bloggs.be

Janne i trykken 3 år

3 December 2008 | Blogging | 23 Comments

Janne i trykken bretta opp ermene, fann fram tastaturet og dei lure spørsmåla: Og intervjua seg sjølv i høve 3-årsjubileumet hennar som bloggar. Sidan ingen andre tek ansvar.
Bilde 2

NYNORSKBLOGGEDRONNINGA

Det er tredje dagen i desember – og det tredje året som bloggar. Var det eigentleg så sjølvsagt at skrivinga skulle vare så lenge? Vi sette oss ned med bloggaren for å finne eit svar.

Opp ei trapp. Og opp ei trapp. Og opp ei siste trapp. Det er ikkje akkurat noko rullestolvenleg kollektiv ho har funne seg, Janne i trykken, der ho bur på eit lite loft i Sandviken. Sjølv når vi har opna den siste døra før heimen hennar opnar seg framfor oss, er ei trapp det første som møter auga.

— Hei! Du fann fram? seier ei forsiktig, men hyggjeleg røyst til oss.

Bloggaren slår oss ikkje som spesielt høg, med berre 1.60 meter på sokkelesten. Eit prov på at storleiken tydlegvis ikkje er eit essensielt kritere for å kome opp og fram. Mykje har skjedd sidan det første innlegget hennar 3. desember 2005. Ho gestikulerer mot IKEA-sofaen – eit teikn på at vi skal setje oss ned.

— Så .. Du vil altså intervjue meg? Når sant skal seiast likar eg eigentleg best å vere den som brukar journalistblokka, framfor å vere den som får sitatene sine notert på blokka til nokon andre, seier ho med ei audmjuk røyst.

Vi forstår at vi har kome på rette staden. Enn kvar ein vestlending flyttar på seg, skal det mykje til for å fjerne den jordnære vestlendingen frå skrotten.

— Vel .. no er det faktisk du som har bestillt intervjuet, såå .. vi får vel berre hive oss i det, seier vi. Og gjer nettopp det.

FRÅ HEIMESIDE TIL BLOGG
— Hugsar du kva det var som først fekk deg på tanken om å opprette ein blogg?

Svaret sit ikkje langt inne, og det ser ut som om bloggaren eigentleg likar høvet ho no har fått til å mimre attende til dei første bloggeorda.

— Sidan eg først starta med prating på nettet når eg var rundt 12 år, har eg hatt to-tre meir eller mindre mislukka forsøk på å lage heimeside. Eller rettare sagt: Få hjelp til å lage heimeside. Før måtte ein kunne ein del koding for å få til slikt.

— Men det er ein viss forskjell på heimesider og bloggar?

— Ja. Og det er vel eigentleg det eg likar òg. Heimesider er gjerne så statiske. Ein blogg vil alltid vise deg dei siste innlegga. Ein blogg er gratis – og mange bloggar – slik som bloggs.be, har heller ikkje reklame. Ikkje minst likar eg at ein kan få lekre bloggar, utan eigentleg å ha jobba noko spesielt for det sjølv.

Bilde 9

BLOGGERIET OG NAMNET
— Det første innlegget ditt vart jamvel ikkje publisert på bloggs.be. Kor starta eventyret?

— EnjoyDiary. Hovudgrunnen til at det vart akkurat det, har nok med ei eg trefte i journalistikkklassen på det som då heitte Merkantilt Institutt (MI), no Norges Kreative Fagskole. I Bergen. Ina, aka Lukritzia, hadde lenge blogga. Eg vart nok litt inspirert. Og så har eg alltid likt å skrive. Fire månader etter eg starta på skulen, fekk eg altså min første ordentlege blogg. I år starta eg òg ein musikkblogg, for å gjere det enklare for lesarane. Dei som likar musikksmaken min, kan vitje Knirkefritt. Dei som berre er interessert i orda mine, kan gjere det.

— Kva var namnet på den personlege bloggen ..?

— Jannejenta .. mumlar 22-åringen.

— Litt flaut?

— Ja. Det er ikkje noko eg snakkar høgt om. Kallenamnet gir meg assosiasjonar til fjortisjenter med rosa klede. Det dukka nok opp i iveren etter å starte med blogging. Men nokre, slik som Hastur, brukte kallenamnet sjølv etter at eg hadde byta blogg. Men han måtte jo ha eit kallenamn til meg – så det vart til at han kalla meg J-girl i staden for.

— Akkurat. Stor forbetring.

— Eg tok det aldri i bruk som kallenamn på bloggen, då. Greitt? Då eg byta blogg første gong, vart det ein Trykker-blogg. Det vart berre ein månad der, før eg flytta vidare. Grunnen skreiv eg eit langt innlegg om. Noko som førte til ein større debatt i Bloggebyen. Men der vart altså adressa på bloggen min “Janne.trykker.com”. Eg syntes namnet var så sjarmerande, at eg tok det med meg på flyttelasset.

— Men. Du bloggen din heiter jo Janne i trykken?

— Det vart det, etterkvart. Namnet var det faktisk ein annan bloggar som kom med. Fotobloggaren Arild hadde skrive meg inn på lenk-lista hans som “Janne i trykken”. At eg ikkje hadde tenkt på det sjølv, var vel det første som slo meg. Heldigvis let han meg låne formuleringa hans. For fans av Janne i trykken, kan det nemnast at alle innleggene eg har skrive dei siste åra, er flytta til denne bloggen.

veldigviktigLekkerograudSKRIVINGA
Vi har fått bloggaren på gli, og har fått lirka fram bakgrunnsinformasjonen for blogginga. Det viktigaste med blogging, er likevel orda.

— Du skriv jo om ganske mykje forskjelleg. Korleis dukkar skriveidéane dine opp?

— Eg må nok vere så vanskeleg som forfattarar plar vere når dei svarar på liknande spørsmål. Det dukkar ofte opp av seg sjølv. Ein kan vel dele skrivinga mi opp i to kategoriar: Innlegg som handlar om kva som skjer i livet mitt. Og innlegg som handlar om alt i frå merkelappar i kleda til tankar om gravstøtter.

Janne i trykken pustar ut, trekk pusten, og held fram:

— Hovudregelen min er at eg skriv innlegget med ein gong eg får ideen og er gira på den. Neste dag synest eg gjerne den same ideen er teit. Det vert rett og slett eit ork og ei pliktkjensle og fullføre den. Eg lev i trua om at resultatet alltid vert best når ein har iveren etter å skrive noko. Slik som innlegget mitt om Gisle Sursson. Det var eg særs ivrig etter å skrive. Eg tenkte nok på det heile tida, medan eg noterte i margen på islendingsoga. Aldri så gale at det ikkje kan bli eit godt blogginnlegg av det, kan du kanskje sei. Eg skreiv jo til dømes om då eg hamna på legevakta òg.

— Du skriv litt i rykk og napp?

— Ja. Som sagt likar eg best å skrive når eg har iveren over meg. Såleis vert det gjerne litt puljevis. Det har òg med korleis kvardagen min er der og då. Og ikkje minst, responsen eg får frå lesarane. Det er utruleg viktig.

— Du er ikkje ein av dei som skriv utelukkande for din eigen del, altså?

— Dei som seier dei berre skriv for sin eigen del, har ei fysisk dagbok med hengelås. Med ein gong du er på nettet, er det fordi du vil vise fram orda dine. Eg kan vere så ærleg å sei at eg nokre gongar har hatt dalande motivasjon til å skrive, utelukkande fordi få personar har kommentert på bloggen min. Det gir ein kjensle av at orda mine ikkje er så viktige. Av og til kan det verke som om responsen på orda er avhengig av kor mykje ein kommenterer hjå andre bloggarar. Eg har vel eigentleg aldri vore spesielt flink til det.

Bilde 10BLOGGEDØDEN OG LESARTAL
— Mange bloggarar har fordufta etter bloggetoppen i, var det 2004? Uansett. Har du nokon gong vurdert å kutte ut blogginga?

— Eg har tenkt tanken, men aldri seriøst. Som eg fortalde i stad: Skrivinga mi går i rykk og napp. Ein dag kan eg ha tre innlegg. Så kan det gå fleire veker til neste gong, alt etter inspirasjonen og humøret. Eg er journalist, og vil alltid halde fram med å skrive. Om det alltid vil vere ein blogg i tillegg, er ikkje sikkert. Det er heller noko eg får sjå i auga, om det plutseleg har gått tre månader sidan sist innlegg. Det er uansett ikkje eit problem eg har hatt sidan oppstarten. Det går jamnt og trutt. I fjor kom eg på 15. plass i Tordenbloggen. Denne gongen kom eg ikkje gjennom kvalifiseringa eingong. Eg skuldar det på at eg ikkje fekk alliert meg med andre, slik som i fjor.

— Apropos respons: Kor mange lesarar har du?

— Sidan statistikken min vart fiksa i oktober, er det høgaste besøkstalet mitt 145 på ein dag. I går hadde eg 129. Det skal nemnast at det eigentleg er lenge sidan sist eg hadde over hundre lesarar. Det har vore meir dei siste to vekene. Det er nok fordi eg: A) Har vore meir aktiv med å leggje ein lenk til innleggene mine på Bloggrevyen og Bloggarkivet. Sidan eg ikkje er ein flittig kommenterar på andre bloggarar, må eg ty til andre metodar. Og B) Fordi eg har skrive meir jamt den siste tida.

— Folk orkar ikkje å gå innom spesielt ofte, om du berre skriv eit innlegg i månaden. Naturleg nok. Mitt tips til desse er å skaffe seg ein RSS-lesar. Ei slags samleside der du kan leggje inn alle bloggane du les, og får varsling om nokon har oppdatert. Sjølv brukar eg Bloglines.

— Hugsar du kor mange lesarar du hadde i starten?

— Statistikken på EnjoyDiary telte kvar gong folk såg på ei enkeltside, og var såleis villedande. Men då eg fekk min første WordPress-blogg, fekk eg eit meir realistisk bilete. Eg hadde vel ein dagleg 50 personar innom på det tidspunktet.

Janne i trykken har starta å verte rastlaus. Ho skal snart på juleball med folk ho gjekk nordisk årsstudium saman med i fjor. Vi forstår at vi må runde av intervjuet.

Bilde 11— Bloggetips: Har du nokon råd til andre bloggarar?

— Skriv om det du vil, når du vil. Og på den måten du sjølv ønskjer. Ikkje kopier andre, men gjer di eiga greie. Synest du ikkje det er kjekt å blogge, er det uansett ikkje noko du kjem til å halde fram med.

— Har du eit “gåveønskje” for bloggjubileumet ditt?

— Ja! Kjekt at du spurte. Eg ønskjer at alle som les bloggen min skriv i kommentarfeltet:

* Kven dei er * Kor lenge dei har lest bloggen min * Kvifor dei les bloggen min * Døme på kva type innlegg dei set mest pris på blant dei tekstane eg har skrive. Eg vil vete kven de er!

— Litt marknadsundersøkjing, rett og slett. Men du må nesten kome med dagens nynorskord, du som har starta julekalender og allting.

— Sant det. Hadde nesten gløymd heile greia.

Tredjedesemberordet:
«hjasse» frå norrøne hjassi. Isse, krone.
Slik som nåsåen i The Julekalender har!

Tagger: , , , , , , ,

Oppdatering

23 June 2007 | Journalistikk | No Comments

Legg merke til dei to nye sidene i sidemenyen.

Tagger:

Nytt bloggeavkom

12 May 2007 | Blogging, Nada | No Comments

baby20611291421_jpg_34723dVil du lese mine gamle skribleriar?

Finne andre bloggar? Marknaddsføre din eigen blogg? Klikk innom den duggfriske sida “anna trykking“.

Tagger: ,

Rykande fersk blogg

11 May 2007 | Blogging | No Comments

Wuhu!

Ikkje fantastisk domene, men i alle fall ein nusseleg og ny blogg.
Den kan du klikke deg til –> der.
Eller du kan kopiere dette: http://bloggs.be/jannetrykker

Tagger: ,

Reklame

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University nær Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Søk

Gæmlisinnlegg