foto
Eggar opp til «dagens foto»
24 juni 2009 | Blogging, Kuriosa | Ingen kommentarer
SPALTEDEBUT: Det er ikkje berre bransjen eg jobbar i som har agurktid.
For på bloggen min er ikkje stoda stort betre. Difor freister eg å ta eit bilete, om lag kvar dag, som eg skal publisere på bloggen no i sommar. Ikkje nødvendigvis eit fantastisk bilete. Ikkje nødvendigvis eit bilete av spesielt god kvalitet. For det går kjappast med mobilkamera, og det er det som er kjerna i saka: Det tek såpass lite tid at det går heilt fint å avsjå mobilknipsing for bloggen min.
Puh. Så då var det skrive – så skal eg gjere eit godt forsøk på å halde lovnaden. Sidan eg ikkje kom på denne idéen før no, eit kvarter før leggjetid, vel eg å bruke eit gamalt bilete.
Tittel: Oppegga
Tid og stad: 11. april 10.52, på kjøkenet til storesøstra mi
Skildring: Nokon sørgde for at maten smilte mot meg då eg etterkvart fann frukostbordet.
Arbeidsfolk
22 februar 2008 | Journalistikk | 1 kommentar
Slik ser dei altså ut, arbeidsfolka.
Rettare sagt mine arbeidsfolk. Legg forresten merke til kor godt bilete er. For kven sto bak kamera? Moroklumpen vår Ronny var kanskje ikkje heilt heldig. Men.. dei er veldig snille altså. Men eg har fått streng beskjed om å ikkje referere frå matpausen og morgonmøte. Der kjem det mykje rart fram. Bilete vart tatt då Bygdanytt fekk rekordopplag for 2007.
Bygdanytt er ikkje så ivrige på nettavisa si. Men eg har per nuh fått skvisa inn to saker der. For spesielt interesserte: Eg oppdaterer skribentarkivet med saker eg har fått på trykk etterkvart.
Sparer stort på å fyra med gass Bygdanytt 22.02.08
– Dette er til å grina av Bygdanytt 15.02.08
Bloggen og eg
Gravande journalistikk
Gæmlisinnlegg
Innspel
- Janne til Rutiner og sakn
- Kristin til Rutiner og sakn
- Janne til Har ein draum
- Janne til Har ein draum
- Tore til Har ein draum
- Hanne til Har ein draum
- Har ein draum | Janne i trykken til Gryande håp
- Janne til Klede ein journalist verdig
- Hanne til Klede ein journalist verdig
- Janne til Walkietalkiefuglen
Lifestream
-
seier som Jørn Hoel/Martin Luther King: Har ein draum/I have a dream. http://jannetrykker.iblogger.no/2010/09/01/har-ein-draum/ [janneitrykken]
-
har fått fin pakke i posten: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/31/pakke-fr-ho-mor/ [janneitrykken]
-
Klede ein journalist verdig: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/28/klede-ein-journalist-verdig/ [janneitrykken]
-
har skrive korrespodentbrev i Studvest: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/25/fra-eit-reiseperspektiv/ [janneitrykken]
-
har fått meg ein ny treningskamerat: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/22/min-nye-treningskamerat/ [janneitrykken]
-
Så mykje mediekakling om Federal Election, og så vart det uavgjort. Stemmer for at Julia Gillard og Tony Abbott avgjer valget via brytekamp [janneitrykken]
-
har nett bestillt flybillett heim til Noreg i november, og tel hermed ned frå 80 dagar til ho får sjå den fabelaktige kjærasten sin att :-) [janneitrykken]
-
hadde ein draum i natt som innehaldt stikkorda «Twitter» og «Nynorsk mediesenter». Ein multi-mediadraum, faktisk. [janneitrykken]
-
Ny helg. Ny essay. Nytt lydinnlegg på bloggen: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/15/kulturskilnader/ [janneitrykken]
-
har blogga litt om uteliv: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/13/uni-night/ [janneitrykken]
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen