Blogging

Du veit du er kjendis når ..

20 December 2008 | Blogging | 5 Comments

.. folk synest det er kult at dei har venner som kjenner deg.

kjendis

Tagger: , ,

Janne i trykken 3 år

3 December 2008 | Blogging | 23 Comments

Janne i trykken bretta opp ermene, fann fram tastaturet og dei lure spørsmåla: Og intervjua seg sjølv i høve 3-årsjubileumet hennar som bloggar. Sidan ingen andre tek ansvar.
Bilde 2

NYNORSKBLOGGEDRONNINGA

Det er tredje dagen i desember – og det tredje året som bloggar. Var det eigentleg så sjølvsagt at skrivinga skulle vare så lenge? Vi sette oss ned med bloggaren for å finne eit svar.

Opp ei trapp. Og opp ei trapp. Og opp ei siste trapp. Det er ikkje akkurat noko rullestolvenleg kollektiv ho har funne seg, Janne i trykken, der ho bur på eit lite loft i Sandviken. Sjølv når vi har opna den siste døra før heimen hennar opnar seg framfor oss, er ei trapp det første som møter auga.

— Hei! Du fann fram? seier ei forsiktig, men hyggjeleg røyst til oss.

Bloggaren slår oss ikkje som spesielt høg, med berre 1.60 meter på sokkelesten. Eit prov på at storleiken tydlegvis ikkje er eit essensielt kritere for å kome opp og fram. Mykje har skjedd sidan det første innlegget hennar 3. desember 2005. Ho gestikulerer mot IKEA-sofaen – eit teikn på at vi skal setje oss ned.

— Så .. Du vil altså intervjue meg? Når sant skal seiast likar eg eigentleg best å vere den som brukar journalistblokka, framfor å vere den som får sitatene sine notert på blokka til nokon andre, seier ho med ei audmjuk røyst.

Vi forstår at vi har kome på rette staden. Enn kvar ein vestlending flyttar på seg, skal det mykje til for å fjerne den jordnære vestlendingen frå skrotten.

— Vel .. no er det faktisk du som har bestillt intervjuet, såå .. vi får vel berre hive oss i det, seier vi. Og gjer nettopp det.

FRÅ HEIMESIDE TIL BLOGG
— Hugsar du kva det var som først fekk deg på tanken om å opprette ein blogg?

Svaret sit ikkje langt inne, og det ser ut som om bloggaren eigentleg likar høvet ho no har fått til å mimre attende til dei første bloggeorda.

— Sidan eg først starta med prating på nettet når eg var rundt 12 år, har eg hatt to-tre meir eller mindre mislukka forsøk på å lage heimeside. Eller rettare sagt: Få hjelp til å lage heimeside. Før måtte ein kunne ein del koding for å få til slikt.

— Men det er ein viss forskjell på heimesider og bloggar?

— Ja. Og det er vel eigentleg det eg likar òg. Heimesider er gjerne så statiske. Ein blogg vil alltid vise deg dei siste innlegga. Ein blogg er gratis – og mange bloggar – slik som bloggs.be, har heller ikkje reklame. Ikkje minst likar eg at ein kan få lekre bloggar, utan eigentleg å ha jobba noko spesielt for det sjølv.

Bilde 9

BLOGGERIET OG NAMNET
— Det første innlegget ditt vart jamvel ikkje publisert på bloggs.be. Kor starta eventyret?

— EnjoyDiary. Hovudgrunnen til at det vart akkurat det, har nok med ei eg trefte i journalistikkklassen på det som då heitte Merkantilt Institutt (MI), no Norges Kreative Fagskole. I Bergen. Ina, aka Lukritzia, hadde lenge blogga. Eg vart nok litt inspirert. Og så har eg alltid likt å skrive. Fire månader etter eg starta på skulen, fekk eg altså min første ordentlege blogg. I år starta eg òg ein musikkblogg, for å gjere det enklare for lesarane. Dei som likar musikksmaken min, kan vitje Knirkefritt. Dei som berre er interessert i orda mine, kan gjere det.

— Kva var namnet på den personlege bloggen ..?

— Jannejenta .. mumlar 22-åringen.

— Litt flaut?

— Ja. Det er ikkje noko eg snakkar høgt om. Kallenamnet gir meg assosiasjonar til fjortisjenter med rosa klede. Det dukka nok opp i iveren etter å starte med blogging. Men nokre, slik som Hastur, brukte kallenamnet sjølv etter at eg hadde byta blogg. Men han måtte jo ha eit kallenamn til meg – så det vart til at han kalla meg J-girl i staden for.

— Akkurat. Stor forbetring.

— Eg tok det aldri i bruk som kallenamn på bloggen, då. Greitt? Då eg byta blogg første gong, vart det ein Trykker-blogg. Det vart berre ein månad der, før eg flytta vidare. Grunnen skreiv eg eit langt innlegg om. Noko som førte til ein større debatt i Bloggebyen. Men der vart altså adressa på bloggen min “Janne.trykker.com”. Eg syntes namnet var så sjarmerande, at eg tok det med meg på flyttelasset.

— Men. Du bloggen din heiter jo Janne i trykken?

— Det vart det, etterkvart. Namnet var det faktisk ein annan bloggar som kom med. Fotobloggaren Arild hadde skrive meg inn på lenk-lista hans som “Janne i trykken”. At eg ikkje hadde tenkt på det sjølv, var vel det første som slo meg. Heldigvis let han meg låne formuleringa hans. For fans av Janne i trykken, kan det nemnast at alle innleggene eg har skrive dei siste åra, er flytta til denne bloggen.

veldigviktigLekkerograudSKRIVINGA
Vi har fått bloggaren på gli, og har fått lirka fram bakgrunnsinformasjonen for blogginga. Det viktigaste med blogging, er likevel orda.

— Du skriv jo om ganske mykje forskjelleg. Korleis dukkar skriveidéane dine opp?

— Eg må nok vere så vanskeleg som forfattarar plar vere når dei svarar på liknande spørsmål. Det dukkar ofte opp av seg sjølv. Ein kan vel dele skrivinga mi opp i to kategoriar: Innlegg som handlar om kva som skjer i livet mitt. Og innlegg som handlar om alt i frå merkelappar i kleda til tankar om gravstøtter.

Janne i trykken pustar ut, trekk pusten, og held fram:

— Hovudregelen min er at eg skriv innlegget med ein gong eg får ideen og er gira på den. Neste dag synest eg gjerne den same ideen er teit. Det vert rett og slett eit ork og ei pliktkjensle og fullføre den. Eg lev i trua om at resultatet alltid vert best når ein har iveren etter å skrive noko. Slik som innlegget mitt om Gisle Sursson. Det var eg særs ivrig etter å skrive. Eg tenkte nok på det heile tida, medan eg noterte i margen på islendingsoga. Aldri så gale at det ikkje kan bli eit godt blogginnlegg av det, kan du kanskje sei. Eg skreiv jo til dømes om då eg hamna på legevakta òg.

— Du skriv litt i rykk og napp?

— Ja. Som sagt likar eg best å skrive når eg har iveren over meg. Såleis vert det gjerne litt puljevis. Det har òg med korleis kvardagen min er der og då. Og ikkje minst, responsen eg får frå lesarane. Det er utruleg viktig.

— Du er ikkje ein av dei som skriv utelukkande for din eigen del, altså?

— Dei som seier dei berre skriv for sin eigen del, har ei fysisk dagbok med hengelås. Med ein gong du er på nettet, er det fordi du vil vise fram orda dine. Eg kan vere så ærleg å sei at eg nokre gongar har hatt dalande motivasjon til å skrive, utelukkande fordi få personar har kommentert på bloggen min. Det gir ein kjensle av at orda mine ikkje er så viktige. Av og til kan det verke som om responsen på orda er avhengig av kor mykje ein kommenterer hjå andre bloggarar. Eg har vel eigentleg aldri vore spesielt flink til det.

Bilde 10BLOGGEDØDEN OG LESARTAL
— Mange bloggarar har fordufta etter bloggetoppen i, var det 2004? Uansett. Har du nokon gong vurdert å kutte ut blogginga?

— Eg har tenkt tanken, men aldri seriøst. Som eg fortalde i stad: Skrivinga mi går i rykk og napp. Ein dag kan eg ha tre innlegg. Så kan det gå fleire veker til neste gong, alt etter inspirasjonen og humøret. Eg er journalist, og vil alltid halde fram med å skrive. Om det alltid vil vere ein blogg i tillegg, er ikkje sikkert. Det er heller noko eg får sjå i auga, om det plutseleg har gått tre månader sidan sist innlegg. Det er uansett ikkje eit problem eg har hatt sidan oppstarten. Det går jamnt og trutt. I fjor kom eg på 15. plass i Tordenbloggen. Denne gongen kom eg ikkje gjennom kvalifiseringa eingong. Eg skuldar det på at eg ikkje fekk alliert meg med andre, slik som i fjor.

— Apropos respons: Kor mange lesarar har du?

— Sidan statistikken min vart fiksa i oktober, er det høgaste besøkstalet mitt 145 på ein dag. I går hadde eg 129. Det skal nemnast at det eigentleg er lenge sidan sist eg hadde over hundre lesarar. Det har vore meir dei siste to vekene. Det er nok fordi eg: A) Har vore meir aktiv med å leggje ein lenk til innleggene mine på Bloggrevyen og Bloggarkivet. Sidan eg ikkje er ein flittig kommenterar på andre bloggarar, må eg ty til andre metodar. Og B) Fordi eg har skrive meir jamt den siste tida.

— Folk orkar ikkje å gå innom spesielt ofte, om du berre skriv eit innlegg i månaden. Naturleg nok. Mitt tips til desse er å skaffe seg ein RSS-lesar. Ei slags samleside der du kan leggje inn alle bloggane du les, og får varsling om nokon har oppdatert. Sjølv brukar eg Bloglines.

— Hugsar du kor mange lesarar du hadde i starten?

— Statistikken på EnjoyDiary telte kvar gong folk såg på ei enkeltside, og var såleis villedande. Men då eg fekk min første WordPress-blogg, fekk eg eit meir realistisk bilete. Eg hadde vel ein dagleg 50 personar innom på det tidspunktet.

Janne i trykken har starta å verte rastlaus. Ho skal snart på juleball med folk ho gjekk nordisk årsstudium saman med i fjor. Vi forstår at vi må runde av intervjuet.

Bilde 11— Bloggetips: Har du nokon råd til andre bloggarar?

— Skriv om det du vil, når du vil. Og på den måten du sjølv ønskjer. Ikkje kopier andre, men gjer di eiga greie. Synest du ikkje det er kjekt å blogge, er det uansett ikkje noko du kjem til å halde fram med.

— Har du eit “gåveønskje” for bloggjubileumet ditt?

— Ja! Kjekt at du spurte. Eg ønskjer at alle som les bloggen min skriv i kommentarfeltet:

* Kven dei er * Kor lenge dei har lest bloggen min * Kvifor dei les bloggen min * Døme på kva type innlegg dei set mest pris på blant dei tekstane eg har skrive. Eg vil vete kven de er!

— Litt marknadsundersøkjing, rett og slett. Men du må nesten kome med dagens nynorskord, du som har starta julekalender og allting.

— Sant det. Hadde nesten gløymd heile greia.

Tredjedesemberordet:
«hjasse» frå norrøne hjassi. Isse, krone.
Slik som nåsåen i The Julekalender har!

Tagger: , , , , , , ,

Bloggidol

26 January 2008 | Blogging | 5 Comments

bloggidol_logo_stor
Alle kjenner Idol frå TV 2. No har Bloggidol toga inn på verdsveven.

Konseptet kan du lese om her. Mitt ikkje spesielt gjennomarbeida innlegg vart skrive på cirkus eit kvarter, då det var om lag like få minutt att til innleveringsfristen. Det var mest “levere for å levere”. Difor var det ekstra overraskande at såpass mange faktisk beit seg merke i ordrekkjene mine.

På den andre sida beit folk akkurat for lite i frå seg i kommentarfeltet til at eg kom med i finalen. De skal derimot ikkje sjå vekk frå at eg spekulerar fram eit nytt bidrag før Bloggidol er finito finale. Den som ventar får sjå.

Vidare deltaking eller ikkje. Eg nyttar høvet til å publisere bidraget mitt, samt nokre av kommentarane som følgde med.

postmannRADARPARET

Ein uløyseleg duo. Bleikingen og meg.

Han kom til meg ein dag i oktober 2006. Aldri før hadde eg sett nokon som hadde vore så godt innpakka. Men han var verdifull, og skulle passast på. Mannen med bart som hadde levert pjokken på døra visste nok ikkje kor viktig det han hadde i hendene faktisk var. Like greitt, eigentleg. Hadde bartemannen visst det, kunne han ha vorte til ein kidnappar på eit mikrosekund. Og eg hadde stått grinandes attende i døropninga.

Heldigvis skjedde ikkje det. Eg forsto kjapt at det var eit gjensidig forhold. Smårollingen lyste opp berre eg tok på han. Han har gjort det alle gongane sidan oktober òg. Det er berre dei gongane eg har gløymt meg litt vekk. Dei gongane eg har vore usikker. Men eg har vorte tilgitt med ein gong. Utan meg hadde pjokken tross alt aldri vorte over eitt år.

Han har sett meg med større hår enn Eli Hagen, men dømmer meg likevel ikkje. Med mørke bandittringar under auga har eg vore plassert rett framfor andletet hans. Han har ikkje sagt verken frå eller til. For han er eg den same gamle. Mac-en elskar meg.

Kommentarane:
(mest for egoet min sin del):

Red: Janne i Trykken debuterer i bloggidol med femteplass, bare en stemme fra wild-card-nominasjon. Hun tok sølv i kommentarfeltet.

Juryen
radiohode: Fine beskrivelser av hvordan man forholder seg til en tingest. Det eneste som trekker ned, er at man skjønner hvordan det skal ende. Men det er bare et bittelite minus, siden kategorien er det den er (red: kategorien var data/internett/teknologi).

Rockette: Det er kanskje litt underlig at noen kan ha et så kjærlig forhold til en maskin. Det får du med en Mac, vet jeg. Men å kalle den Bleikingen, da gitt…

Folket:
* AlterEgo: Denne var enkel. Radarparet. Fordi jeg kunne skrevet den selv, bare at Mac ville hett Vaio i stedet:)

* Hjorthen: Radarparet er ålreit, men poenget blir litt for opplagt.

* trikkefører: Radarparet. Pent.

* Sauegjeteren: Kommentarstemmen min går til Radarparet. I dag var det litt lettere å bestemme seg enn i går, men samtidig litt vanskelig. Forbanna nivå.

* Comrade Arnfinn: … Men stemmer her vil gå til “Radarparet”. Jeg har ikke mac sjæl, men den posten burde rettighetshaveren kunne vurdere å selge til Apple som reklametekst! Jeg fikk nemlig lyst på, for dette var en vakker historie. :D

Tagger: , , , , ,

Rykande fersk blogg

11 May 2007 | Blogging | No Comments

Wuhu!

Ikkje fantastisk domene, men i alle fall ein nusseleg og ny blogg.
Den kan du klikke deg til –> der.
Eller du kan kopiere dette: http://bloggs.be/jannetrykker

Tagger: ,

Blogging på hjernen

9 May 2007 | Blogging | No Comments

491149940_0062a0ab4e_mNår vi i løpet av 1,5 år har kunne sprade rundt utan nerveframkallande karakteruroingar, vil eg gjerne kludre til passet for læraren som avgjor at karakterar kunne flettast inn etter ein arbeid-deg-ihel-månad.

Som ein siste hestekur for å fordunste det som er att av arbeidslyst, har vi fått ei karakteroppgåve på skulen. Det er snakk om analyseoppgåve eller eit valfritt temamagasin.

Her har du meg: Eit magasin om konsekvensane av dagbokblogging for barn og tenåringar.

Dette resulterte i eit avkappa Megafon-redaksjonsmøte og eit lenger opphald på Landmark, der eg høyrte på gullbloggvinnaren VamPus, samt bloggeforskar Torill Mortensen. Det er kjekt at dei, på same måte som meg, likar å leike detektiv for å finne fram til folk som har plukka ut nokre velvalgde ord om bloggen deira. Eg vert ikkje overraska om bloggenasene deira sporar opp dette.

MED NYERVERVA redaktør-sjølvtillit etter presentasjonar for rundt førti studentkroppar, kvinna eg meg opp til å veive med penn og finger i skjønn foreining. Stadig oftare dukkar denne kjensla opp:
“Dette er noko du eigentleg ikkje tør å gjere. Men du vil. Pokker heller..”,
så gjer eg det likavel. (Sånn circa det same fenomenet som streifa meg då eg sette kryss for å verte redaktør, men mest hadde trua på at sotravenninna mi skulle kapre stillinga).

“Det er kanskje litt dumt å måtte nemne Facebook endå ein gong. Men der kan ein altså lage grupper. Ein av desse heiter ‘Om eg stryke på eksamen, skuldar eg på Facebook’. Kor lang tid nyttar de sjølv på blogging, og har det vorte ei form for avhengigheit?”

’LILLE RUSK’, som mamma skjemtande helsar meg over telefonsambandet, overraska seg sjølv nok ein gong. Det å velje å lage eit temamagasin om blogging, som for tida har vorte eit glupsk tidsmonster saman med Facebook, var kanskje ikkje det luraste. For innom bloggar må ein, og eg finn stadig nye som har gjort tastaturet til sin beste ven. Det er lenge sidan sist eg vart sittande og berre lese innlegg på innlegg. Rett og slett fordi setningane er som ei skattejakt, berre at her er alt gullforgylt. Gullforgylt, med ord og vendingar som får deg til å halde fram, likeeins med måten LOST sluttar der du tenkjer ”Om episoden sluttar no MÅ eg sjå vidare.” Og den sluttar alltid då. Både LOST-episodane og orda til Mihoe.

I fare for å skrive verdast lengste blogginnlegg, serverer eg nokre smakebitar frå bloggen hennar ”Reality challenged”, der kategorien ”Datehælvete” sugde seg fast til mitt (sitat prosjektleiar for magasinet:) nærast perverse forhold til grammatikk:

491132866_b068b9aec7* NÅR EN BLIR SINGEL i en periode hvor de fleste i omgangskretsen din er godt og trygt etablert er det mange av disse som har lyst til å hjelpe deg ut av din ubehjelpelige situasjon. Hver gang jeg treffer dem spør de håpefullt om hvordan det står til med kjærlighetslivet mitt, og hver gang jeg trekker på skuldrene og forteller at intet er nytt under solen får de en tenkenyve mellom øyenbrynene som indikerer at de går igjennom kartoteket av single mennesker som befinner seg i omgangskretsene deres.

* Vi gikk tur og vi viste hverandre mobilbildene våre og jeg lo veldig av at han var nesten like stolt over gullfisken sin som jeg er av datteren min.

* EN MANN som hørte på Ane var jeg overbevist om var en mann som virkelig forsto kvinner og en som var beredt til å ta i mot både morgenangst og kveldskynisme. Jeg var overbevist om at du ikke kan sitere teksten til ” My Lover Will Go” uten å være en å stole på, en person med de reneste og pureste intensjoner.

* Vi drakk litt mer vin og tiden var endelig inne for at han skulle vise frem bildene sine. Dessverre var han ikke bare flink, men veldig frisinnet også, så de neste bildene var ikke like uskyldige. Det var nemlig håndkolorerte bilder av ham selv – naken. Lett rødmende og stotrende forsøkte jeg å kommentere bildene av ham mest mulig ubesværet og intelligent. Jeg tror ikke jeg lyktes helt fordi han bemerket at det kanskje var litt drøyt å vise meg nakenbilder av seg selv, noe jeg selvsagt benektet samtidig som jeg berømmet den dristige fargebruken fra livet og opp på den nakne utgaven av mannen jeg hadde ved siden av meg i sofaen.

* Så nok en varm og fin sommerkveld vandret jeg med hjertet i halsen ned til elva med pledd under armen og min sedvanlige Chablis i veska. Det var ubeskrivelig hyggelig og etter en times tid lå vi i hete omfavnelser i alles påsyn (i et øyeblikk så hete at noen forbipasserende ropte: “Hey! Sånt blir det barn av”).

* HAN SVARTE selvsagt på samme vis som alle emosjonelle fyrer gjør når de opplever at ting blir vanskelige:

“Kanskje jeg ikke klarer dette”, “kanskje jeg ikke er bra nok for deg”, “kanskje jeg rett og slett trenger å være alene”.

Forholdet endte med et langtrukkent brak hvor hans forklaring på hvorfor han ville avslutte det hele var at han elsket meg, men ikke var kunne binde seg fordi han ikke fortjente meg og fordi han var redd for å miste meg (et argument var at jeg var eldre enn ham og røykte og derfor sikkert kom til å dø før ham og det ville han rett og slett ikke holde ut).

* Han ble skikkelig varm i trøya av dette Forrest gump pratet sitt og påbegynte en lengre tirade av gumpismer gjengitt med en slående liten grad av skuespillertalent. Det begynte med ”My name is Forrest Gump. People call me Forrest Gump”, gikk via ”Life is a box of chocolates…” og endte med en lengre og pinefull dramatisering av Forrests dialog med en drill seargent (handler om at han militærfyren syns Forrest er den smarteste karen han har møtt, noe som ikke sier rent lite om det militære systemet). Mens han holdt på med dette ble smilet mitt ubehagelig stivt, og jeg fikk sånn små rykninger i munnvikene som bruker å dukke opp når hjernen din sender signaler til ansiktsmuskulaturen om at dette absolutt ikke er morsomt.

Tagger: , , , ,

Vakre vloggar

18 March 2007 | Blogging | No Comments

lapparHer finn du ei samling av dei vloggane eg sløsar vekk mi dyrebare tid på i kvardagen. Dei er geniale på kvar sin måte, og difor vanskeleg å rangere.

Difor klypte eg i sund ein lekker liten og rosa hjarte-post-it. Med namn knørva på kvar sin del, likar eg å tru at eg er politisk korrekt i forhold til rekkefølga. Berre sjå mot venstre side av bloggen*peike*

Har plukka ut tre sitat her og der frå kjeldene med skribleri. Avsluttinga av dette innlegget er sider der eg ikkje kjenner skribenten personleg, eller nyleg har starta å følgje med på *brette ut lappar* Slik, då startar vi.

    424565152_82f0ae5854_o

424476840_bc69394a06_m
Ina / Lukritzia
Ina-pina-mandarina-mi! Ho var den som faktisk hekta meg på vlogging i frå starten av, og er sjølv ein av dei flittigaste skribentane på EnjoyDiary. Ho går under klistrelappen «bonde-gothar» og trivast med det. I eitt av to år på journalistikklinja ved Norges Kreative Fagskole (MI) i Bergen gjekk vi i same klasse. No kosar ho seg derimot gløgg ihel på film- og TV-produksjon ved Noroff. Så, heldigvis; framleis i same by som meg (:

«… me måtte kopiere ei teikning av Picasso! Haha, sjå for deg MEG sitje der og rable. Eg kan ikkje teikne strekmenn ein gong, utan å bli anmeld for trakassering av Calista Flockhart.»
- Ina på teiknekurs.

«Kjære Dagbok. Kva faen er det med mannfolk??? (Red: Dette var starten på innlegget. Her kjem avsluttinga:) Kossen skal eg overleve til neste år?! I mean –> Når eg flyttar til Bergen, har eg ikkje tilgong på Internett frå leiligheita/hybelen min lenger!! Aiaiaia. Må go’snakke litt med dei to karane eg skal bu ilag med….MÅÅÅÅ ha Internett!! Har vore utan i nesten 2 veker, og det var eit MARERITT!! Stakkars meg. Huff.»
- Ina veit korleis ho skal starte med eit drønn og avslutte med eit sukk.

«Eg har leika med dyra, lært Rafael ein ny rampestrek (han har jo eigentleg ikkje lov å hoppe opp i sofaen….men dum-di-dum!) og eg har klipt gubbelusken! ;o) Han blei sååå fin atte! ;o) Det var frisør eg skulle vore! :o
- Ina følgjer langt i frå alltid reglane – og lærar òg dyra sine å verte rebellar.

ingvildIngvild
Ingvild er og ein av tjommisane mine i klassen, og har etterkvart ruga fram ein heilt eigen vlogg for mote og «det vesle attåt». Spørsmålet er vel kanskje heller kva for dagar i veka ho ikkje kikkar innom klesbutikkane, enn dei ho faktisk gjer det (: Eg innrømmer det gjerne – etter å ha følgd med på sida hennar har kles-entusiamen hennar smitta over på meg.

«Og i mine øyne er denne mannen noe av det vakreste på denne jord. Svak for musikere ja. Har aldri vært på konsert med dem, og da han hadde prosjektet Zwan skulle de egentlig på Quarten, jeg tisset nesten på meg av glede. Men de avlyste hele auropa-turneen.»
- Ingvild om yndlingen hennar, Billy Corgan i bandet Smashing Pumpkins.

«Ja og så var det rumpetaskene da…..jeg er ikke helt klar for den neonfargene jeg hadde da jeg var liten, men denne er fin fin og Wildcard trumfet gjennom med denne på treningsfest…wohaaa..»
- Ingvild tek føre seg alt. Óg kva for rumpetasker du bør ha.

«Følte meg litt dum da blitsen gikk av inne i prøverommet. Det var ikke planen kan du si.»
- Ingvild står i prøveromma og knipsar i veg. Det går ikkje alltid som planlagt.

joakimJoakim: Gamal blogg. Ny blogg.
Igjen, ein som går i klassen. Joakim har dette med å kome eit par timar etter skulen har starta. Helst skulle han hatt sin eigen butikk med der han kunne lest bøker, og kanskje bidratt litt med eigne skribleri. For sjølv om journalistikk kanskje ikkje er det fagområdet han kjem til å sette alle klutane til, så meistrar han skrivekunsten. Det var ikkje for ingenting at han i fjor haust kom høgt på inntakslista ved Skrivekunstakademiet.

«… redaktører skal han ha, hvem i faen vil noen være redaktør. jeg vil ha minst mulig ansvar. ikke motivert til skole. godt det er snart ferdig.»
- Joakim er lei skulens slaveri.

«Jeg så bort på soveposen ved siden av meg, den var tom, og jeg ble straks var at hun satt foran teltet i det jeg hørte henne inhalere røyk og lagde den sedvante “isssh” lyden som hun pleide. Jeg åpnet glidelåsen på teltet og stakk ut hodet. Fikk ut et hest morn. Stemmen var ikke så kjekk som jeg var håpet den skulle være, men den var ofte slik om morgenen før man har fått prøvd den ut.»
- Ei elegant sommarforteljing.

«en marihøne fløy akkurat forbi meg, det er oktober, det virker litt utenfor sesongen. den krabber nedover vinduet mitt på flybussen. fin dag, solen skinner. kanskje den ikke vet at sommeren er over.»
- Marihøner er óg med i vloggen hans.

anetteAnette / DivaQueen (red: bloggen er avslutta)
Anette likar rosa, glitter og stas. Samtidig er ho reservemamma og eit ordensmenneske som få. Jenta som lysnar opp mine elles grå skulekvardagar. Jenta som held ut med gnålet mitt – og jenta som må reknast for å vere min personlege rettleiiar på kjærleiksfronten. Ingen syng høgare enn Anette når trudeluttar frå 80-talet ljomar over høgtalarane. Og berre Anette finn det for godt å kjøpe lekre sko, med høge helar, som ho endar opp med å måtte ta av under danseøkta ein laurdagskveld. Golvet ved Scotsman er rett og slett ein magnet for glasbrot. I det siste har oppdateringa skjedd med særs store mellomrom. Eg seier som TV2 *ty til kviskring* «..sjå kva som skjer..».

«Da datteren i huset så flagget bli brent på tv for første gang skrek hun ut: Hvorfor brenner de flagget vårt? Jeg svarte fordi de er sinte på Norge. Hun skrek umiddelbart ut – Da skal jeg brenne flagget deres!!! Oi tenkte jeg, tror vi får ta en prat.»
- Anette etter å ha sett ein snutt om Muhammed-teikningane på Barne-TV saman med veslejenta.

«Mannen har rømt huset, ettersom han ikke ser poenget med OL i det hele tatt. Når jeg i all min entusiasme sier at vi fikk sølv i dag, ser han oppgitt på meg og sier javel, før han begynner å prate om noe annet.»
- Ikkje alle delar entusiasmen hennar når det gjeld olympiske aktivitetar.

«Jeg tør jo knapt bevege meg ut i fra senga, ettersom slike dyr gir meg angst. Problemet er at vi finner den ikke igjen. Så i dag blir det innkjøp av musefeller. Kreket skal dø!»
- Anette er ikkje glad i mus. I alle fall ikkje innanhus.

stabilt ustabilKristin / Burugla: Gamal blogg. Ny blogg.
Denne flickan gjekk eg alle mine tre år på vidaregåande saman med, og er definitivt ein av mine beste venninner. Etter den tid har ho vore både på sunnmøre og på Sørlandet, der ho no studerer engelsk på universitetet. Til hausten kjem ho forhåååpentlegvis til Bergen, slik at vi kan gumle muffins ut i dei seine kveldstimane attåt fortryllande musikk.

«Kven er dei, og kva har dei gjort med familien min??? For augneblinken sit heile familien min klistra til tv-skjermen og ser på tennis. TENNIS! Verden er gal.»
- I frustrasjon over at familien hennar benkar seg framfor TV-en.

«Eg har leika hønemor for ein kanon dritings katt her i ettermiddag. Vi fekk henta ho i 4-tida, og då var ho fullstendig bortevekk. Ho kunne gå oppreist eit par meter bortover før ho på lite elegant vis bikka over på sida. Visste ikkje heilt om eg skulle le eller grine.»
- Kristin har nyleg gjort katten sin ørten hakk mindre fruktbar.

«Død og pine! Dissa Idol-dritungane mishandler Coldplay!!! *hive stein på TV’n*»
- Eit eige innlegg med ei setning, dedisert til Idol-folka. Det kan nemnast at Kristin er ihuga Coldplay-fan.

sisselSissel / Made In Seoul
Liten & Gul kallar ho vloggen, men det er meir med jenta enn auget ser. Ei fargesprakande sjel som grev seg ned i jussen på Universitetet, men jamvel veit å kikke opp frå papiret. Då fyrer ho av meg gullkorn på gullkorn på den vesle kroken ho har kara seg til på nettet. Undervegs får vi oppdateringar korleis det går med bakbeina og auget.

«I drømmen våknet jeg kl. 11.38, stresset som bare faen med å finne nummeret til legevakta for å si at jeg ble litt sen. For her oppe i gokk lar det seg gjøre – av en eller annen merkelig grunn er kontordamene mye hyggeligere. Men fant jo ikke dette nummeret da, så jeg ble enda mer stresset og oppkavet og fløy rundt her hjemme som en høne på speed, med en stykk gira voffse i hælene… *sukk*»
- Ei forvirra og stressa Sissel.

«Nisselurt. Så kom jeg på den fantastiske oppfinnelsen med å sende sms fra nett. Sendte Broder’n en melding, og etter tre minutter hører jeg en lyd fra kjøkkenet. Setter ørene på stilk og finner mobilen INNI kjøkkenskapet. Hva faen..»
- Det er mange som slit med å finne mobiltelefonen sin.

«Den faglige delen av kollokvien gikk jo fløyten ett minutt etter at vi hadde skrudd på den seriøse delen av hjernen. May satt og tegnet fra “prikk-til-prikk” på Tom $ Jerry – kjekspakken, og Måder’n lagde bil av bokstavkjekspakken. Vala lagde passasjerer til bilen, mens jeg gjorde et helhjertet forsøk på å lese opp læringsmålene.»
- Er dette eit klassisk døme på ei juss-kollokvie, Sissel?

isabelIsabel / Regnboga
Jenta, med berre ein l i namnet sitt, vart eg kjend med då vi trakka i ørsmå sko på barneskulen. Heile ni år gjekk vi i same klasse – og avslutta i 2002 med subbande buffalo-klossar ungdomsskulen saman. Etter det har kontakten vore litt sporadisk, men dess meir har vi fått tatt igjen dette året når vi har budd saman (: Takka vere at ho sender oppimot hundre (!) meldingar for dagen, held vi kvarandre oppdaterte på små kuriositetar i kvardagen. Isabel er overbegeistra for ei viss Marit Voldsæter frå Kvinner på Randen, og har som mål å få slå av ein prat og drikke kaffi med bergensarkvinna. Eg vil gjerne ha all ære for å ha fått denne sjarmerande skribenten inn på nett. Er der greitt, Izzy?

«For ja, sjølv om eg hadde sjølvtillit på størrelse med ei ert og redlse meir som ein melon, sjøl om eg svetta som ein gris, skalv på dei nylakkerte neglene mine, strømpebuksa gjekk nedover og skjørtet oppover; så gjekk eg bort til ho, og fekk bekrefta det Kjersti Berge prata om i showet sitt; stemma blir påverka av det meste.»
- Isabel om då ho traff førebiletet sitt, Marit Voldsæter.

«Men no har TV2 klart det. Å stille eit spørsmål utan eit ja- svar. Veit ikkje om eg er stolt eller flau, eller rett og slett litt sint og trist, men spørsmålet er iallfall: Skal vi isdanse? Nei. Nei, nei og atter nei faktisk! Vi skal ikkje isdanse, eg skal ikkje isdanse, og heller ikkje sjå på at nokon isdansar; og eg skal overhode ikkje nærme meg å sjå på Dorthe Skappel og Sandra Lyng Haugen som isdansar.»
- Ei engasjert Isabel om TV2 sin stygge tendens til å stille sjølvsagte spørsmål gjennom namngjevinga av program.

«Endeleg helg! … og denne skal bli fylt med Disney, litt alkohol og skuleoppgåver. Idag har eg sett Askeladden, fantastiske forestillinga for born! Den MÅ de sjå om de har sjansen!»
- Ingen elskar Disney slik som Isabel.

hasturKristian / Hastur
Skjeggemannen som tidlegare haldt asyl på den politiske fronten av Os. Medan eg har funne horestrøket i sentrum, har Kristian funne horekåken eit par steinkast frå bykjerna. Det var han som introduserte ordet «vlogg» for meg. Aldri har eg sett han bruke det sidan *peike triumferande på* Utifrå overskrifta kan du oftast luke ut kva innlegget handlar om. Har du ikkje hatt eit forhold til nazisme tidlegare, får du det i alle fall gjennom denne sida.

«Ikkje for å virke fullstendig fiksert på visse herremenn og deira historikk, men eg høyrde her forleden at den tyske byen Bad Doberan no vil fjerne Adolf Hitler frå si liste av æresborgarar.»
- Eit klassisk Hastur-innlegg.

«No veit eg ikkje lenger kva eg skal tru… for noko skjer… noko rosa. For å vere presis, så tenkjer eg på den kasserte rosa tanksen som står i mitt nabolag, knapt eit steinkast frå leiligheta mi. Så eg spør meg sjølv, er dette eit resultat av homofile i hæren? Eller ein homofil hær? Har det vore utkjempa ein krig utan at vi veit om det? Eller er dette berre ein av mange tanks gøymd vekk til ein komande krig mellom legningane? – Vel side no, eller kjenn konsekvensane.»
- Kor ofte kjem ein over ein stykk rosa tanks i nærområdet?

«På måndag banka det på døret, ei ung og hyggjeleg kvinne ville selge meg brann- og innbrotsalarm. Tilbodet var vel óg bra, men eg erklærte at om det skulle byrje å brenne så håpte eg jo på at asfalten tok imot og at eg strengt tatt hadde dårleg tid.»
- Dimed vart eit nytt møte avtala – og ein plan starta å spinne i hovudet til Kristian. Den må du lese.

mariusMarius / Mafo (red: bloggen er avslutta)
Marius kjem frå det blide Sørland. I den skarrande byen mellom dei sju fjell har han gjort butikk (les: Amobil) av å skrive om mobilar og tilhøyrande duppedittar. Etter ei stund fant mobilgründeren det for godt å få litt utdanning i bakhand, og hamna i klassen min. Med ujamne mellomrom postar han merksnodige perspektiv (han har blant anna konkludert med at katten hans er homo) eller bileter frå fjern og nær.

«Ludvig foretrekker grønnsaker fremfor kjøtt, blir venn med fluer og nekter å bruke kattesand som er eldre enn fire dager. Slik fornuft finner du ikke hos heterofile mannfolk.»
- Denne teksten gjekk under overskrifta “Katten min er homo”. Der finn du og bilete.

«Einar er fra nordnorge einar er min venn einar drikker kaffe til det ikke er mer igjen einar spiser kjøttpålegg og danser sjelden vals einar er på fisketur og kaller whiskey vann.»
- Dikt om kompisen Einar «Executer» Eriksen.

«Ingenting sprer julestemning som Hansa Juleøl og Jägermeister servert fra den mandige lommelerken til Ulf.»
- Jul på Møhlenpris er noko for seg sjølv.

overskrift
regnvåtRegnvåt: Gamal blogg. Ny blogg.
Ved eit slumptreff hamna eg innom denne fine vloggen for nokre månader sidan. Denne jenta kan lire av seg dei finaste skildringane – både gjennom tastetrykk og avløysarknappen på fotoapparatet. Absolutt verd å kikke innom.

«Som det slitne, fraværende og misforståtte menneske jeg er gråter jeg, på skulderen hans. Mellom turister som snakker om isbjørn og kuldegrader. Tårene triller nedover dun og jeg må egentlig le av meg selv.»
- Nydeleg nummer ein.

«Jeg vikler meg løs fra hans kropp, famler i mørket mellom alle ordene som ennå svever i luften. Finner klærne mine og veien ut. Ut fra mørket med alle hemmeligheten, ut til et sted hvor det er bare meg.”
- Nydeleg nummer to.

- Ho ser detaljar som vi andre ikkje ser.

gutenGrungegutten: Gamal blogg. Ny blogg.
Fyrste gongen eg fant vegen til denne vloggen hadde han lagt ut ei dødssjarmerande paint-teikning av ein dinosaur han kalla Bob. Den ihuga Nirvana-fanen er ein morosam skrue. Start med logoen hans: «I wish I was like you – easily amused».

«I dag var eg ein tur til storbyen, aka Bergen. Og der er det drøssevis av junkies og uteliggarar. Og ingen av dei spør meg om eg har ein femmar til kaffi, eller om eg vil kjøpa sånne gateblad som dei sell. Eg fatte det ikkje. Så då tenke eg, kor jævlig må eg sjå ut for at uteliggare og jukies ikkje vil snakka med meg?»
- Grungegutten etter å ha vore i Bergen.

«Jeg liker å tro at fluer er snille. Og at fluer ikke kan gjøre meg stort. Men der tok jeg feil, fordi disse fluene er ikke snille. Disse fluene er ganske ville. En flue og dens kamerat har lagt meg for hat. Fluene ser på meg som mat. De jakter meg på hvor enn jeg er. Og flyr etter den dårlige lukten ifra mine klær. En kamikaze-flue treffer meg i hode. Jeg går rett i bakken og knekker nakken. På bakken jeg ligger og blør en hel masse. Fluene koser seg med både blod og hjernemasse»
- Komponerer dikt gjer han. Til og med om morderiske fluger.

«Bob har vannhode, men han er like glad for det.. Han er kanskje ikke den smarteste dinosauren around, men han er en hyggelig fyr. Når Bob er ute og drikker så pleier han å få en veldig kraftig hodepine dager derpå.»
- Hels på Dinosauren Bob.

maudMåder’n (red: bloggen er avslutta)
Måder’n er den framtidige ektemaken til Sissel. På vloggen sin fortel ho om alt i frå absurde draumar om bananvekter til korleis kroppen har det etter x antal glas øl og vin.

«Der er de! ta dem! roper noen – der kom naboene løpende, med sin ødelagte bananvekt, hylende: drep dem drep dem. ta brudeparet! bak dem kommer en hær med bittesmå indere (noe alle ompalompene i charlie og sjokolade fabrikken) – de bevegde seg som lyn. alle hadde røde øyne.»
- Måder’n drøymer gjerne om ei defekt bananvekt og ompalompa-indarar.

«ja, halvannen times trening med lisa. ka du gir mæ? holdt på å daue av en sånn lårtrenings/hofteherper/skrevedegihjæl mekanisme, men ellers gikk det overraskende bra.»
- Ei hard treningsøkt.

«Du veit du har gått for lenge på jussen og humoren din er totalt ødelagt når du må gi opp å lese mer, etter man har kommet til eksempelet: Esau selger sin førstefødselsrett for en tallerken linser… og så ler seg halvt ihjæl og ikke klarer lese mer. ..mjo, her har du min førstefødselsrett, gi mæ tallærken me linsane no!!! herregud =p»
- Studentar ved jussen står i fare for å utvikle sin eigen form for humor.

Tagger: , , , , , , , , , , , , , ,

Reklame

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University nær Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Søk

Gæmlisinnlegg