Studvest
«Au» for Australia
31 mai 2010 | Australia / Deakin | Ingen kommentarer

TRETTIFEM-DAGAR-ATT-PANIKK: No pain, no gain.
Alle viktige nettsider i Australia sluttar med «.au». Passande, på eit vis. For det skal heilt klart gjere litt ilt, før det vert godt, når ein skal reise heilt ned Down Under.
Misforstå meg rett. Eg gler meg grueleg mykje til å reise. Kva som ventar meg i andre enden er førebels heilt umogeleg å gjette: Nye kjenningar, nye stadar, ny mat, anna språk, nye utfordringar og ein ny kvardag. Men å reise så langt tyder òg å sei ha det til mangt og mange.
Desse to siste vekene har det vore ha det-klemmar frå mange gode medarbeidarar i Studvest. Sidan eg reknar med å vende nasen attende til Bergen når eg er ferdig i Australia, kjem eg nok til å sjå flesteparten av dei att. Men samtlege, dei som berre er i byen for å gjennomføre korte studiar, kjem eg ikkje til å sjå fleire gonger. Vemodig, rett og slett. Samstundes er det godt å ha noko å sjå fram til. Det er alltid mykje spanande i det ein ikkje veit kva er. Gode vener: Eg er glad i dykk! Og vi må halde kontakten. Blogging og Facebook vert hyppig brukt no framover.
Første studiedag er så tidleg som 6. juli, så den siste planlegginga før turen er i full gang, utan at det kjennest ut som om eg er heilt i rute. Søknad til Lånekassa er send. Engelskprøve er gjennomført og godkjend. Depositum til Deakin University er betalt. Søknad om studentvisum vert snart send. No tysdag skal eg på eit informasjonsmøte med GOStudy, informasjonsbyrået som Norges Kreative Fagskole nyttar. Der får eg voneleg svar på nokre av dei mange spørsmåla eg sit og knugar på: Kvar bør ein helst bu: På eller utanfor campus? Helseforsikring? Reiseforsikring? Kor lang er juleferien? (Høyrer rykte om at den er veldig lang. Då skal eg heim til moderlandet og gå rundt juletre, juhu!).
.. og ja. Det er jo andre ting som gjer «litt ilt» når ein omsider har kome seg til Australia òg. I tillegg til heimlengsel, meiner eg. Det var ein eks-studvestar så flink å påpeike for meg. Berre sjå denne fine lista her over dei mest dødelege dyra som bur i mitt framtidige studieland.
I mellomtida jobbar eg litt for lokalavisa mi, Bremanger Budstikke. Det vert ein kort sommarjobb, men ein annleis og interessant sommarjobb. Har fått ein grei avtale med redaktøren no før eg reiser heim til fjordane. For litt arbeid kan gjerast her i byen òg – såleis har eg fått i oppgåve å ringe og spore opp utflytta bremangarar i Bergen. Kjekt! Samstundes får eg høve til å nytte fritida mi på å sei ha det til fleire av bergensvennane mine. Det set eg umåteleg pris på.
Som nemnd tidlegare, reknar eg med å oppdatere blogginga mi no framover. Australia-soga: To be continued.
Men eg var ikkje død
23 august 2009 | Personleg | 5 kommentarer
Berre utruleg opptatt.
Eg er offisielt kulturredaktør i Noregs nest største studentavis. (Eg må eigentleg sei det eit par gongar til meg sjølv, før det eigentleg går opp for meg). Jobben gjer at stumpen sit i mange timar framfor datamaskina, at eg skvaldrar med kulturjournalistar og snakkar mykje i telefon. Dette medfører til mindre datamani på fritida. Og i neste rekkje: Mindre blogging. Eg hadde eigentleg ikkje venta noko anna.
Men la oss ta ei oppdatering i kjappe trekk:
EG BUR
- opp nokre voldsomt bratte bakkar. Etter dette året kjem eg til å ha endå kraftigare leggar. Hurra!
- saman med to gutar. Dei er ikkje berre flinke til å leggje ned dolokket, men òg til vere snille, ryddige, greie og alt det som høyrer med.
EG …
- gjer tidvis frykteleg mykje. Men i alle fall meir enn eg vanlegvis har gjort. Mest jobb.
- freister å rekruttere nye skribentar innan søknadsfristen vår, måndag 24. august. Kjenner du nokon skrivedyktige skribentar? Spre ordet?
EG HAR
- overlevd den første Studvest-utgåva. Og det sjølv om faktisk ingen kulturjournalistar dukka opp på første redaksjonsmøte.
- til saman over 30 utgåver att i denne avisa. Og eg gler meg!
- vore på Coldplay-konsert. Det var fantastisk! Kvifor har ikkje fleire artistar kanonar som sprer fargerike papirsommarfuglar i vinden? Og ikkje minst: Kvifor delar ikkje fleire artistar ut gratis plate til publikum når dei går ut av konsertlokalet? (Noko seier meg at økonomien kjem inn i biletet her).
Hårreisande..
7 juni 2009 | Personleg | 4 kommentarer
OPPDATERING: Hårreisande lenge sidan sist skrivekløa melde seg.
Difor postar eg noko som skal likne på eit sjarmerande bilete, med alle dei nye hårklemmene eg kjøpte i dag.
Sidan eg er så sofistikert og kulturell av meg og alt det der. Nemleg.
Vel, ok. Sidan sist? Ja. Det har vel skjedd lite. Og mykje. Og. Litt. I alle fall:
* vi har byta månad. Den heiter juni, og er ei årleg greie. Eg likar det.
* opplæringa mi i Studvest er over. Det er skummelt. Og er veldig spanande på same tid. Greitt at avtroppande redaktør bur eit steinkast frå studentsenteret om krisa skulle bite meg i leggen.
* eg har fått ny kåk i byen! Flytteprosessen skjer først seinare i månaden. Sjå!
Dørmatta ligg på toppen av bakken etter trappene opp frå Fløibanen. Fine, fine, Skansen. Frå hausten av vert det med andre ord berre dei sprekaste vennane mine som vert å sjå på besøk. Eventuelt dei som har privatsjåfør, eller pengar til taxi.
* tidlegare i veka var eg og kapra pappkasser hjå ei venninne som nett har flytta. For å sikre meg sjølv øskjevegger til ting. I dag var eg på besøk hjå Kristian og kapra tomme brusflasker. Blant anna. Sånn går det når eg er altfor flink til å pante, men treng flasker til lemonaden eg skal lage. (Ja, bieffekten av for mykje fritid gjer meg tydlegvis til husmor. Kjeks har eg allereie laga.)
* Førde og Firda ventar meg 15. juni. Eg reknar med førdianarane tek meg i mot med opne armar. Ja, «førdianar» er faktisk eit ord.
* sidan sist har eit nytt bekjentskap av meg òg lært meg at det eksisterer vin som har kattepiss i seg. Uff. Ein kan bli gal av å vete for mykje. Det ein ikkje veit, har ein ikkje vondt av, og så vidare ..
* sidan sist har eg òg fått 753 spamkommentarar i spamfilteret mitt. Hurra! Nettverda går tydlegvis vidare sjølv ved opphold frå orda mine.
Slutt / start
8 mai 2009 | Journalistikk, Personleg | Ingen kommentarer
Seint, seint måndagsnatt tusja eg ut den siste saka for Fjord1-magasinet.
Den gule fargen sette ein sluttstrek for arbeidet i denne omgangen. Ferdig etter totalt tre veker med herjing med mobiltelefon og over tastatur. Og då eg skulle summere betalinga for alt arbeidet, kunne eg lett hente fram smilet. Summa summarum tilsvarar nemleg arbeidet ei månadsløn. Og ingenting er jo betre enn det! (Eller, ok. Ein million i Lotto hadde jo vore betre. Men ettersom eg ikkje spelar Lotto, er det ikkje så veldig sannsynleg for at eg vinn heller.)
Allereie dagen etter at det vart stadfesta at eg fekk redaktørjobben i Studvest byrja opplæringa. Det kriblar i magen! Så grådig! Eg har som smått fått innføring i korleis ein skaffar plater, bøker og liknande. Korleis ein finn fram pressebilete. Kor ein gjerne leiter etter saker. Korleis ein skriv saksliste. Redigering av tekstar.
Og notisskriving. Den observante Studvest-lesar kunne med andre ord oppdage dei første nynorske notisane i avisa sidan … 2004/2005? Hurra! Frå hausten vert det nynorske kultursider. I alle fall notisar. Og leiar. Og dei sakene som eg må skrive når ingen av journalistane mine forstår sitt eige beste og avlastar meg med å skrive dei sakene eg deler ut.
