reklame

Dagens bilete: Ordspel

1 juli 2009 | Kuriosa | Ingen kommentarer

benkeslitarar1Fototittel: Ordspel

Tid og stad: 20. april, 2008

Skildring: Eg elskar ordspel. Denne fiffige plakaten fann turkameraten min og eg då vi hadde funne fram til Brushytten. Skulle likt å hatt eit plagg med denne logoen. Det er vel forresten nesten obligatorisk, no då eg nesten kjem til å bu på Fløyen frå hausten av.
benkslitarar2

Tagger: , , ,

Heilt kongle!

22 august 2008 | Kuriosa | Ingen kommentarer

kongleriket

Sparebanken Sogn og Fjordane: Dyre, men lure.

Når ein no skal omtale fylkesbanken, kan ein kanskje slenge på adjektivet “dyrisk” òg. Banken har nemleg lansert eit nytt konsept. Eller kanskje ikkje så nytt, men i alle fall gjennomtenkt og annleis. Eg likar det når folka bak marknadsføringa glimtar til med humor. I mine auge er det i 90 prosent av tilfella humor som gjer at ein bit seg merke i ei reklame. Anten humor eller provokasjon. Sjølv om eg ikkje skal gå så mykje inn på akkurat den biten.

Fyrste gongen eg beit meg merke i reklamepåfunna til banken min var då dei nytta sine eigne folk på bileta. Ekstra artig var det då at dama til eine søskenbarnet mitt jobbar i banken, og på eit finurleg vis hadde klart å overtale resten av familien til å stille. Det er kanskje det næraste eg kjem å ha kjendisar i slekta?

konglekrabben kurt

Tagger: , ,

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University (Waurn Ponds-campuset), ein times køyring frå Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Gi meg ein lyd?
janne.sorgulen snabel-a gmail.com

Gravande journalistikk

Gæmlisinnlegg

Lifestream