Dagens foto: Knall og fall

24 June 2009 | Personleg | 2 Comments

Bilde 7
Fototittel: Knall og fall
Tid og stad: 24. juni, cirka 0805
Skildring: Denne asfaltgropa på snarvegen til jobb, som forresten er mykje djupare enn kva den ser ut til, sørgde for at beina og tilbehøret fekk nærkontakt med jorda. Eller asfalt, om du vil. Kanskje like greitt, sidan eg mest vart litt høg på pæra av å ha kapra framsida av Firda i dag.

Men ikkje berre vart eg utsett for asfaltvold. Det heile gjekk òg hardt utover eit uskuldig offer: Buksa mi. Eit prydefult hol sette sitt preg på dongrien, og førte til at eg måtte stable eit sårt kne oppetter bakkane igjen. For når buksa har såpass store hol som dette, må ein rett og slett bytte før ein troppar opp på kontoret.

Enden på visa vart til at eg tok sykkelen til jobb. Og kom tidsnok. Men litt «au» er det framleis.
Bilde 8

Tagger: , , , ,

Eggar opp til «dagens foto»

24 June 2009 | Blogging, Kuriosa | No Comments

eggmannSPALTEDEBUT: Det er ikkje berre bransjen eg jobbar i som har agurktid.

For på bloggen min er ikkje stoda stort betre. Difor freister eg å ta eit bilete, om lag kvar dag, som eg skal publisere på bloggen no i sommar. Ikkje nødvendigvis eit fantastisk bilete. Ikkje nødvendigvis eit bilete av spesielt god kvalitet. For det går kjappast med mobilkamera, og det er det som er kjerna i saka: Det tek såpass lite tid at det går heilt fint å avsjå mobilknipsing for bloggen min.

Puh. Så då var det skrive – så skal eg gjere eit godt forsøk på å halde lovnaden. Sidan eg ikkje kom på denne idéen før no, eit kvarter før leggjetid, vel eg å bruke eit gamalt bilete.

Tittel: Oppegga
Tid og stad: 11. april 10.52, på kjøkenet til storesøstra mi
Skildring: Nokon sørgde for at maten smilte mot meg då eg etterkvart fann frukostbordet.

Tagger: , , ,

Svelg den, du

23 June 2009 | Personleg | No Comments

Bilde 5
SPORTSMINNE: Mi heimbygd nummer to kan kunsten å hoppe høgt med pinnar.

Eventuelt: Stavhopp. Dei høyres jo litt proffare ut. Så la oss bruke ordet «stavhopp». I dag skriv NRK-kontoret i Førde, NRK Sogn og Fjordane, om korleis Svelgen kan takke den gamle gymlæraren min for eit unikt stavhoppmiljø.

Det fekk meg til å tenke på, nettopp, den gamle gymlæraren min. Læraren som hadde klassen min i religionsundervisinga – og ikkje kom med sterkare salver enn «suppenellikar». Ein gråhåra mann som fekk oss til å sette armane i sida og rulle på hoftene (oppvarming). Ein friluftsentusiast som alltid hadde eit smil på lur, som aldri heva røysta, og som alltid brydde seg om elevane sine.

Då han pensjonerte seg, ville tre frå klassen vise han kor mykje vi sette pris på han i retur. Ei rose frå kvar av oss var det han fekk, den dagen han gjekk. Og rørte auge i retur vi fekk.

I den perioden då eg var redaktør for den oransje russeavisa og vi skulle velje æresruss, var vi ikkje i stuss. Ingvald var ein av dei som skulle få heider av frisluppen russ. Godt vi ein slik knallkjekk lærar skulle få.

Janne mimrar der ho sit åleine i ein Førde-kåk. Og gler seg samstundes litt til å sjå morgondagens framside av Firda.

Tagger: , , ,

Nett no: Firda

18 June 2009 | Journalistikk, Personleg | No Comments

Bilde 4SOMMARJOBB: Eg er på plass i Førde. Trivst. Men mitt sosiale liv er gravlagd.

Kanskje fordi eg ser så skeptisk ut første arbeidsdag? Bilete viser eit middels konsentrert uttrykk som landar i andletet mitt idet fotojournalisten i Firda gir meg og den andre ferskingen eit lynkurs. Sjølvsagt skal lærdomen illustrerast med å ta snikfotografi av elevane.

Men frå hummar til humle: Førde-hybelen min har ikkje bakaromn! I sommar vert det med andre ord mykje wok, pannekaker og.. ja. Alt som eigentleg ikkje skal inn i omnen. Lite baking òg, kan du sei. Difor reiser eg i morgon heimover for å ete pizza. Og for å sjå folk utanom arbeidstid, sjølvsagt.

Hugs å sjekke Trykksverta mi for å sjå kor produktiv eg er no i sommar.

Tagger: , ,

Enkelt skrive / skrive enkelt

8 June 2009 | ..litt på sida | 2 Comments

asfaltfamilieANLEISINLEG: Jane i tryken skriv eit inleg utan ord med doble konsonantar.

No for tida skal alt vere dobelt.
Dobelt så stort (burger og busar)
Dobelt så langt (langeman og Springsten-konsertar)
Dobelt så smakfult (alt)
Eler ekelt (chips med lauksmak)

Kva med å gå atende til røtene? Til det primitive. Til runeaktig skriving. Der kvar ein bokstav vart risa in i stein eler tre.
Og sidan det tok så mykje tid, måte ein velje bokstavane med omhu. Ja, for ein skule spare tid i gamle dagar òg. Men ikje i like stor grad som no. Heldigvis. I staden for nanosekund og brøkdelar, brukte dei solur, åringar i tre, årstider, sola.

Eg har mange kloker. Utan at eg er spesielt flink til å bruke dei.
Hempene med urskiver heng no der. På den kvite soveromsvegen min.
Oftare brukt på handledet mit i form av pynt en tids-påpasar.
Ein eg kjener brukar mykje pengar på dyre tids-påpasarar.
Men om tid er pengar, og pengar er tid, er ikkje kjøp av dyre kloker sløsing av båe?

Dei seier det enkle ofte er det beste.
Samstundes: No pain, no gain.
Og ein gylen melomveg.
Best i test er vel den tredje – i ale fal slik eg ser det.

Du kan kjøpe gode kjeks på butiken
- men mine heimelaga er best.
Og intelektuele kunstnarar kan måle
- men bilete kan like gjerne vere laga av ein ape
– utan at nokon anar det slag.
Enkelt sin, enkle strekar. Apestrekar.
Gutestrekar.

Strekmerke er merke eter det mindre enkle.
Merker som miner deg om reisa kropen har vore gjenom.
Fødsel. Vekst. Mat.

I kveld er eg enkel.
Enkle meneske treng svevn.

Eg.
Ikje eit untak.

Hårreisande..

7 June 2009 | Personleg | 4 Comments

Bilde 4OPPDATERING: Hårreisande lenge sidan sist skrivekløa melde seg.

Difor postar eg noko som skal likne på eit sjarmerande bilete, med alle dei nye hårklemmene eg kjøpte i dag.

Sidan eg er så sofistikert og kulturell av meg og alt det der. Nemleg.

Vel, ok. Sidan sist? Ja. Det har vel skjedd lite. Og mykje. Og. Litt. I alle fall:

* vi har byta månad. Den heiter juni, og er ei årleg greie. Eg likar det.
* opplæringa mi i Studvest er over. Det er skummelt. Og er veldig spanande på same tid. Greitt at avtroppande redaktør bur eit steinkast frå studentsenteret om krisa skulle bite meg i leggen.
* eg har fått ny kåk i byen! Flytteprosessen skjer først seinare i månaden. Sjå!

Bilde 5

Dørmatta ligg på toppen av bakken etter trappene opp frå Fløibanen. Fine, fine, Skansen. Frå hausten av vert det med andre ord berre dei sprekaste vennane mine som vert å sjå på besøk. Eventuelt dei som har privatsjåfør, eller pengar til taxi.

* tidlegare i veka var eg og kapra pappkasser hjå ei venninne som nett har flytta. For å sikre meg sjølv øskjevegger til ting. I dag var eg på besøk hjå Kristian og kapra tomme brusflasker. Blant anna. Sånn går det når eg er altfor flink til å pante, men treng flasker til lemonaden eg skal lage. (Ja, bieffekten av for mykje fritid gjer meg tydlegvis til husmor. Kjeks har eg allereie laga.)

* Førde og Firda ventar meg 15. juni. Eg reknar med førdianarane tek meg i mot med opne armar. Ja, «førdianar» er faktisk eit ord.

* sidan sist har eit nytt bekjentskap av meg òg lært meg at det eksisterer vin som har kattepiss i seg. Uff. Ein kan bli gal av å vete for mykje. Det ein ikkje veit, har ein ikkje vondt av, og så vidare ..

* sidan sist har eg òg fått 753 spamkommentarar i spamfilteret mitt. Hurra! Nettverda går tydlegvis vidare sjølv ved opphold frå orda mine.

Tagger: ,

Noreg har bursdag!

17 May 2009 | Personleg | No Comments

Bilde 6NASJONALDAGEN: Og denne raude Studvest-fana var det auga mine hadde framfor seg i ein time av bursdagsfesten.

Korgfest på kontoret. Sjampis i glasa. Godt humør på lur og ei utskrift av alle dei åtte versa til nasjonalsangen i lomma.

— Gi meg ein R!
— R!
— Gi meg ein Y!
— Y!
— Gi meg ein B!
— B!
– Gi meg ein A!
— A!
— Gi meg ein K!
— K!
— Kva blir det?
— Rybak!

I «prosesjonen» (i Bergen heiter det ikkje tog) gjekk det like mykje i den nye som den gamle nasjonalsangen. Vi song i alle fall av full hals dei gongane studentradioen bak oss ikkje overdøvde tonane våre.

Bilde 4

Sunnfjordsbunaden fekk eg ikkje ha på meg i år. Noko som medførte til eit stikk av skuldkjensle kvar gong eg såg ein grøn vest med svart stakk. Så sant det let seg gjere å få sydd bunaden ut til neste år, skal heimtraktene reklamerast for ved neste høve. Bunadsdama som sydde plagget til meg då eg var 15 år sydde han i alle fall så figurstøypt at det ikkje skulle mykje til før han ikkje passa lenger. Sjølv om eg er lita, har eg tydlegvis vore mindre.

Bilde 5
Bilde 2
Bilde 7

Får til fjells

9 May 2009 | ..litt på sida | No Comments

Bilde 10TRASKING: Medan andre tek bilete av utsikta frå Fløyen, tek eg bilete av konglesau i skauen.

Eit teikn på at eg mest har starta å ta utsikta over byen for gitt? Solveig og eg vart i alle fall litt glade då vi såg moseklatten som stod oppå to pinnar og danna tak for desse sauane. Minner meg om svunnen barndom då vi laga hytter som var så godt isolert med mose at det var heilt tett. Vennegjengen min hadde den finaste og største hytta av alle i klassen. Faktisk.

Tagger: , ,

Slutt / start

8 May 2009 | Journalistikk, Personleg | No Comments

Bilde 3Seint, seint måndagsnatt tusja eg ut den siste saka for Fjord1-magasinet.

Den gule fargen sette ein sluttstrek for arbeidet i denne omgangen. Ferdig etter totalt tre veker med herjing med mobiltelefon og over tastatur. Og då eg skulle summere betalinga for alt arbeidet, kunne eg lett hente fram smilet. Summa summarum tilsvarar nemleg arbeidet ei månadsløn. Og ingenting er jo betre enn det! (Eller, ok. Ein million i Lotto hadde jo vore betre. Men ettersom eg ikkje spelar Lotto, er det ikkje så veldig sannsynleg for at eg vinn heller.)

Allereie dagen etter at det vart stadfesta at eg fekk redaktørjobben i Studvest byrja opplæringa. Det kriblar i magen! Så grådig! Eg har som smått fått innføring i korleis ein skaffar plater, bøker og liknande. Korleis ein finn fram pressebilete. Kor ein gjerne leiter etter saker. Korleis ein skriv saksliste. Redigering av tekstar.

Og notisskriving. Den observante Studvest-lesar kunne med andre ord oppdage dei første nynorske notisane i avisa sidan … 2004/2005? Hurra! Frå hausten vert det nynorske kultursider. I alle fall notisar. Og leiar. Og dei sakene som eg må skrive når ingen av journalistane mine forstår sitt eige beste og avlastar meg med å skrive dei sakene eg deler ut.

Elles:
- svelgen.no, klypp-og-lim-nettstaden til Svelgen, har klistra namnet mitt opp på framsida. Og eg merkar at det gjer meg litt flau. Men eg skal kanskje vere glad for at eg gir svelgarane noko å diskutere når dei treffast på Coop.

Berre sjå her, eller på Studvest sine sider:
svelgen no

Er det no eg skal vedkjenne at eg faktisk har kladda den same meldinga før eg fekk jobben.. ? Ja. Eg hadde veldig lyst på jobben. Og eg har enno ikkje landa etter eg fekk han.

- eg gler meg som ein tulling til sommaravslutninga med Studvest. Sjølv om det òg vert litt trist å sei ha det til fotoredaktør og kulturredaktør.

- Eg har gitt kollektivet over i andre hender. Gutehender, faktisk. Og han eine kisen var igrunn såpass sjarmerande at eg kunne tenkt meg å sett han att. (Nei, mamma. Eg har ikkje tenkt å vere så freidig at eg spør. Eg er då profesjonell. Makan.)

Minner meg på at eg, etter at han har signert kontrakta, skal fortelje han korleis skråtaket på ‘toan gjer at karar må
A) sette seg ned når dei skal kvitte seg med gul væske, eller
B) bøye ryggen litt bakover

Slik sett kan vi vel konkludere med at dette eigentleg er eit jentekollektiv. Dei kjem nok til å skalle hovudet i taket når dei skal bruke oppvaskmaskina òg. Akk, ja. Men sett opp i mot dei noverande narkomane naboane som dei har – burde vel ikkje dette vere ein altfor dum bu-lagnad?

Tagger: , , ,

Bergenskollektiv for tre. Vil du ha?

3 May 2009 | ..litt på sida, Tekstmelding | 4 Comments

Bilde 7Lenken finn du i alle fall her.

Og sidan eg personleg alltid er mistenksam til utlysingar utan bilete, har eg truleg sett rekord i talet på bilete i ei og same hybel.no-utlysing.

For dei som er nyfikne på korleis loftet her ser ut, så har dykk med andre ord eit gyllent høve til å kikke no.

Jannepanne

Tagger: , , ,

Reklame

Bloggen og eg

Sjefsskribent for kulturredaksjonen i Studvest. Eks-bloggar, grunna tilnærma null fritid utanom jobb. Har store planar om å trappe opp blogginga til hausten når eg fyk ned «down under» Australia for å fullføre ein bachelorgrad i journalistikk.