Elles:
- svelgen.no, klypp-og-lim-nettstaden til Svelgen, har klistra namnet mitt opp på framsida. Og eg merkar at det gjer meg litt flau. Men eg skal kanskje vere glad for at eg gir svelgarane noko å diskutere når dei treffast på Coop.
Berre sjå her, eller på Studvest sine sider:

Er det no eg skal vedkjenne at eg faktisk har kladda den same meldinga før eg fekk jobben.. ? Ja. Eg hadde veldig lyst på jobben. Og eg har enno ikkje landa etter eg fekk han.
- eg gler meg som ein tulling til sommaravslutninga med Studvest. Sjølv om det òg vert litt trist å sei ha det til fotoredaktør og kulturredaktør.
- Eg har gitt kollektivet over i andre hender. Gutehender, faktisk. Og han eine kisen var igrunn såpass sjarmerande at eg kunne tenkt meg å sett han att. (Nei, mamma. Eg har ikkje tenkt å vere så freidig at eg spør. Eg er då profesjonell. Makan.)
Minner meg på at eg, etter at han har signert kontrakta, skal fortelje han korleis skråtaket på ‘toan gjer at karar må
A) sette seg ned når dei skal kvitte seg med gul væske, eller
B) bøye ryggen litt bakover
Slik sett kan vi vel konkludere med at dette eigentleg er eit jentekollektiv. Dei kjem nok til å skalle hovudet i taket når dei skal bruke oppvaskmaskina òg. Akk, ja. Men sett opp i mot dei noverande narkomane naboane som dei har – burde vel ikkje dette vere ein altfor dum bu-lagnad?
Med nynorsk på rette staden
3 mai 2009 | Kuriosa | Ingen kommentarer
NYHENDE: Onsdag vart det kjend at nynorskbrukaren Janne skal sitje i redaktørstolen i Studvest frå hausten av.
— Eg er så glad at eg ikkje veit kvar eg skal gjere av meg, seier den påtroppande redaktøren.
I over eit år har ho sikla etter å vere sjef for 15 journalistar, og no vert draumen endeleg realisert. I same handvending vert ho den første jentekulturredaktøren på omlag fem år. Og minst like lenge er det sidan det sist var ein nynorskredaktør i studentavisa. Det derimot ikkje så mange veit, er at ho har ukjende planar i ermet.
— Eg tek sjølvsagt sikte på å innføre nynorsk standardspråk på kultursidene, ettersom kultur og nynorsk er to ting som høyrer saman, ropar ho ut
Det er hennar første dag på jobb. Kontorlandskapet er kjend, men rolla hennar er ny. I staden for å få tildelt oppgåver, er det ho som deler dei ut.
— Eit kvart menneske som bryr seg om kultur må lære seg kor viktig rolle nynorsk har, seier ho.
— Kva meiner du? undrar vi.
— Eg er redd for at om skribentane ikkje møter nynorsk i studentavisa, heller ikkje kjem til å måtte bruke nynorsk som bruksspråk andre stadar. Eg ser difor på det som mi borgarplikt å lære dei om etterdønningane frå Aasen si rundreise, forklarar ho.
Nokon har høyrt ho, og stikk hovudet ut frå kontoret sitt. Ansvarleg redaktør hentar fram den strengaste strengestemma.
— Du.. kom inn på kontoret litt. Vi bør ta ein prat, seier sjefsredaktøren.
Intervjuet vårt vert avbrote, og vi kan berre spekulere i kva som vert diskutert på kontoret. Får ho gjennomslag for idéen? Vil det kome nok nynorskskribentar til at ho kan gjennomføre planane. Må ho starte nynorskkurs for journalistane ved semesterstart?
Janne i trykken kjem tilbake med meir.
Herrenes tale
6 desember 2008 | ..litt på sida | 1 kommentar
Eg dristar meg til å leggje ut talen som eg hadde på Studvest-julebordet i går, ettersom eg vil ha fullt utbyte av tida eg har brukt på orda.
Kjære studvestmenn – og studvestgutar.
På same måten som ei storesøster passar litt ekstra godt på veslebroren sin, er det naturleg for oss jentene å passe litt ekstra godt på dykk. Ikkje fordi de er mindre enn oss i vekst og alder, men fordi de er så få. For ein treng ikkje vere student på NHH for å forstå at Studvest ikkje er noko Noahs ark.
Etter ei kjapp vareopptelling av godene – altså dykk karane – kom eg fram til at det er 17 gutar av totalt 50 medarbeidarar. Og då har eg rekna med alt frå journalistar til annonsemannen. Vi jentene skal vere glade for dei gutane vi har, men mykje vil ha meir, og vi skulle gjerne sett at de var fleire.
Før eg går vidare vil eg presisere at det er ei ære å for halde denne talen. For sjølv om de er veldig få, er de veldig forskjellege. Og denne talen har gitt meg sjansen til å gå studvestmannen nærare i saumane. La meg gjere som journalistar flest: Generalisere og putte dykk i båsar.
FRAMANDORD-KLUBBEN
Aksel og Halvor.
Ooog … påtroppande redaktør Matias. Eller skal vi sei “Eit lite stykke Noreg”? Etter å ha budd både på austlandet, i Florø og i Bergen, representerer i alle fall tonefallet og orda hans eit tverrsnitt av dialektene i Noreg.
Denne trioen elskar orda som får jentene til å heve eit augebryn og rynke på nasen. Dei osar av intelligens og ordforråd.
* Halvor med overskrifta si “evmenidene”, måtte finne seg i å få påprakka ei ordforklaring i botn av Aproposen sin. Dei som framleis ikkje veit kva det er, får spør han i løpet av kvelden.
* Matias elskar å hente fram orda han har lært på medievitskap. Og finn han ikkje passande ord der, diktar han gjerne opp nye. Slik som overskrifta på kommentaren hans “Utenforståendeklokskapen“.
* Aksel – namnet som snart har vorte ein eigen undersjanger innan omtalar i Studvest. La meg sitere frå omtalen hans av The Cure:
Det synes maktpåliggende å understreke at The Cure ikke lenger går snarveien forbi den rasjonelt fortolkende venstre hjernehalvdel.
Og så har vi:
SVIGERMORS DRAUM
Christoffer, Gisle, Kenneth og Fredrik. Med andre ord: Alle karane på nyhet.
Kvifor er desse fire svigermorsdraum? Dei jobbar gratis i Studvest, så det er i alle fall ikkje på grunn av pengane. Men de framstår alle som staute, høflege, velartikulerte og intelligente. De er oppdaterte på det som skjer rundt dykk. Såleis har de nok å ta av når de skal diskutere med svigers. Og ikkje minst: De kler dykk fint – noko som er meir enn ein kan sei om mange av kulturgutane. Har kulturgjengen på seg ei skjorte – kan du vere sikker på at den siste finishen deira er ei raud strikkehue eller ein grøn caps som er dradd ned over hovudet.
Kategorien gjeld òg for dagleg leiar, annonsemannen og brekkegutane. At de hamnar i akkurat denne kategorien, kan kanskje ha noko med at eg ikkje kjenner eller har sett så mykje til dykk frå kulturredaksjonen. Men vert det nok flytande no, kan det jo hende at de korrigerer biletet mitt i løpet av kvelden?
HIP-HOP-GUTANE
Magnus, Stian og Sverre
Dette er dei kule kidza med tøffe trykk på t-skjortene og fargerike skoa. Capsen, solbrillene eller hua er sjeldan altfor langt unna. Stilen deira er reindyrka. Og livsfilosofien er slik som rapparen vår d’Sverre syng “Det går seg te“.
Så stilege er dei at Pia innimellom kler seg ut som Sverre. Og Magnus? Vel, han vart jo headhunta frå NHH. Og etter at han fekk arbeide saman med studvestjentene, har han vel aldri ofra Bulle ein tanke?
MACHOMENNENE
Ingen. Studvestkarane er rett og slett ikkje macho. Som Foto-Åse sa så fint når vi kom inn på temaet: Eg vart litt sjokkert eg oppdaga at Sean hadde mindre biceps enn meg!
Den manglande mannedominansen har blant anna gitt utslag i vanskar med å samle saman ein sportsredaksjon.
DEN UNGE HØFLEGE
Og vi har dei høflege. Slik som Foto-Ronald. Då eg på måndag hadde eit intervju i dei gamle lokalene våras, fortalde eg han at dei grå shabby klossane, var grunnen til at vi seier “på brakka”.
— Å! Så det er der det kjem frå! Og eg som berre trudde det var eit trønderuttrykk.
Så høfleg er han altså, at han ikkje har stilt spørsmål ved ordbruken til ansvarleg redaktør.
TURTELDUENE
Håvard og Adrian.
Gutane med hjarte i auga, som begge har kjæraster som i Studvest. Dei er eit unntak, for ifølgje sikre kjelder – ansvarleg redaktør – kan ikkje studvestkarane å flørte. Og om de har prøvd dykk på å flørte, så har det i alle fall ikkje bore frukte. Men desse to er altså unntaket.
Med 33 jenter og nesten 2 jenter på kvar, burde det eigentleg vere noko å velje mellom.
Det manglar i alle fall ikkje på intiativ til flørting og spleising frå Pia:
Som baksideredaktør hausten i fjor, sørga ho for ei kontaktannonse for seg sjølv og andre på baksida. Det er enkelt å sjå den skjulte agendaen bak arket som vart sendt rundt, der alle skulle skrive ned om dei var single.
Men der finst lys i enden av tunnellen. Påtroppande redaktør, Johan, fekk grunna sitt sjarmerande og flørtande vesen diplom som årets “Don Johan” på førre julebord. Vi håpar dei mannlege argentinarane har gitt Johan nokre tips, som han kan meddele med resten av redaksjonen.
Gutane i Studvest vert utruleg høgt verdsett av oss med høge hælar og lange augevippar. Som Dagbladet seier: ”Dagen er ikkje den heilt same utan”. Ta det frå ei som er på jobbjakt, men som likevel held det gåande i Studvest. Fordi eg ikkje klarar å la vere.
Prisdryss
20 november 2008 | Journalistikk | 2 kommentarer
Tiril-pris nummer to er no eit faktum!
I går vart ein skokk av folk frå Bergen student-TV, Studentradioen i Bergen og Studvest samla på Hectors hybel for å fordele prisar. Sjølv om eg var nominert, var det eigentleg ikkje før grunngjevinga til vinnaren vart lest opp at eg forsto at det var mi sak som vant. Beste kultursak i Studvest dette semesteret, med andre ord. Så utruleg, utruleg kjekt! Spesielt sidan saka mi “Tomme stativ på Høgskolen“, utan tvil er den merkelegaste saka eg har skrive for studentavisa. At ein redaktør ikkje let høyre frå seg, og at ei avis forsvinn utan at nokon har kontroll på kva som skjer, er ikkje kvardagskost.
Første semesteret fekk portrettet mitt av Asbjørn Slettemark pris for beste featuresak. Denne gongen var det altså Kristin som fekk den same æra – og det for den aller, aller første reportasjen ho har skrive. Kry som fy over skribentvenninna mi.
Gratulerer til oss!
Jobbejobbejobbe
11 september 2008 | ..litt på sida | 5 kommentarer
Tok turen innom Bygdanytt i førre veke og fekk avtalt litt meir jobbing. Ettersom han dei skal tilsette i fast stilling held på med siste finpussen av masteroppgåva si i oktober, treng dei nokon i overlappingsfasen. Og her kjem eg inn i biletetet. Ein månad med lønna arbeid er absolutt betre enn ingenting.
I dag har eg snakka med eit blad som heiter “Barn i byen“, og har fått avtalt ein artikkel eg skal skrive for dei. Voneleg skal eg skrive meir for dei seinare òg. Alt etter korleis det går med jobbsøking og ekstraarbeid i tillegg til Bygdanytt-en i oktober.
Redaktøren var ei særs sympatisk dame som valgde å starte opp sjølv då ho var i den situasjonen eg er i no: På leiting etter journalistjobb, men utan hell. Ho ga meg nokre idear for kvar eg kan forhøyre meg om dei treng skrivehjelp. Kjem godt med!
Med Studvest held eg det gåande så lenge eg klarar. Kjekk gjeng å vere ein del av.
Vil du jobbe for Noregs beste studentavis?
23 august 2008 | Journalistikk | 2 kommentarer
Spørsmålet vi i Studvest no stiller alle vi kjenner som likar nærkontakt med penn og papir: Vil du vere med på laget vårt?
Eg let stillingsannonsa tale for seg sjølv:
Studvest søkjer nye nyhendejournalistar, kulturjournalistar og sportsjournalistar. Vi er òg på jakt etter fotografar og layoutmedarbeidarar.
Som journalist må du ha god språkføring og interesse for journalistikk og nyhende. Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
Som fotograf må du kunne handtere og gjerne eige eit digitalt speglreflekskamera. Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
Som layoutmedarbeidar må du ha god kjennskap til InDesing og gjerne resten av Adobe CS3-pakken.
Send ein søknad med CV og arbeidsprøver til studvest@uib.no Presiser kva for stilling du søkjer på.
Søknadsfrist er 1. september kl. 12.00.
Informasjonsmøte i SiB-kafeen i Studentsenteret (Parkveien 1) torsdag 21. august kl. 19.00.
Spørsmål kan rettast til:
Ansvarleg redaktør Pia Martine Wold: 920 83 295
Nyhenderedaktør Marit Dorothea Bjørnstad: 959 70 718
Kultur- og sporsredaktør: Halvor Ripegutu: 930 58 169
Fotoredaktør Åse Holte: 414 52 584
Så kva trur du, Hanne. Tek du utfordringa?
Ufrivillig lang ferie
21 august 2008 | Journalistikk, Personleg | 1 kommentar
Så har vi runda august. Dei to sambuarane mine har festa – eller held på å feste seg gjennom fadderveka, medan eg framleis leitar etter jobb.
I løpet av den perioden eg har leita etter jobb, kan ein ikkje sei at det har flomma over av stillingsannonsar som har passa til utdanninga mi. Det eg har kome over er desse:
* Journalist/informasjonsarbeidar for indremisjonen på Sotra.
Ankepunkt: Eg har strengt tatt ikkje den kristne trua til å arbeide der.
* Multimediajournalist for Norges Miljøvernforbund (med Kurt Oddekalv som sjef).
Ankepunkt: Eg har ikkje foto-erfaring.
* Journalist i Strilen.
Ankepunkt: Eg fekk ikkje jobben. Men eg kom i alle fall inn til intervju ..
Stillinga som no står att å søkje på er jobben som journalist/informasjonsarbeidar på NHH. Søknadsfristen er ikkje før i slutten av august, så det vert ventetid før der kjem noko svar i frå den kanten. Eg har derimot ikkje spesielt store forventingar. Sjølv om kontaktpersonen sa at eg hadde erfaring nok til å kunne søkje, står det fint og pynteleg i annonseteksten at ein bør ha bachelorgrad frå Høgskule eller Universitet, samt erfaring frå økonomi. Jobben såg veldig kjekk ut. Lov å krysse fingrane, i alle fall.
Eg held meg i aktivitet med å skrive gratis for Studvest og å sosialisere med vennar.
Må sei at det å daffe rundt heime startar å gå på sjølvkjensla og yrkesstoltheita laus. Heldigvis er der framleis pengar att på kontoen. Enn så lenge. Eks-kjærast J. fekk i alle fall lurt fram eit smil om munnen då han fann “meg” på ein dropspakke i butikken.
Bloggen og eg
Gravande journalistikk
Gæmlisinnlegg
Innspel
- Janne til Rutiner og sakn
- Kristin til Rutiner og sakn
- Janne til Har ein draum
- Janne til Har ein draum
- Tore til Har ein draum
- Hanne til Har ein draum
- Har ein draum | Janne i trykken til Gryande håp
- Janne til Klede ein journalist verdig
- Hanne til Klede ein journalist verdig
- Janne til Walkietalkiefuglen
Lifestream
-
seier som Jørn Hoel/Martin Luther King: Har ein draum/I have a dream. http://jannetrykker.iblogger.no/2010/09/01/har-ein-draum/ [janneitrykken]
-
har fått fin pakke i posten: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/31/pakke-fr-ho-mor/ [janneitrykken]
-
Klede ein journalist verdig: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/28/klede-ein-journalist-verdig/ [janneitrykken]
-
har skrive korrespodentbrev i Studvest: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/25/fra-eit-reiseperspektiv/ [janneitrykken]
-
har fått meg ein ny treningskamerat: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/22/min-nye-treningskamerat/ [janneitrykken]
-
Så mykje mediekakling om Federal Election, og så vart det uavgjort. Stemmer for at Julia Gillard og Tony Abbott avgjer valget via brytekamp [janneitrykken]
-
har nett bestillt flybillett heim til Noreg i november, og tel hermed ned frå 80 dagar til ho får sjå den fabelaktige kjærasten sin att :-) [janneitrykken]
-
hadde ein draum i natt som innehaldt stikkorda «Twitter» og «Nynorsk mediesenter». Ein multi-mediadraum, faktisk. [janneitrykken]
-
Ny helg. Ny essay. Nytt lydinnlegg på bloggen: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/15/kulturskilnader/ [janneitrykken]
-
har blogga litt om uteliv: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/13/uni-night/ [janneitrykken]
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen


