Fjordabladet
Berre kanskje
12 March 2007 | Journalistikk | No Comments
SISTE DAGEN i Fjordenes Tidende hadde eg ein liten prat med redaktøren. Sa klart i frå om at eg kunne tenke meg ein sommarjobb. Hadde det berre ikkje vore for at dei hadde ein kar som allereie var inne i systemet deira. Og hadde han berre kome med eit klårt svar for om han faktisk skal vere sommarvikar. Førebels er det berre eit kanskje svaret avisa har fått i frå den kanten. Dimed får eg berre kanskje ein sommarjobb i FjT. Og dimed kan eg kanskje ende opp utan nokonting.
Då eg kom heimatt til min heimlege utkant i sunnfjord sendte eg korte e-brev til både Firdaposten, Firda og Fylkesmagasinet. Om det skulle gå skeis med alle tre vurderer eg å sende nokre ord til Fjordabladet, Firda Tidend oog.. Fjordingen. Stort fleire lokalaviser i sunnfjord og nordfjord er det ikkje.
Å ha to redaktørar i bakhand som berre har lovord å kome med er gull verd. Einaste herr Wåge hadde å melde var at eg måtte skrike litt høgare ut når det gjaldt mine eigne saker. Fortalde at eg gjerne trengte litt tid på å verte varm i trøya – og at det ikkje kjendes heilt naturleg å stå altfor hardt på krava etter nettopp å ha helst på dei.
Aldri har eg hatt eit så lite planlagt år framfor meg. Slikt stressar ei sjel som vanlegvis har planlagd ting ut til fingerspissane. Ikkje det, eg har alternativene klare. Eg veit berre ikkje kva som er lurast – og ikkje minst mogleg å gjennomføre. Det er så mange “viss-ar”. Kanskje eg skriv om det seinare, når hjernen min har vorte litt meir einig med seg sjølv.
I morgon er min fyrste skuledag etter ni veker med praksis.
Rart.
Har sendt søknad til eit legat i heimkommunen som kvart år delar ut fem tusen kroner til ungdomar som tek meir utdanning etter vidaregåande, og som då gjerne flyttar attende. Hadde vore staseleg med litt ekstra pengar.
Ja, no skal eg ikkje kleise svartmålinga på låveveggen heller. Fjordenes Tidende vil jo gjerne høyre meir i frå meg. Eg skal skrive litt for sommarmagasinet deira, og kan sende dei saker om eg skulle plumpe over eitkvart.
Og over til noko heilt anna:
Frisør-Elisabeth vart forlova på julekvelden, og har vistnok tenkt å gjere alvor av det heile. Ikkje berre vere gift i x antal år. I gårkveld tikka så denne meldinga inn:
“Heisann! Du…eg berre lurte på en ting. Du kan sei nei hvis du vil… Eg berre lurte på om du kunne tenke deg å være toastmaster i bryllupet mitt… Du trenge ikkje svare me en gang…koskos”
Eg måtte sjølvsagt ringe og spør om ho hadde drukke i forkant av meldinga.
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- ithil on Jirrahlinga Sanctuary
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen