litteratur

Dykk i nynorsk litteratur

28 November 2008 | Leselektyre, Språk | 5 Comments

bøkeEndeleg! Ein netthandel full av nydelege ord er no ein realitet.

Kvardagen for ein nynorskbrukar kan vere hard. Vi brukar retteprogram som knapt vil godkjenne orda våre. Vi vert pressa til å skrive ord som skil seg unaturleg mykje frå det vi faktisk seier. Og det er vanskeleg å få tak i bøker med folk som har liknande problem.

Heldigvis går ting framover. Den første kinofilmen med nynorsk teksting har vorte ein realitet. Private skular som Norges Kreative Fagskole opnar for eksamen på nynorsk (når ein har masa om det tre gonger på rad). Og no opnar nettstaden som gir nynorsk litteratur eit ekstra puff opp og fram i rampelyset.

Ei lita verksemd med namnet “Bokdykk.no” har gått frå idé til realitet, og er no ein netthandel med hovudvekt på nynorske utgjevingar. Kjekt er det òg å kunne banke seg på brystet og sei at Bokdykk har hovudkontor i Florø.

I samband med opninga, rullar det ein konkurranse om å skrive den beste 6-ordsnovella. Vinnaren får 1 000 kroner som dei kan bruke på netthandelen. Verd å prøve seg.

Uansett: Book dykk opp med bokdykk.no.

Tagger: , , ,

Rangleri, ranglera

7 January 2008 | Leselektyre | 1 Comment

jaokobsandeMed lang ferie, vert det òg lange netter. Og med lange netter, vert det lange soveøkter.

Men etterkvart sig kvardagen på att. Ein må gnikke soverusk ut av augekroken. Ein må stille vekkerklokka. Ein må hoppe ut frå under dyna, sjølv om det absolutt er best å ligge under det varme dun-lokket. Kvar dag og kvar veke vert ein ny start. Ei ny veke. Nokre av oss plar markere starten på det nye året med nyårsløfte. Når dei då vert brotne, kanskje ikkje den første, kanskje ikkje den andre månaden. Men når dei vert brotne, er det greitt å trøyste seg med at det har vore andre før oss som har feila.

Det nye året er eigentleg eit fin-fint høve til å puste støv av gamle klassikarar. Spesielt sidan mannen òg er lokal. Geniale diktarmannen frå Dale.

ETTER EN RANGEL
av Jakob Sande

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
trur eg.
Eg skal aldri skråla visor meir i laddevinsrus,
men syngja åndelege songar på Zidons bedehus,
trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som berre fan,
trur eg,
og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kapellan,
trur eg.
Eg skal sitja som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffi medan drøset går um åndelege ting,
trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lid til høgste natt,
trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
trur eg.
Eg skal leggja meg når grisen går til kvila i sitt bol,
og stå up når hanen flaksar og gjel i morgonsol,
trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrgja på den gode veg, som sagt,
trur eg,
taka striden upp mot kjøtet og den heile djevlesmakt,
trur eg.
Men idag lyt det få vera, for eg er så spøkje tyrst
at eg mest må ha eit ølkrus til å læske meg på fyrst,
trur eg.

Tagger: , , , ,

Reklame

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University nær Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Søk

Gæmlisinnlegg