Australia gjekk i vasken. Eller i alle fall forskjøve til neste sommar. Men det var altså ikkje desse meldingane som tikka inn i dag som var det lokka fram akkurat den avgjersla.
Mamma: Du har gløymt igjen TANNKREMMEN !
Krise! Eg sat mållaus på båten til Bergen då denne fryktinngytande meldinga frå mammutten kom meg i hende.
Ina: Haha, eg e journalist i kveld!
skriv artikkel for sogn avis! Hihi! Sit og sjonglerar telefon og røyk og pc og kamera her:-P
Ser det føre meg, schnuppa. Enn kor lite fint du har å sei om ”gamleskulen” din, så skal du sjå at du fekk bruk for året saman med Anette og meg.
Storesøs: Du, fønka ikkje vloggen din ? Kjem meg ikkje inn! *Abstinens*
Storesøstra mi likar å overvake meg – og kjenner nærast sveitteperlene på panna om ho ikkje får nokre doser i løpet av veka. Her var det gamle-bloggen min på EnjoyDiary som var nede for telling i to-tre dagar, avdi serveren vart flytta til ein annan heim ..
Isabel: Svolten ? Gå etter skiltet med ”Frossen kylling lever!”
Isabel: Eg er HEILT sjokkert! Det er lov å skrive poteten. PotetEN!! Eg får VONDT inni meg! Har akkurat fortalt klassen kor vondt det gjer og kor sjokkert eg er, fatta kje at det går an å sei poteten. Er det overhode mogleg å sei poteten utan å legge til ei ekkel Oslodialekt ?
Eg har ein språk-kompanjong i Isabel som held på å utdanne seg som allmennlærar. Ho held meg oppdatert på forsøpling innan språkopplæringa på skulen.
Isabel: Du? Fra 1. Mars skulle alle ha refleksvest i bilen. Men jeg skjønner ikke; nå har jeg kjørt rundt med vesten på i flere dager, og jeg ser ingen andre som gjør det? Er folk trege eller?:-P
Kva med knebeskyttera, hjelm og vernesko på 24 timar i døgeret? Må jo ta visse forholdsreglar.
Mamma: E du våken og klar no bittelille?
Uansett om eg vert grå i håret og skrukkete sjølv etter å ha vore i badekaret, kjem mor mi alltid til å sjå på meg som ei åtteårig jente med musefletter og rosa tights.
Kristian: Hihi, tanta mi. Ho serverte deg kake sa ho ;-D
Kristian har sine utsendingar for å halde meg med oppsyn til ei kvar tid. Sjølv i Måløy bør eg ikkje kjenne meg for trygg. For kven andre enn tanta hans serverte meg kake då Sparebanken Vest feira dei nyoppussa lokalene sine? Ein dag av to veker i praksis i regi av Fjordenes Tidende.
Hildegunn: Håper det gjekk bra med deg. Bra at eid er stort nok til at folk kan føle seg lost:-)
Fjordenes Tidende-journalist og personleg guide då eg skulle finne fram til lokalene der Jakob Sande-musikalen på Nordfjordeid skulle vere. Då eg endeleg fant fram var det ikkje sjans om at eg fant fram til hovudinngangen. På overtid sneik ei lita tjei seg inn sideinngangen og forstyrra førestillinga .. Forøvrig trengst der ikkje meir enn eit lyskryss for at eg skal klare å rote meg vekk i terrenget.
Isabel: Viss d ser grusomt ut her, så e d min feil- og tilgje meg:)
Den kjekkaste meldinga du kan få når du sjølv sit på fest – og dette var tidleg på kvelden. Men Isabel må anten ha rydda før eg kom heim, eller overdrive grasalt. For det såg då slettes ikkje gale ut.
Eli Kristin: Noen fant en gang ut at der er 35 millioner lover for å håndheve de 10 bud.
”Berre” ti bod, liksom. Jaggu sa eg smør.
Sissel: Åh, kjekt å få gå før tida.
Hehe, neida, ikke noe gammelt skrukkeskinn. Jeg har hatt en periode der jeg tassa rundt og kokte egg kl 5 om morgenen. ![]()
Ei trøyst for meg og mi sære døgnrytme. Sær nok til å myste nattesvevnen av.
Berre kanskje
12 March 2007 | Journalistikk | No Comments
SISTE DAGEN i Fjordenes Tidende hadde eg ein liten prat med redaktøren. Sa klart i frå om at eg kunne tenke meg ein sommarjobb. Hadde det berre ikkje vore for at dei hadde ein kar som allereie var inne i systemet deira. Og hadde han berre kome med eit klårt svar for om han faktisk skal vere sommarvikar. Førebels er det berre eit kanskje svaret avisa har fått i frå den kanten. Dimed får eg berre kanskje ein sommarjobb i FjT. Og dimed kan eg kanskje ende opp utan nokonting.
Då eg kom heimatt til min heimlege utkant i sunnfjord sendte eg korte e-brev til både Firdaposten, Firda og Fylkesmagasinet. Om det skulle gå skeis med alle tre vurderer eg å sende nokre ord til Fjordabladet, Firda Tidend oog.. Fjordingen. Stort fleire lokalaviser i sunnfjord og nordfjord er det ikkje.
Å ha to redaktørar i bakhand som berre har lovord å kome med er gull verd. Einaste herr Wåge hadde å melde var at eg måtte skrike litt høgare ut når det gjaldt mine eigne saker. Fortalde at eg gjerne trengte litt tid på å verte varm i trøya – og at det ikkje kjendes heilt naturleg å stå altfor hardt på krava etter nettopp å ha helst på dei.
Aldri har eg hatt eit så lite planlagt år framfor meg. Slikt stressar ei sjel som vanlegvis har planlagd ting ut til fingerspissane. Ikkje det, eg har alternativene klare. Eg veit berre ikkje kva som er lurast – og ikkje minst mogleg å gjennomføre. Det er så mange “viss-ar”. Kanskje eg skriv om det seinare, når hjernen min har vorte litt meir einig med seg sjølv.
I morgon er min fyrste skuledag etter ni veker med praksis.
Rart.
Har sendt søknad til eit legat i heimkommunen som kvart år delar ut fem tusen kroner til ungdomar som tek meir utdanning etter vidaregåande, og som då gjerne flyttar attende. Hadde vore staseleg med litt ekstra pengar.
Ja, no skal eg ikkje kleise svartmålinga på låveveggen heller. Fjordenes Tidende vil jo gjerne høyre meir i frå meg. Eg skal skrive litt for sommarmagasinet deira, og kan sende dei saker om eg skulle plumpe over eitkvart.
Og over til noko heilt anna:
Frisør-Elisabeth vart forlova på julekvelden, og har vistnok tenkt å gjere alvor av det heile. Ikkje berre vere gift i x antal år. I gårkveld tikka så denne meldinga inn:
“Heisann! Du…eg berre lurte på en ting. Du kan sei nei hvis du vil… Eg berre lurte på om du kunne tenke deg å være toastmaster i bryllupet mitt… Du trenge ikkje svare me en gang…koskos”
Eg måtte sjølvsagt ringe og spør om ho hadde drukke i forkant av meldinga.
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- ithil on Jirrahlinga Sanctuary
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen

