Journalistikk

Journalistar – ein gjeng sladrekjerringar?

30 June 2009 | Journalistikk, Personleg | No Comments

I skuggen av meg sjølvMASSEMEDIA: Med beina dytta innanfor døra i mediebransjen, får eg hjelp av menneska rundt meg til å stå tryggare innanfor journalistikken.

Foto: Privat

SJØLV OM MANGE av dagane som yrkesskribent i sommarvarmen har ført til ein del overtid, seinast i dag, kjennes ikkje arbeidsdagane spesielt lange. Tida flyg når ein telefonerar, noterer, køyrer og spekulerer. Ei ny avis har gitt, og gir meg framleis i over ein månad framover, nye erfaringar. Som journalist og menneske.

EIN NY ARBEIDSPLASS gjer at eg reflekterer meir over kva eg likar, og ikkje likar, ved å vere journalist. Mest det første. Journalistikk kretsar rundt noko som skil seg ut frå det vanlege. Det ein ikkje ventar. Ting som engasjerer, provoserer og gledar. Eg har gjort min andel av tekstar som omhandlar små ungar som dansar, syng og spelar teater. Gladsakene er viktige på sitt vis, men siste året har eg innsett at det er sakene som eg eigentleg ikkje ville ha, har gjort meg mest stolt i etterkant. Utfordringa og arbeidet ein har lagt ned i saka gjer vinsten større.

Firda-framsideNETTOPP SLIK FUNGERTE hovudoppslaget mitt om ei planlagd kraftlinje gjennom Vettreiene bustadfelt i Førde kommune. Fleire grender var provosert over å få delar av gigantlinja Ørskog-Fardal tett innpå seg, og freista å påverke politikarane gjennom media. Dagen før kommunestyremøtet kom framsida med naboen som potensielt skulle få linja 115 meter frå det nybygde huset sitt. To dagar seinare kunne eg ringje ordføraren og høyre at kommunen hadde snudd i saka. Det kjendes godt – og vart endå betre då opplevinga vart toppa med ei takke-tekstmelding frå ein av innbyggjarane dagen etterpå eg skreiv at politikarane hadde endra standpunkt.

JOURNALISTAR SOM TIDVIS har oppheita diskusjonar rundt bildebruk, vinkling og titlar gjer at eg freister å tenkje meir gjennom det arbeidet eg gjer. Og kva rolle lokalavisa har for folk. Sjølvsagt har eg òg gjort det før – men no i endå større grad. Eg har i større grad erfart det eg trudde – at det er ei større utfordring å skrive korte informasjonsmette tekstar, framfor lange der du ikkje treng å gjere dei store grepa om teksten. I sistnemnde døme vert ein i større grad ein referent. Ofte synonymt med eit slappare journalistisk arbeid. Ikkje i reportasje-sjangeren, sjølvsagt. Men på nyhendeartiklar er kort og godt den beste tommelfingelregelen.

SJØLV OM DEN andre ferske sommarvikaren er yngre enn meg og med mindre erfaring, gjer ho ein knallgod jobb, og minner meg om den iveren og stoltheita ein har heilt i byrjinga over å køyre rundt i journalistbil og over å få namnet sitt på trykk.

EIN ANNAN SOMMARVIKAR som har trakka ned to av dei lokale avishusa sidan han var 15 år kom med eit godt sitat. «Når eg er ute på ein ulukkesstad, kjenner eg meg som ein gribb. Men eg må tenkje at eg er der for lesarane sin del. At dei har eit informasjonsbehov.» Han fekk meg til å tenkje over korleis journalistikken i si tid må ha oppstått

LA OSS SAMANLIKNE journalisten si rolle med ei sladrekjerring, før vi korrigerer det til eit meir nyansert bilete att. I eit lite samfunn er det
* folk irriterer seg over naboen, utan at der kjem ei løysing på saka
* nokon som kviskrar om at ein epedemi er på veg – utan heilt å vete kva det er
* ein einstøing som gjerne brukar kikkerten sin flittig, men har ikkje eit sosialt nettverk til å få med seg anna enn det synet viser han

IKKJE RART FOLK omfamnar – og hatar – journalistar. I staden for at folk skal ofre kaloriar for å finne ut av problem og informasjonsmangel sjølv, tar vi på oss oppgåva for dei. I tillegg er det så mange som les sladrekjerringa i papirformat, slik at har ein først drite på draget, kan du vere viss på at heile bygda får vete det. Og der kom òg forklaringa på kvifor somme hatar oss. Ein kan som sagt ikkje gjere alle til lags.

VI KAN NOK konkludere med at journalistar er ei sladrekjerring med modifikasjonar. Vi vidareformidlar ikkje ting vi trur er sant. (Men det er sjølvsagt alltid ein og annan som trakkar feil.) Vi ringjer, oppsøkjer og sjekkar ut ting. Får det stadfesta, eller avkrefta. Set det på trykk. Følgjer opp saker, tidlegare utsegn frå politikarar, gangen i byggesaker, det ureine drikkevatnet, eller det dårlege innemiljøet på skulen. Resultatet er at både innbyggjarane og journalistane lærer meir om det rundt seg.

EG ANGRAR VERKEN på yrkesvalet eller tatoveringa mi. Og alle desse erfaringane og refleksjonane pakkar eg i ryggsekken når eg går inn i rolla som kulturredaktør i Studvest til hausten.

Tagger: ,

Nett no: Firda

18 June 2009 | Journalistikk, Personleg | No Comments

Bilde 4SOMMARJOBB: Eg er på plass i Førde. Trivst. Men mitt sosiale liv er gravlagd.

Kanskje fordi eg ser så skeptisk ut første arbeidsdag? Bilete viser eit middels konsentrert uttrykk som landar i andletet mitt idet fotojournalisten i Firda gir meg og den andre ferskingen eit lynkurs. Sjølvsagt skal lærdomen illustrerast med å ta snikfotografi av elevane.

Men frå hummar til humle: Førde-hybelen min har ikkje bakaromn! I sommar vert det med andre ord mykje wok, pannekaker og.. ja. Alt som eigentleg ikkje skal inn i omnen. Lite baking òg, kan du sei. Difor reiser eg i morgon heimover for å ete pizza. Og for å sjå folk utanom arbeidstid, sjølvsagt.

Hugs å sjekke Trykksverta mi for å sjå kor produktiv eg er no i sommar.

Tagger: , ,

Slår krøll på kroppen

10 October 2008 | Journalistikk, Personleg | 2 Comments

    Bilde 4

Meg nett no: Kry som fy!

Eg sit og skriblar på ein Mac i eit redaksjonslokale i Indre Arna. Ein skalla og smilande journalist kjem og legg ei utskrift framfor meg. Den siste korrekturlesinga og augesveipinga før vi seier OK og sender artikkelen til trykk. Min reaksjon:

— Lekkert! Dette er jo absolutt nydeleg.

Sjølv om eg ikkje har fortenesta for sideoppsettet (på anglo-sk: designen), så er eg ganske så kry. Det er trass alt eg som har trykt ned avløysarknappen for å få fram desse bileta. Det er trass alt eg som har skrive teksten. Og igjen: Sjølv om eg ikkje har designa sida, så vart eg litt kry då redaktøren meinte at mi dobbeltside med yoga-reportasje kunne vere eit verdig bidrag til ein aviskonkurranse. Det hadde vore noko, det.

Ettersom eg førre helg trakka att og fram på Landbruksdagane på Osterøy, har eg i dag hatt fri. Eg nytta difor høvet til å ta turen innom min lokale optikar for å sjekke synet. Etter gamalt. Midt under undersøkjinga fekk eg sjå eit bilete av meg sjølv eg mest aldri kjem til å sjå att: Innsida av auga, med blodårer og alt det som høyrer med.

— Jag skal ta det bort, om du tycker det är ekligt, seier augekikkaren i svar til reaksjonen min.

Det var kanskje ikkje så ekkelt. Men.. rart. Og ja. Eg kom endeleg så langt at eg faktisk fekk ordna ei tinging på briller. Tok meg berre eit par år å få ut fingeren. Meldinga har dei jo gitt meg kvar gong eg har vore innom til kontroll: Det er best å avlaste auga for linsebruken innimellom med nokre glasögon (som optikaren seier. Han er svensk.). Mot slutten av månaden får eg eit eksemplar. Brille har eg knapt gått med sidan eg var 12 år. På tide at det skjedde noko?

I kveld skal eg på jentefest med Ina. I morgon med Elisabeth. Det er tydlegvis den uoffisielle jentehelga.

Tagger: , , , ,

Jobbejobbejobbe

11 September 2008 | ..litt på sida | 5 Comments

52729Litt jobbing vert det.

Tok turen innom Bygdanytt i førre veke og fekk avtalt litt meir jobbing. Ettersom han dei skal tilsette i fast stilling held på med siste finpussen av masteroppgåva si i oktober, treng dei nokon i overlappingsfasen. Og her kjem eg inn i biletetet. Ein månad med lønna arbeid er absolutt betre enn ingenting.

I dag har eg snakka med eit blad som heiter “Barn i byen“, og har fått avtalt ein artikkel eg skal skrive for dei. Voneleg skal eg skrive meir for dei seinare òg. Alt etter korleis det går med jobbsøking og ekstraarbeid i tillegg til Bygdanytt-en i oktober.

Redaktøren var ei særs sympatisk dame som valgde å starte opp sjølv då ho var i den situasjonen eg er i no: På leiting etter journalistjobb, men utan hell. Ho ga meg nokre idear for kvar eg kan forhøyre meg om dei treng skrivehjelp. Kjem godt med!

Med Studvest held eg det gåande så lenge eg klarar. Kjekk gjeng å vere ein del av.

Tagger: , , ,

Vil du jobbe for Noregs beste studentavis?

23 August 2008 | Journalistikk | 2 Comments

    Bilde 1

Spørsmålet vi i Studvest no stiller alle vi kjenner som likar nærkontakt med penn og papir: Vil du vere med på laget vårt?

Eg let stillingsannonsa tale for seg sjølv:

Studvest søkjer nye nyhendejournalistar, kulturjournalistar og sportsjournalistar. Vi er òg på jakt etter fotografar og layoutmedarbeidarar.

Som journalist må du ha god språkføring og interesse for journalistikk og nyhende. Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.

Som fotograf må du kunne handtere og gjerne eige eit digitalt speglreflekskamera. Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.

Som layoutmedarbeidar må du ha god kjennskap til InDesing og gjerne resten av Adobe CS3-pakken.

Send ein søknad med CV og arbeidsprøver til studvest@uib.no Presiser kva for stilling du søkjer på.

Søknadsfrist er 1. september kl. 12.00.
Informasjonsmøte i SiB-kafeen i Studentsenteret (Parkveien 1) torsdag 21. august kl. 19.00.

Spørsmål kan rettast til:
Ansvarleg redaktør Pia Martine Wold: 920 83 295
Nyhenderedaktør Marit Dorothea Bjørnstad: 959 70 718
Kultur- og sporsredaktør: Halvor Ripegutu: 930 58 169
Fotoredaktør Åse Holte: 414 52 584

Så kva trur du, Hanne. Tek du utfordringa?

Tagger: ,

Ufrivillig lang ferie

21 August 2008 | Journalistikk, Personleg | 1 Comment

Bilde2_betalingsbeskyttelseSå har vi runda august. Dei to sambuarane mine har festa – eller held på å feste seg gjennom fadderveka, medan eg framleis leitar etter jobb.

I løpet av den perioden eg har leita etter jobb, kan ein ikkje sei at det har flomma over av stillingsannonsar som har passa til utdanninga mi. Det eg har kome over er desse:

* Journalist/informasjonsarbeidar for indremisjonen på Sotra.
Ankepunkt: Eg har strengt tatt ikkje den kristne trua til å arbeide der.

* Multimediajournalist for Norges Miljøvernforbund (med Kurt Oddekalv som sjef).
Ankepunkt: Eg har ikkje foto-erfaring.

* Journalist i Strilen.
Ankepunkt: Eg fekk ikkje jobben. Men eg kom i alle fall inn til intervju ..

skrivegompenStillinga som no står att å søkje på er jobben som journalist/informasjonsarbeidar på NHH. Søknadsfristen er ikkje før i slutten av august, så det vert ventetid før der kjem noko svar i frå den kanten. Eg har derimot ikkje spesielt store forventingar. Sjølv om kontaktpersonen sa at eg hadde erfaring nok til å kunne søkje, står det fint og pynteleg i annonseteksten at ein bør ha bachelorgrad frå Høgskule eller Universitet, samt erfaring frå økonomi. Jobben såg veldig kjekk ut. Lov å krysse fingrane, i alle fall.

Eg held meg i aktivitet med å skrive gratis for Studvest og å sosialisere med vennar.

Må sei at det å daffe rundt heime startar å gå på sjølvkjensla og yrkesstoltheita laus. Heldigvis er der framleis pengar att på kontoen. Enn så lenge. Eks-kjærast J. fekk i alle fall lurt fram eit smil om munnen då han fann “meg” på ein dropspakke i butikken.

Tagger: , , ,

Lur tanke på etterskot

19 August 2008 | Journalistikk, Musikk, Personleg | No Comments

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

Foto-Åse står klar med fotoboksen og knipsar til den store gullmedaljen.

Radiokvinnene står bak DJ-bordet med dei store platene, og vert beordra om å sette på litt musikk slik at det vert litt meir schwung over det heile. Og den første songen som strøymer ut av høgtalarane er denne. The Saturday Knights – Dog Park (ber over med meg for den dårlege lydkvaliteten – det var ikkje andre eksemplar på Youtube å få fatt i). Etterpå var det min tur til å notere ord og vendingar til neste utgåve av Studvest.

I natt slo det meg at om eg hadde vore lur, skulle eg jo absolutt ha slengt meg inn i Studentradioen i Bergen, no når dei skal få fleire folk. Det trykte mediet har eg etterkvart mykje erfaring med. Og det er nettopp radio-mediet som har gjort at eg har bestemt meg for å søkje på Nynorsk mediesenter i Førde til neste år.

Haka vert derimot at det, når eg etterkvart får jobb, kanskje vert for vanskeleg å kombinere opplæring i radio-sysler.. Eg burde vel eigentleg tenkt tanken før. Sukk.

Kjelde: Knirkefritt, musikkbloggen min.

Tagger: , , , ,

Personleg oppdatering

31 May 2008 | Journalistikk, Personleg, Språk | 2 Comments

_visning_jpg_731565tEg hadde skrive mykje. Men så forsvant første del av innlegget. Kort oppsummering av det bortkomne:

* Eg har vore på altfor mange visningar. Endte til slutt opp med ei loftsleilegheit i Sandviken. Manglar ein til å bu saman med meg og venninna mi. Kjenner du nokon? Flyttar inn rundt 1. juli, ettersom det ikkje lenger var verd å bu i horestrøket når husleiga auka med 500 kroner månaden. Sjølv om eg ifølgje husverten ikkje kunne forvente meg å betale mindre for denne standaren .. Pft.

* Svimlinga i toppetasjen har forsvunne av seg sjølv, utan at legane eigentleg fant ut kva som gjor utslaget. At eg har jernmangel har dei i det minste funne ut. Og eg skal no starte å knaske gule tablettar med “Duroferon” i 4-6 veker. Du vert litt uroleg då det vert spesifisert at du må svelgje pillane ståande – ettersom det kan gjere skade innvortes om pilla vert liggande på feil stad ..

* 1. juli er vikariatstillinga mi i Bygdanytt ferdig.

FOLK RUNDT MEG hipsar på skuldrane og seier med største sjølvfølgje: “Du er flink. Du får deg lett ein jobb i BA”. Dei spør meg ikkje om eg faktisk kunne tenkte meg ein jobb der. For å sei det rett ut står ikkje Bergensavisen øvst på prioriteringslista mi for kva arbeidsgjevar eg vil ha. Hovudsakleg fordi dei er så konservative at dei tek i bruk eit rettingsprogram som lukar a-endingar. For det andre at eg ikkje synest så altfor mykje om avisa.

Eg klarar ikkje å ta ei avis på alvor, som sjølv ikkje tek lesarane sine på alvor. På andre har eg fått høyre at avisa har journalistar som har nynorsk som hovudmål. Men får dei skrive det? Nei. Haldninga synest eg er respektlaust, både overfor lesarane og journalisten. Det er ingen tvil om at skribenten hadde gjort eit betre arbeid på sitt eige hovudmål. Og argumentet om at “bokmål er bergensk”, held ikkje. Spør du ein bergensar om kva for målføre som ligg nærast dialekta deira, får du femti prosent bokmål, femti prosent nynorsk som svar.

Eg veit med meg sjølv at eg snevrar inn jobbsjansane mine ved å stå steilt på nynorsk-valet mitt. Men det er ei hjartesak. Og ein må stå på prinsippa. Folk skal måtte grunngje kvifor eg ikkje skal få bruke hovudmålet på same vis som andre med største sjølvfølgje får bruke sitt – bokmål. Stiller ein aldri spørsmål med kvifor retningslinjene deira er slik – vert det heller aldri opna dører for at nynorsken skal sleppe til på fleire område.

DRAUMEJOBBEN kan per no sjå ut til å vere å få skrive eit magasin. Featurejournalistikk. Reportasje. På nynorsk. Og eg veit at lista mi med dette ikkje er spesielt lang. Men den som leitar .. finn ? Som J. har sagt til meg: “Du finn ikkje draumejobben på første forsøk. Og hadde du gjort det, hadde du ikkje sett like mykje pris på den, som om du hadde jobba lenge for å finne den.” Og han har rett. Best smakar sigeren når ein verkeleg har måtte jobba for å kunne plassere føta sine innanfor slottet sine fire veggar.

Tagger: , , , , , ,

Kjenn lesarane dine

10 April 2008 | Journalistikk | 2 Comments

Bilde 2Nokre i mediebransjen tyr til utradisjonelle metodar for å verte kjend med lesarane sine på.

Aviser med ein tankegang om at dei skal overleve sjølv i komande generasjonar, må ha eit visst fokus på unge og ungdom. Det er trass alt dei som etterkvart kjem til å avgjere framtida for avisa. Dette har ei avis i Brasil tatt på alvor. Under slagordet “Be my guest” er ein reporter frå tenåringsmagasinet Capricho saman med ein av lesarane ein heil dag. Ein gong i månaden et dei lunsj saman, vitjar lesaren heime, går på kino, disko, eller berre snakkar saman.

I etterkant arrangerer redaktøren eit nyhendemøte der alle journalistane oppdaterer kvarandre om gjesten dei har vore saman med for ein dag. Journalistane vert betre kjend med lesarane, dei får eit innblikk i nye trendar, samtidig som dei forstår lesarane betre. Noko mindre enn genialt?

Kjelde: Unge lesere

Tagger: ,

Eit langsiktig mål

7 April 2008 | Journalistikk | 1 Comment

nynorskpris

Tagger: , ,

Reklame

Bloggen og eg

Sjefsskribent for kulturredaksjonen i Studvest. Eks-bloggar, grunna tilnærma null fritid utanom jobb. Har store planar om å trappe opp blogginga til hausten når eg fyk ned «down under» Australia for å fullføre ein bachelorgrad i journalistikk.