helgevakt

Festivalhelg

4 juli 2009 | Journalistikk | 2 kommentarer

Bilde 1
SOMMARJOBBEN: Eg vert i alle fall brunare av å ha helgevakt under Førdefestivalen.

I tillegg til mykje, mykje anna, sjølvsagt. Imponert, blant anna. Fascinert av songteknikkar eg ikkje har høyrt før. Glad av gode dansertymer og sprudlande artistar. Munter av eit dansande publikum. Men òg litt slitan. Er under ein time til siste punktet på lista mi med ting-som-eg-må-lage-sak-på. Ting tilseier at eg må starte å skrive på nokre av tekstane i kveld, slik at eg ikkje må jobbe meg ihel i morgon ..

Festivalparaden med alle artistane som gjekk i tog til sentrum var forresten heilt fantastisk! Det var mykje meir fres enn på 17. mai. Og definitivt endå betre vêr.

Over og ut!

Tagger: , ,

Jomfruveka i vera-verda

16 februar 2008 | Journalistikk, Personleg | Ingen kommentarer

00000010I desse dagar er verda mi fylt med “vera”, “grina” og “dansa”.

Mi fyrste veke med a-endingar i Bygdanytt er no snart overstått. Omveltinga frå å leve slaraffenlivet i ein månad, for så å måtte stå opp 06.30 vart brå. Men eg har kome meg opp. Kvar dag!

Sakene eg har jobba med har innebert tog, ei jente som er lærling i ei tattis-sjappe, store mengder søppel, ungdom og flytting, prestar og felles ekteskapslov, utmerking for frivillege arbeidarar, eit helsesenter.

Det eg ikkje hadde rekna med var at den fyrste helga som ferskis i avisa òg skulle huse mi fyrste helgevakt. Tankane om at heile helga kom til å verte okkupert slo meg sjølvsagt. Men det heile er slettes ikkje så gale.

Helgevakt er mest som ein vanleg arbeidsdag, berre at eg kan bruke den litt slik eg vil. Så lenge eg jobbar 7,5 timar i løpet av helga, og dekkjer det som på førehand er avtala med redaktør, så er det greitt. Sakene må sjølvsagt skrivast ferdig før måndagen.

Sidan eg må ta tog for å kome til Arna og Osterøy er det uansett ikkje aktuelt at eg skal rykke ut på ulukker og liknande. Det ville tatt for lang tid for meg å kome fram. Og hadde eg fyrst kome på rett side av fjellet, så ville eg brukt litt tid på å finne staden på gule sider..

Helgevakta i denne omgang har derimot berre gitt meg to sakar. Ei som fekk meg inn i ei tatoveringssjappe her i byen. Den andre skal eg snart ut på: Karneval med småttisar på Osterøy. Frå 0 år til 4. klasse. Store sjansar for artige bilete.

Så langt er dette uansett veldig, veldig mykje betre enn nordisk årsstudium!

Tagger: , , , , ,

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University (Waurn Ponds-campuset), ein times køyring frå Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Gi meg ein lyd?
janne.sorgulen snabel-a gmail.com

Gravande journalistikk

Gæmlisinnlegg

Lifestream