Musikk
Uff, dansebandgruff
31 December 2008 | Kuriosa, Musikk | 10 Comments
Eksisterer det eigentleg noko anna sjanger med lågare terskel for at middelaldrande menneske kan plukke opp gitaren?
DET ER IKKJE ofte ein ser eller høyrer spesielt mykje til dei. Men melodiane, klisjeane og smørsangarane snik seg inn i livet ditt med jamne mellomrom. Slik som i bryllaupet til slektningar på 40 pluss, på danskebåten, frå ein stusseleg kassett spelt på bilstereoen til Onkel Paul, før filmen på bygdekinoen heimanfrå (det var først då du innsåg at reklameinnslag var å føretrekke). Eller som meg – på NRK1 etter å ha vore litt for lenge oppe.
DANSEBAND JUKEBOX. Musikken til middelalderfolk, pressa inn i eit fjortisfenomen. Sjølve straffa for å sitje inne på ein laurdagskveld, når du eigentleg burde ha vore på ein utestad og bomma på kortlesartastane. Ein viss daglegvarekjede reklamerer med at det enkle ofte er det beste, men dansebandmusikk er altså unntaket.
EIN KLASSISK DANSEBAND-HIT kan eigentleg minne om songheftet slektningar skreiv til deg i høve konfirmasjonen. Ein tekst full av noko ein i beste fall kan kalle nye ord, i verste fall naudrim, klistra på ein kjend melodi. Flaut for deg. Flaut for dei som har skrive songen. Slik er òg dansebandmusikk. Flaut for publikum. Flaut for dei som må synge diabetikarframkallande tekstar medan dei klimprar på kassegitar.
MEN I MOTSETNAD til konfirmasjonsheftet frå slektningane, har dansebandmusikarane hatt høve til å lage ein heilt ny melodi. Berre fantasien har sett grenser for korleis bakgrunnstonane skulle tilpassast teksten. Men likevel. Dei held så hardt fast i klisjear og naudrim at knokane deira vert kvite. Dansebandmusikk er på ein måte ikkje dansebandmusikk utan at refrenget er så kort og sjølvsagt at sjølv bestefar på grisefylla kan memorere det. Dess større grunn til å konkludere med at dansebandmusikk er flaut.
MANG EIN KJENDIS starta klatringa for å få einhøgare lønningsslipp ved å la fillene skli av framfor kamera. Slik at dei, når dei endeleg har klart å sikre seg meir enn dei vanlege 15 minutta i media, kan saksøke dødsboet ut av nakenfotografen som gjekk til Se og Hør. På same vis som lettkledde bilete kan vere starten på ei karriere, er dei unge utøverane innan dansebandsjangeren lokka inn i ulukka grunna stjerner i auga. Gnikking på gitar skulle få dei opp og fram her i livet.
NAKENFOTO PÅ AVVEG har du høyrt om. Men har du høyrt om kjendisar som livnærte seg på danseband i ungdomsåra? Nei. Fordi det fekk dei aldri vekk frå det triste livet deira. Resultatet for strevet kom berre i form av ei pinsam setning på CV-en. Dei einaste damene som vart tiltrekt til unggutane grunna melodiane, var så gamle at dei kunne ha vore mødrene deira. Og i den form det kan kallast ei ekstrainntekt, vart overskotet stukke bakom boxerstrikken.
DANSEBANDMUSIKK HAR LIKEVEL ein form for funksjon i musikkverda – og i den festlege verda. Den fyller tomrom. Anten i sendeskjemaet til statskanalen, eller i dei svarte hola som vart att etter for stort inntak av drikke importert frå Finland. Eimen på skjorta til Petter-Bjørn stammar i alle fall meir frå øl-skvulp enn frå trinn på parketten. Tomrom av musikarar som var villege til å spele på bygdefesten kan òg ha vore forklaringa på at naboen plutseleg plukka opp gitaren. Hovudmotivasjonen hans for å spele på dugnad kom av at han hadde kassegitar og rimordbok liggande klar heime.
Musikkbloggen Knirkefritt
10 February 2008 | Blogging, Musikk | 4 Comments
Knirkefritt. Musikkbloggen Knirkefritt.
Ei stykk Janne hadde ein stykk blogg via “Janne i trykken“. Ei stykk Janne brukte bloggen sin til å skrive personlege tekstar, ispedd nokre lange lister med songar lesarane burde høyre. Etterkvart fant ho såpass mange nye perler, at eit innlegg i månaden strengt tatt ikkje vart nok. Det heile resulterte i denne bloggen: Knirkefritt. For når ting går knirkefritt, har ein ikkje mykje på klage på. Det er beint fram bra. Når ein då døyper ein musikkblogg til “Knirkefritt“, kan du fullføre tankeprosseen om kva eg har sett føre meg om dette bloggprosjektet.
Eg er ikkje glad i å tigge til meg omtale. Men eg håpar at folk etterkvart som dei finn ut at dei kanskje likar det eg syslar med her inne, sponsar meg med ein liten lenk på bloggen sin. Eventuelt tipsar andre om sida. Per no er den totalt ukjend.
Frå ein blogg til ein annan
6 February 2008 | Blogging, Musikk | 22 Comments
I går tok eg avgjersla om organdonasjon. I dag tek eg avgjersla om opprette ein musikkblogg.
Hæ?
Ja. Du las rett. Eg har ikkje spekulert så altfor lenge på det, men å fikle med ein anna blogg kostar ingenting frå eller til. Eg tenkjer at det får briste eller bere.
Men.. kvifor?
Over tid har eg publisert musikk-innlegg på ei eiga side på “janne i trykken”. I starten var eg i tvil om eg i heiletatt skulle gjere dette, sidan eg har fått så lite respons på kva folk synst om opplegget. Men etterkvart har eg fått forståinga av at folk set pris på å få innspel til kva dei kan putte i musikksamlinga si.
Kan du ikkje berre halde fram her, på denne bloggen?
Jau, sjølvsagt. Men no vil eg prøve, og sjå. Eg trur at eg med ein reindyrka musikkblogg vil få høve til å publisere meir jamleg. Slik det er no, tenkjer eg som så at eg ikkje skal “plage” lesarane på bloggen med å publisere for mykje musikk. Eine og åleine fordi nokon les bloggen min grunna dei personlege tekstane – andre les det for å få musikktips. Det heile endar med at eg publiserer musikk berre rundt ein gong om månaden, fordi eg då samlar opp rundt 10-20 songar. Og for dei som berre les dei personlege tekstane mine – no slepp jo de å akke dykk over dei gongane det er oppdatering, men berre med musikk.
Korleis?
Eg har enno ikkje oppretta ein eigen blogg. No er det berre ei rein “annonsering” på at det kjem. Men den kjem til å kome her, på bloggs.be. Eg håpar på å kunne lage noko som liknar på Indiebloggen (som eg har hatt mykje glede av, men som no diverre er nedlagd på ubestemt tid/for godt), der ein introduserer artistar, og vekslar mellom omtale og YouTube-videoar.
Då det vart kjend i lokalavisene at Foo Fighters skulle ha konsert i Bergen denne sommaren, lærte eg at vokalisten stammar i frå Nirvana. Det er ei fadese at eg ikkje har visst det tidlegare. Men så har eg aldri heller vore spesielt flink til å få med meg bakgrunnshistoriane til musikken eg høyrer på. Med dette bloggprosjektet, håpar og trur eg at eg sjølv skal lære noko. Og i same slengen, kanskje, lære lesarane mine noko? Høvet er i alle fall til stades.
Kva slags musikk?
Den musikken eg likar, og trur at andre òg kan ha glede av å plassere i samlinga si. De som har klikka dykk innom “Trudeluttarkiv” eller “Ny musikk ?” veit kva det går i. Hovudsakleg ei blanding av rock, indie og alternativ musikk. Og ein sjeldan, sjeldan gong noko som liknar på pop.
Ok. Når kjem dette til å skje?
Eg held dykk oppdatert gjennom denne bloggen. Vonar eg får oppretta bloggen innan denne veka.
Som bartemannen i VG-reklama seier: Ke du trur?
Respons på blogg-nyhenda mi vert sett utruleg, utruleg mykje pris på. Kom gjerne med tips til kva eg bør eller ikkje bør gjere, eller kva de har likt utav dei musikk-innlegga eg har hatt til no.
Eg har allereie eit namn på bloggen i hovudet, men om de har eit genialt forslag må de gjerne kome med det/dei!
Musiskalsk forelsking
2 February 2008 | Musikk, Tekstmelding | No Comments
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Å! Neste musikkinnlegg vert metta av eit fantastisk band!
Eg har vorte musikalsk forelska (igjen). Eg gjev dykk fem minutt med mine nye yndlingar, svenske The Perishers. Oppdaga karane under ei av desse iLike-øktene mine.
Psst!
21 January 2008 | Musikk | 4 Comments
No ligg det januarmusikk under “Ny musikk ?“.
Kos deg.
- Janne
Dagdrøyming
12 June 2007 | Musikk | No Comments
Nokre gongar sit du heilt fortrylla. Av eit bilete. Ein person. Ein song. Ein film eller eit videoklypp.
Du gløymer det som er rundt deg. Berre for ein augneblink. Haugar av papir er ikkje anna enn haugar av papir: Nett no får dei heller berre vente ei lita stund til. For dette. Akkurat dette må berre nytast til det fulle. Kriblinga etter å ha sett ein spanande film på kino, eller frysningane du får nedetter ryggen. Kjenner du att denne kjensla?
Det er det dette klyppet er for meg i dag: Sia – Breathe Me.
(Red: Sidan den finaste videoen er live – og ikkje lar seg spele av på bloggen min, må du gjerne gå inn på YouYube og sjå den her.)
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Sjølvpining i marsjtakt
16 May 2007 | Musikk, Personleg | No Comments
Det slår ikkje feil. Kvar bidige grunnlovsdag lirar dei vaksne av seg den eine slitte frasa etter den andre.
– Kva skulle vi gjort utan korpset?
– Det er fantastisk at de engasjerer dykk slik!
– Hadde nok ikkje vore det same utan.
Sjølvsagt hadde det ikkje vore det same. Drilljenter, trommegutar og faneberarar. Det hadde vore tynt i rekkene om dei ikkje stilte i barne- og folketoget. ”Men det er jo alltids nokon raringar som spelar i korps”, tenkte eg. ”Alltid”.
Personleg forsto eg ikkje korleis dei meistra kunststykket: Å i det heile overleve 17. mai. Opp nesten før salutten har vorte avfyrt, før folk har gnikka ut sovegøsje frå augekroken og NRK-reportarane har fått vist seg i si lokale folkedrakt. Opp på beina – berre nokre minutt etter at russen har tatt den vanlege herjerunda utstyrt med tønner, kjeppar, lurar og fløyter. Ikkje berre skal du tidleg opp, herme etter trampetakta til resten av bølingen og smile lekkert til frammøtte pølse- og isetarar. Du må gjer det samtidig som du slepar med deg eit instrument som sannsynlegvis er såpass ihel-gnikka at kråker (eller skjorer?) gjerne skulle sett seg på toppen av utblåsaren.
Medan sidekvinna di berre treng ei hand på pinglekornetten, held dei klamme hendene dine på ein enorm tuba. Ompa-ompa-ompa. Eg forstår ikkje kvifor dei utset seg for denne torturen kvar grunnlovsdag. For ikkje å snakke om at dei resten av året må øve til denne blafrande flagg- og hurra-dagen.
Eg var nedlessa med fleire kilo fargerikt bunadstøy og ei dekorert bringe av sølv, trumfar føtene ned i dei svarte skoa. Eg feira dagen saman med familien til ekskjærasten, og vi skulle i folketoget. Ettersom vi ikkje fekk med oss oppstarten, snik vi oss inn i rekkene på halvvegen. Men eg stussar. Det er noko som ikkje er som det skal. Eg stikk hovudet ut i frå rekkene og kikkar fram. I front ledar ein mann med kasettspelar an (oi, rim!).
Eg hadde kome til ei bygd der sjølvpinarar var mangelvare.
Framtidige nasjonaldagar må ungjyplingar høyre meg halde tradisjonen i hevd:
– Uff, nei. Det hadde ikkje vore det same utan.
For iTunes-frelste
13 May 2007 | Musikk | 3 Comments
Eit trykk, og du er hekta. Om ikkje nødvendigvis på min musikk, så på tipsa i frå vener eller folk med lik musikksmak. Gwaad. Eg kjem aldri til å kome meg av nettet.
Som eg skriv på det så altfor vanedannde nettverket Facebook:
No har du gjort det Line. Akkurat som om eg ikkje var nok okkupert med Facebook og bloggen – her er iLike. Nettradioen last.fm som eg har brukt den siste tida kan, enkelt og greitt, gå og legge seg. Eg elskar alt som kan integrerast med iTunes – og denne lekre saken leitar fram ny musikk til meg. Kanskje vert folk litt flinkare til å tipse meg om ny musikk. Berre kanskje.
Line har forresten bursdag i dag. Gratulerer! (red: ..eller 15. mai, ja. Eg vart litt overivrig).
Dette er eit voldsomt hint til blant anna Sissel, Anne Britt, Kristin, Sigrun og Ole Mattis om å teste ut iLike og legge meg til som venn. Hint, hint.
Tre små kinesere – Matbit
14 April 2007 | Kuriosa, Musikk | No Comments
På vei te kjøkkenet og en matbit da æ så
En liten lappe med et telefonnummer på
Og et navn, et guttenavn
Det va skrevve med ei vanlig kulepenn
(Bic og Ballograf, Bic, Ballograf e vanlig penn)
Men skrifta va itj vanlig, den va di min venn!
Ka skull æ tru
Æ vart sjalu
Æ vart sjalu, ja æ vart temmelig redd
For æ trudd du hadd nå hemmelig på gang
Va det en lapp æ helst itj skulla sje
Med navnet på den fyren du bedrar mæ med
På den fyren du bedrar mæ med
Snudd alt på hodet, bona fjæset, barbert gulv
(Tapetsere taket, takke tapetsereren pent)
Æ villa dø men æ va sulten som en ulv
Æ tænkt på hat
Æ tænkt på mat
Æ va på knæærn, æ va temmelig sint
Æ tok av røret fylt av svært vemmelig trang
Så slo æ nummeret og kæm snakka æ med?
Det va jo bare bror din, hei der kan du sje
Det va bror din æ snakka med
Du finn mæ i kjøleskapet
Sammen med melk og ost
Paprika, sitron og servelat
Grønn agurk og rød tomat
Grønn agurk og rød tomat
Det er berre eit prinsipp eg har..
31 March 2007 | Kuriosa | 1 Comment
Ekkel Hotell Cæsar-mann: Det skal ikkje meir til enn ein Jens August for å øydelegge nattesvevnen min..
Oftare og oftare høyrer eg meg sjølv seie ”det er berre eit prinsipp”. Ikkje alle har ei like god grunngjeving, men har på eit eller anna tidspunkt dukka opp som små levereglar.
Det er fyrst når eg samlar alle prinsippa mine eg eigentleg vert klar over kor mange prinsipp eg har. Mange av dei inneheld ord som ”eg skal aldri”, eg gjer ikkje ditten og datten, men det skal til forveksling ikkje samanliknast med jantelova. Trur det berre har med at det er enklare å setje ord på kva ein mislikar
Å skrive ei 17-punkts-liste over ting ein likar vert med ein gong mykje vanskelegare. Eg trur eg let det ligge til jul.
1. Eg veddar aldri,
spesielt ikkje når det er pengar inne i biletet. Tenk på alle dei pengane eg sparar (: Skulle jo ha vore millionær snart..
2. Eg spelar ikkje på pengeautomatar,
må i så tilfelle vere andre sine pengar eg dyttar inni maskina. Mine eigne ligg godt gøymt i lommeboka.. (;
3. Folk eg skuldar pengar skal eg betale attende
– om eg ikkje gjer det, har eg sannsynlegvis gløymd det, og kjem til å få kjempedårleg samvit om eg vert klar over at eg ikkje har betalt vedkomande.
4. Eg er aldri ute på byen to kveldar på rad.
No har eg aldri vore eit valdsamt festmenneske, men to utekveldar på rad er berre.. slitsamt (: Dessutan ein skummelt effektiv måte å kvitte seg med pengar på, utan å vere klar over det sjølv.
5. Eg drikk ikkje brus på kvardagar,
- med unntak av særskilde høve. Dette prinsippet har vel eigentleg berre med det å vere nokonlunde sunn. I den siste tida har eg nærast ikkje drukke brus heller. Når eg då endeleg tar meg ein sup av sukkerdrikkane, kjenner eg sukkeret utruleg godt. Vert nesten litt for mykje.
6. Eg skriv ikkje bokmål
med mindre det er ein veldig god grunn til det, noko som det sjeldan er. Døme på unntak eg kan gjere er når klassen har trivselsundersøking, og ein gjerne vil halde seg anonym. Då er det ikkje ein genistrek å skrive nynorsk, med tanke på at berre du og ei anna skrive nynorsk. Nynorsk-prinsippet har ingenting med at eg ikkje kan skrive bokmål. Eg har hatt like gode karakterar i begge målføre heile vegen, og det er eg kry som fy over. For å sei det enkelt: nynorsk er hjartespråket mitt, og ein stor del av den eg er (: Om eg skulle ha skrive noko anna, kunne eg like gjerne ha skrive spansk. Bokmål ikkje er mitt språk. For dei som er interessert kan eg gjerne fortelje kva som gjor utslaget for at eg valde nynorsk. Berre å skrive ein kommentar til dette innlegget. Skal nemleg ikkje keie folk i det uendelege med nynorskpratet mitt, med mindre nokon er interessert.
7. Eg skal ikkje sjå ein einaste heil episode med Hotell Cæsar i heile mitt liv.
Det har framleis gått bra, men det har vore nære på enkelte gongar. Det florerar diverre av folk som ser på dette skvipet
Reklamane for programmet er nok til myste nattesvevnen sin av.
8. Eg drikk aldri kaffi. Iskaffi og iste
..kjem heller ikkje gjennom nålauge. Vanleg te drikk eg, men drikk det berre om betre alternativ manglar. For det fyrste smakar kaffi heilt utruleg grufullt. Eg klarar faktisk ikkje meir enn ein litan slurk.
9. Eg kan ikkje gje frå meg eit kort der det berre står ”Gratulerer”,
”God jul og godt nyttår” og så bortetter. Det er berre så sinnsjukt keisamt! Alle kort med mitt namn påskrive skal vere skrive til den kortet er til, og såleis verte meir personleg. Sjølv set eg i alle fall meir pris på slike kort.
10. Eg drikk ikkje Coca Cola.
På vidaregåande hadde vi eit eksperiment der vi putta eit lita skål med Cola i eit varmeskåp. Då vi tok den ut att låg berre sukkeret att. Eg hadde allereie vore fleire år utan Cola før dette, men det forbetra ikkje synet mitt på Cola akkurat
Likar eigentleg ikkje nokon produkt som inneheld avhengighetsskapande tilsetjingsstoff. Det einaste som er verre enn Cola sjølv er liksom-Cola-produkt. Kan nemne at dei som til vanleg drakk brusen då eksperimentet vart gjennomført, kutta ut brusen dei óg. …i eit par veker (; Colaslavar!
11. Røyking og snusing har aldri vore, og er framleis ikkje aktuelt å prøve.
Pengesløseri og unaudsamt – kva positivt er det eigentleg med det? Sunt er det i alle fall ikkje. Dessutan er det berre idioti å byrje med slikt når ein har klart å la vere til ein har fylt 20 år. Eg har gitt opp å prøve å omvende andre, men har ingenting i mot å fortelje kva eg personleg synst om det.
12. Eg gjev ikkje pengar til organisasjonar, gatemusikantar eller narkomane.
Har heller tenkt å velje ut ein organisasjon eller to eg skal støtte når ikkje lenger er student, og har ein meir stabil økonomi.
13. Store bokstavar og punktum
..når det kjem til kommunikasjon på internett, er eit krav. Treng ikkje alltid å skrive heilt ”korrekt”. Ein kan gjerne skrive dialekt, men då til folk som ikkje har vanskar med å tyde det. Nyttar i hovudsak ikkje forkortingar. I motsetnad til mobilmeldingar der ein betalar for kvar delmelding, slepp ein dette på nettet. Dimed treng ein ikkje å spare på bokstavane (: Forkortingar er berre forsvarleg om ein nyttar same ordet veldig ofte, til dømes i annonsar eller i sms-ar.
14. Voldtekt av utropsteikn
..er når ein overdriv bruken av teiknet. Min regel er at eg ikkje nyttar det med mindre eg skal understreke noko, og då aldri meir enn eitt. Overdriving av dette assosierar eg med skriking, masing og fjortissar.
15. Eg et ikkje Grandiosa
Eg har hevda eg aldri har ete Grandiosa. For å vere klinkande ærleg kan det hende eg har gjort det, men det er i så tilfelle så utruleg lenge sidan at eg ikkje har sjans til å hugse det. Hugsar heller ikkje på kva tidspunkt dette prinsippet dukka opp. Det har vel mest med at Grandiosa vert sett på som ”studentretten over alle rettar”. Og.. pizzaen ser jo rett og slett stusseleg ut! I tillegg vert det oftast heimelaga pizza om eg får avgjere (: Dei få gongane det vert kjøpepizza, er det i alle høve BigOne eller Favoritt som vert plukka opp frå frysedisken. Forresten lagar mamma verdas beste pizza
Veit, veit. Alle seier det, men eg meinar det.
16. Lerum og Olden er favorittane her i garden,
sidan begge produsentane held til i Sogn og Fjordane. Dessutan synst eg det er på tide at Olden byrjar å reklamere på nynorsk. Lerum har vorte flinke til det i den seinare tid, men kvifor ikkje Olden som kjem i frå Stryn? Eigentleg følar eg på meg at eg burde hatt Solo som favorittbrus, berre fordi det er den einaste norske brusen som ikkje er med i Coca Cola Company. At pubar, restaurantar og så bortetter ikkje sel solo grunna avtalar med CCC, er kritikkverdig.
17. Nokre artistar har eg berre lagt for hat..
Michael Jackson, Sondre Lerche, Hanson, dei-ketchup-damene, Sandra Lyng Haugen, Mariah Carey, Marion ”Raven”, Björk, Katie Melua(?),
Tidlegare hadde eg eit prinsipp om at eg ikkje skulle ete noko som levde i sjøen, sjømat har eigentleg aldri vore heilt ”mi greie”. Men! Eg åt fisk som ikkje såg ut som fisk, og ikkje hadde bein i seg. Slik som fiskebollar, fiskepinnar osb. No har eg derimot avgjort at: det eg ikkje hugsar korleis smakar, skal eg prøve på nytt. Om eg ikkje likar det, skal eg hate det ei laang stund framover. Så kan eg heller prøve det igjen når eg har gløymt kor ekkelt det faktisk smakte. Og er det etande? Ja, så var det ikkje så dumt at eg prøvesmakte likavel (:
For endå lenger sidan, hadde eg eit prinsipp om å aldri skaffe meg mobiltelefon. Jeddah. Det varte i alle fall til eg vart.. 14 år? Trur dessutan foreldra mine hadde vorte litt frustrerte om eg reiste til Florø og Bergen utan telefon (: Forresten kan eg nærast ikkje sjå for meg å bu i by utan telekommunikasjon. Tenkjer på alle dei gongane eg har hatt avtalar om ditten og datten, og eitkvart har gått på tverke.
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- ithil on Jirrahlinga Sanctuary
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen


