kulturredaktør
Men eg var ikkje død
23 August 2009 | Personleg | 5 Comments
Berre utruleg opptatt.
Eg er offisielt kulturredaktør i Noregs nest største studentavis. (Eg må eigentleg sei det eit par gongar til meg sjølv, før det eigentleg går opp for meg). Jobben gjer at stumpen sit i mange timar framfor datamaskina, at eg skvaldrar med kulturjournalistar og snakkar mykje i telefon. Dette medfører til mindre datamani på fritida. Og i neste rekkje: Mindre blogging. Eg hadde eigentleg ikkje venta noko anna.
Men la oss ta ei oppdatering i kjappe trekk:
EG BUR
- opp nokre voldsomt bratte bakkar. Etter dette året kjem eg til å ha endå kraftigare leggar. Hurra!
- saman med to gutar. Dei er ikkje berre flinke til å leggje ned dolokket, men òg til vere snille, ryddige, greie og alt det som høyrer med.
EG …
- gjer tidvis frykteleg mykje. Men i alle fall meir enn eg vanlegvis har gjort. Mest jobb.
- freister å rekruttere nye skribentar innan søknadsfristen vår, måndag 24. august. Kjenner du nokon skrivedyktige skribentar? Spre ordet?
EG HAR
- overlevd den første Studvest-utgåva. Og det sjølv om faktisk ingen kulturjournalistar dukka opp på første redaksjonsmøte.
- til saman over 30 utgåver att i denne avisa. Og eg gler meg!
- vore på Coldplay-konsert. Det var fantastisk! Kvifor har ikkje fleire artistar kanonar som sprer fargerike papirsommarfuglar i vinden? Og ikkje minst: Kvifor delar ikkje fleire artistar ut gratis plate til publikum når dei går ut av konsertlokalet? (Noko seier meg at økonomien kjem inn i biletet her).
Slutt / start
8 May 2009 | Journalistikk, Personleg | No Comments
Seint, seint måndagsnatt tusja eg ut den siste saka for Fjord1-magasinet.
Den gule fargen sette ein sluttstrek for arbeidet i denne omgangen. Ferdig etter totalt tre veker med herjing med mobiltelefon og over tastatur. Og då eg skulle summere betalinga for alt arbeidet, kunne eg lett hente fram smilet. Summa summarum tilsvarar nemleg arbeidet ei månadsløn. Og ingenting er jo betre enn det! (Eller, ok. Ein million i Lotto hadde jo vore betre. Men ettersom eg ikkje spelar Lotto, er det ikkje så veldig sannsynleg for at eg vinn heller.)
Allereie dagen etter at det vart stadfesta at eg fekk redaktørjobben i Studvest byrja opplæringa. Det kriblar i magen! Så grådig! Eg har som smått fått innføring i korleis ein skaffar plater, bøker og liknande. Korleis ein finn fram pressebilete. Kor ein gjerne leiter etter saker. Korleis ein skriv saksliste. Redigering av tekstar.
Og notisskriving. Den observante Studvest-lesar kunne med andre ord oppdage dei første nynorske notisane i avisa sidan … 2004/2005? Hurra! Frå hausten vert det nynorske kultursider. I alle fall notisar. Og leiar. Og dei sakene som eg må skrive når ingen av journalistane mine forstår sitt eige beste og avlastar meg med å skrive dei sakene eg deler ut.
Elles:
- svelgen.no, klypp-og-lim-nettstaden til Svelgen, har klistra namnet mitt opp på framsida. Og eg merkar at det gjer meg litt flau. Men eg skal kanskje vere glad for at eg gir svelgarane noko å diskutere når dei treffast på Coop.
Berre sjå her, eller på Studvest sine sider:

Er det no eg skal vedkjenne at eg faktisk har kladda den same meldinga før eg fekk jobben.. ? Ja. Eg hadde veldig lyst på jobben. Og eg har enno ikkje landa etter eg fekk han.
- eg gler meg som ein tulling til sommaravslutninga med Studvest. Sjølv om det òg vert litt trist å sei ha det til fotoredaktør og kulturredaktør.
- Eg har gitt kollektivet over i andre hender. Gutehender, faktisk. Og han eine kisen var igrunn såpass sjarmerande at eg kunne tenkt meg å sett han att. (Nei, mamma. Eg har ikkje tenkt å vere så freidig at eg spør. Eg er då profesjonell. Makan.)
Minner meg på at eg, etter at han har signert kontrakta, skal fortelje han korleis skråtaket på ‘toan gjer at karar må
A) sette seg ned når dei skal kvitte seg med gul væske, eller
B) bøye ryggen litt bakover
Slik sett kan vi vel konkludere med at dette eigentleg er eit jentekollektiv. Dei kjem nok til å skalle hovudet i taket når dei skal bruke oppvaskmaskina òg. Akk, ja. Men sett opp i mot dei noverande narkomane naboane som dei har – burde vel ikkje dette vere ein altfor dum bu-lagnad?
Med nynorsk på rette staden
3 May 2009 | Kuriosa | No Comments
NYHENDE: Onsdag vart det kjend at nynorskbrukaren Janne skal sitje i redaktørstolen i Studvest frå hausten av.
— Eg er så glad at eg ikkje veit kvar eg skal gjere av meg, seier den påtroppande redaktøren.
I over eit år har ho sikla etter å vere sjef for 15 journalistar, og no vert draumen endeleg realisert. I same handvending vert ho den første jentekulturredaktøren på omlag fem år. Og minst like lenge er det sidan det sist var ein nynorskredaktør i studentavisa. Det derimot ikkje så mange veit, er at ho har ukjende planar i ermet.
— Eg tek sjølvsagt sikte på å innføre nynorsk standardspråk på kultursidene, ettersom kultur og nynorsk er to ting som høyrer saman, ropar ho ut
Det er hennar første dag på jobb. Kontorlandskapet er kjend, men rolla hennar er ny. I staden for å få tildelt oppgåver, er det ho som deler dei ut.
— Eit kvart menneske som bryr seg om kultur må lære seg kor viktig rolle nynorsk har, seier ho.
— Kva meiner du? undrar vi.
— Eg er redd for at om skribentane ikkje møter nynorsk i studentavisa, heller ikkje kjem til å måtte bruke nynorsk som bruksspråk andre stadar. Eg ser difor på det som mi borgarplikt å lære dei om etterdønningane frå Aasen si rundreise, forklarar ho.
Nokon har høyrt ho, og stikk hovudet ut frå kontoret sitt. Ansvarleg redaktør hentar fram den strengaste strengestemma.
— Du.. kom inn på kontoret litt. Vi bør ta ein prat, seier sjefsredaktøren.
Intervjuet vårt vert avbrote, og vi kan berre spekulere i kva som vert diskutert på kontoret. Får ho gjennomslag for idéen? Vil det kome nok nynorskskribentar til at ho kan gjennomføre planane. Må ho starte nynorskkurs for journalistane ved semesterstart?
Janne i trykken kjem tilbake med meir.
Reklame
Bloggen og eg
Innspel
- Janne on Oppdatering frå redaktørstolen
- Rune on Oppdatering frå redaktørstolen
- Janne i trykken on På trykk i BT-magasinet
- Storesøs on På trykk i BT-magasinet
- janne on På trykk i BT-magasinet
- Storesøs on På trykk i BT-magasinet
- Ingvild Telle on Men eg var ikkje død
- Janne 2 on Men eg var ikkje død
- Hanne on Men eg var ikkje død
- janne on Men eg var ikkje død