Personleg
Oppdatering frå redaktørstolen
19 February 2010 | Journalistikk, Personleg | 2 Comments

Joda. Eg har planar om å oppjustere bloggaktivitetane i 2010.
Om enn ikkje heilt enno.
Etter å ha tenkt vel og lenge på det, har eg no bestemt meg for å reise frå Bergen. Min siste arbeidsdag i Studvest er over og ut 19. mai når den siste avisa kjem ut. Når då månaden bytar namnedrakt og døyper seg sjølv «juli», pakkar eg tannkost og truser for å bu i Australia. Det siste året med journalistikkstudiar skal dyttast ned i utdanningsbagen. Bonusen er jo at det er kengeruar, koalabjørnar, ein heilt OK temperatur og eigne grillklubbar.
Så klart skal eg starte å blogge att! Og så klart skal eg gjere dykk misunnelege ved å publisere solfylte bilete. (Og kanskje lengte litt heim i starten, kanskje til og med sakne skarre-r-ar, men voneleg vil berre dette vere dei første månadane).
Inntil då kan eg jo prøve å oppsummere redaktørperioden i korte trekk:
Mykje jobbing, skravling, sosialiseirng, latter, glede, frustrasjon, kommareglar, rettskriving, multitasking og plan b-c-og-d-ing.
Flinkare skribent etter å ha retta ørten skrivefeil (og ein god dose skrivelyst, når ein av og til tenkjer «eg kunne gjort det betre og kjappare sjølv».
Eit voldsomt utvida nettverk og mange herlege nye kjennskap.
Meir sjølvtillitt, rett og slett. Og meir erfaring i ei uvand, men voldsomt utfordrande, sjefsrolle.
Ein innimari yrkesstolthet.
Flinkare til å takle stress.
Erfaring som pedagog, rettleiar og medmenneske.
Det er igrunn vanskeleg å skrive slike oppsummeringar, for det er så mykje å ta utav. Kort sagt kan ein vel sei at eg gruar meg til å slutte. Avisa har vore livet mitt i snart tre år no. Kanskje ikkje så rart at det då kjennes litt vemodig ut. Men når det gjer slik som no, romsterer litt i magen – med tanke på utfordringar som ventar i Australia, så gler eg meg ganske mykje òg. Eg kjenner att denne magekjensla, og det tyder som regel at det er gode ting i vente.
De høyrer frå meg seinare. Eg lovar.

Men eg var ikkje død
23 August 2009 | Personleg | 5 Comments
Berre utruleg opptatt.
Eg er offisielt kulturredaktør i Noregs nest største studentavis. (Eg må eigentleg sei det eit par gongar til meg sjølv, før det eigentleg går opp for meg). Jobben gjer at stumpen sit i mange timar framfor datamaskina, at eg skvaldrar med kulturjournalistar og snakkar mykje i telefon. Dette medfører til mindre datamani på fritida. Og i neste rekkje: Mindre blogging. Eg hadde eigentleg ikkje venta noko anna.
Men la oss ta ei oppdatering i kjappe trekk:
EG BUR
- opp nokre voldsomt bratte bakkar. Etter dette året kjem eg til å ha endå kraftigare leggar. Hurra!
- saman med to gutar. Dei er ikkje berre flinke til å leggje ned dolokket, men òg til vere snille, ryddige, greie og alt det som høyrer med.
EG …
- gjer tidvis frykteleg mykje. Men i alle fall meir enn eg vanlegvis har gjort. Mest jobb.
- freister å rekruttere nye skribentar innan søknadsfristen vår, måndag 24. august. Kjenner du nokon skrivedyktige skribentar? Spre ordet?
EG HAR
- overlevd den første Studvest-utgåva. Og det sjølv om faktisk ingen kulturjournalistar dukka opp på første redaksjonsmøte.
- til saman over 30 utgåver att i denne avisa. Og eg gler meg!
- vore på Coldplay-konsert. Det var fantastisk! Kvifor har ikkje fleire artistar kanonar som sprer fargerike papirsommarfuglar i vinden? Og ikkje minst: Kvifor delar ikkje fleire artistar ut gratis plate til publikum når dei går ut av konsertlokalet? (Noko seier meg at økonomien kjem inn i biletet her).
Journalistar – ein gjeng sladrekjerringar?
30 June 2009 | Journalistikk, Personleg | No Comments
MASSEMEDIA: Med beina dytta innanfor døra i mediebransjen, får eg hjelp av menneska rundt meg til å stå tryggare innanfor journalistikken.
Foto: Privat
SJØLV OM MANGE av dagane som yrkesskribent i sommarvarmen har ført til ein del overtid, seinast i dag, kjennes ikkje arbeidsdagane spesielt lange. Tida flyg når ein telefonerar, noterer, køyrer og spekulerer. Ei ny avis har gitt, og gir meg framleis i over ein månad framover, nye erfaringar. Som journalist og menneske.
EIN NY ARBEIDSPLASS gjer at eg reflekterer meir over kva eg likar, og ikkje likar, ved å vere journalist. Mest det første. Journalistikk kretsar rundt noko som skil seg ut frå det vanlege. Det ein ikkje ventar. Ting som engasjerer, provoserer og gledar. Eg har gjort min andel av tekstar som omhandlar små ungar som dansar, syng og spelar teater. Gladsakene er viktige på sitt vis, men siste året har eg innsett at det er sakene som eg eigentleg ikkje ville ha, har gjort meg mest stolt i etterkant. Utfordringa og arbeidet ein har lagt ned i saka gjer vinsten større.
NETTOPP SLIK FUNGERTE hovudoppslaget mitt om ei planlagd kraftlinje gjennom Vettreiene bustadfelt i Førde kommune. Fleire grender var provosert over å få delar av gigantlinja Ørskog-Fardal tett innpå seg, og freista å påverke politikarane gjennom media. Dagen før kommunestyremøtet kom framsida med naboen som potensielt skulle få linja 115 meter frå det nybygde huset sitt. To dagar seinare kunne eg ringje ordføraren og høyre at kommunen hadde snudd i saka. Det kjendes godt – og vart endå betre då opplevinga vart toppa med ei takke-tekstmelding frå ein av innbyggjarane dagen etterpå eg skreiv at politikarane hadde endra standpunkt.
JOURNALISTAR SOM TIDVIS har oppheita diskusjonar rundt bildebruk, vinkling og titlar gjer at eg freister å tenkje meir gjennom det arbeidet eg gjer. Og kva rolle lokalavisa har for folk. Sjølvsagt har eg òg gjort det før – men no i endå større grad. Eg har i større grad erfart det eg trudde – at det er ei større utfordring å skrive korte informasjonsmette tekstar, framfor lange der du ikkje treng å gjere dei store grepa om teksten. I sistnemnde døme vert ein i større grad ein referent. Ofte synonymt med eit slappare journalistisk arbeid. Ikkje i reportasje-sjangeren, sjølvsagt. Men på nyhendeartiklar er kort og godt den beste tommelfingelregelen.
SJØLV OM DEN andre ferske sommarvikaren er yngre enn meg og med mindre erfaring, gjer ho ein knallgod jobb, og minner meg om den iveren og stoltheita ein har heilt i byrjinga over å køyre rundt i journalistbil og over å få namnet sitt på trykk.
EIN ANNAN SOMMARVIKAR som har trakka ned to av dei lokale avishusa sidan han var 15 år kom med eit godt sitat. «Når eg er ute på ein ulukkesstad, kjenner eg meg som ein gribb. Men eg må tenkje at eg er der for lesarane sin del. At dei har eit informasjonsbehov.» Han fekk meg til å tenkje over korleis journalistikken i si tid må ha oppstått
LA OSS SAMANLIKNE journalisten si rolle med ei sladrekjerring, før vi korrigerer det til eit meir nyansert bilete att. I eit lite samfunn er det
* folk irriterer seg over naboen, utan at der kjem ei løysing på saka
* nokon som kviskrar om at ein epedemi er på veg – utan heilt å vete kva det er
* ein einstøing som gjerne brukar kikkerten sin flittig, men har ikkje eit sosialt nettverk til å få med seg anna enn det synet viser han
IKKJE RART FOLK omfamnar – og hatar – journalistar. I staden for at folk skal ofre kaloriar for å finne ut av problem og informasjonsmangel sjølv, tar vi på oss oppgåva for dei. I tillegg er det så mange som les sladrekjerringa i papirformat, slik at har ein først drite på draget, kan du vere viss på at heile bygda får vete det. Og der kom òg forklaringa på kvifor somme hatar oss. Ein kan som sagt ikkje gjere alle til lags.
VI KAN NOK konkludere med at journalistar er ei sladrekjerring med modifikasjonar. Vi vidareformidlar ikkje ting vi trur er sant. (Men det er sjølvsagt alltid ein og annan som trakkar feil.) Vi ringjer, oppsøkjer og sjekkar ut ting. Får det stadfesta, eller avkrefta. Set det på trykk. Følgjer opp saker, tidlegare utsegn frå politikarar, gangen i byggesaker, det ureine drikkevatnet, eller det dårlege innemiljøet på skulen. Resultatet er at både innbyggjarane og journalistane lærer meir om det rundt seg.
EG ANGRAR VERKEN på yrkesvalet eller tatoveringa mi. Og alle desse erfaringane og refleksjonane pakkar eg i ryggsekken når eg går inn i rolla som kulturredaktør i Studvest til hausten.
Dagens bilete: Helga ned i sluket
29 June 2009 | Personleg | 4 Comments
Fototittel: Helga ned i sluket
Tid og stad: 27. juni, ca 1900
Skildring: Helga mi til Bergen der eg skulle treffe kjendfolk og glede meg over å flytte tinga mine inn i ein ny kåk, vart noko heilt anna enn kva eg hadde venta. Heilt, heilt anna. Vel sveitt og sliten etter å ha fått alle tinga ut av kåken i Sandviken, var det ei heller kjip oppleving som venta meg i nye kåken.
Greitt nok – huseigar hadde fortald meg at det ikkje var gjort heilt reint. At eg skulle få betaling for å vaske det som ikkje var utvaska. Men dette var heilt, heilt hinsides kva eg kunne førestille meg. La meg nemne nokre høgdepunkt:
* mugg i kaffitraktar
* mat i kjøleskåp som stinkar
* full frysar
* alle skap er fylt med bokstavleg talt søppel
* .. og mat, som eg ikkje vågar å prøve meg på, i redsel for kva sjukdom eg kan få. Etter den standarden gutekollektivet har levd i, stolar eg ikkje ein flekk på folka.
* støvsugar som i utgangspunktet var øydelagd prøvde eg å bruke til å støvsuge, men den vart -ytterlegare- øydelagd under bruk. Leidningen rauk ..
* kaffigrut under vasken
I det heiletatt. Karane har reist i frå kåken og latt bosset vere igjen som velkomstkomitè. Hadde det ikkje vore for at eg hadde tatt med meg sengekleda ut frå gamlekåken, hadde eg sove i gamlekåken ei siste natt, slik at eg ikkje måtte vaske ut rommet mitt. Men det vart til at eg gjorde det. Og badet. For så å ringe huseigar og sei at eg ærleg talt ikkje ville bruke ein heil dag på å vaske ut all skiten deira.
Er berre glad for at eg ikkje skulle vere der lenger i denne omgang, slik at eg kan kome tilbake til ein rein kåk når eg kjem tilbake. Uff. Dette er noko av det verste eg har vore bort i. Eg vil våge å påstå at eit jentekollektiv aldri ville latt det bli så skittent som det var i denne kåken.

Dagens foto: Knall og fall
24 June 2009 | Personleg | 2 Comments

Fototittel: Knall og fall
Tid og stad: 24. juni, cirka 0805
Skildring: Denne asfaltgropa på snarvegen til jobb, som forresten er mykje djupare enn kva den ser ut til, sørgde for at beina og tilbehøret fekk nærkontakt med jorda. Eller asfalt, om du vil. Kanskje like greitt, sidan eg mest vart litt høg på pæra av å ha kapra framsida av Firda i dag.
Men ikkje berre vart eg utsett for asfaltvold. Det heile gjekk òg hardt utover eit uskuldig offer: Buksa mi. Eit prydefult hol sette sitt preg på dongrien, og førte til at eg måtte stable eit sårt kne oppetter bakkane igjen. For når buksa har såpass store hol som dette, må ein rett og slett bytte før ein troppar opp på kontoret.
Enden på visa vart til at eg tok sykkelen til jobb. Og kom tidsnok. Men litt «au» er det framleis.

Svelg den, du
23 June 2009 | Personleg | No Comments

SPORTSMINNE: Mi heimbygd nummer to kan kunsten å hoppe høgt med pinnar.
Eventuelt: Stavhopp. Dei høyres jo litt proffare ut. Så la oss bruke ordet «stavhopp». I dag skriv NRK-kontoret i Førde, NRK Sogn og Fjordane, om korleis Svelgen kan takke den gamle gymlæraren min for eit unikt stavhoppmiljø.
Det fekk meg til å tenke på, nettopp, den gamle gymlæraren min. Læraren som hadde klassen min i religionsundervisinga – og ikkje kom med sterkare salver enn «suppenellikar». Ein gråhåra mann som fekk oss til å sette armane i sida og rulle på hoftene (oppvarming). Ein friluftsentusiast som alltid hadde eit smil på lur, som aldri heva røysta, og som alltid brydde seg om elevane sine.
Då han pensjonerte seg, ville tre frå klassen vise han kor mykje vi sette pris på han i retur. Ei rose frå kvar av oss var det han fekk, den dagen han gjekk. Og rørte auge i retur vi fekk.
I den perioden då eg var redaktør for den oransje russeavisa og vi skulle velje æresruss, var vi ikkje i stuss. Ingvald var ein av dei som skulle få heider av frisluppen russ. Godt vi ein slik knallkjekk lærar skulle få.
Janne mimrar der ho sit åleine i ein Førde-kåk. Og gler seg samstundes litt til å sjå morgondagens framside av Firda.
Nett no: Firda
18 June 2009 | Journalistikk, Personleg | No Comments
SOMMARJOBB: Eg er på plass i Førde. Trivst. Men mitt sosiale liv er gravlagd.
Kanskje fordi eg ser så skeptisk ut første arbeidsdag? Bilete viser eit middels konsentrert uttrykk som landar i andletet mitt idet fotojournalisten i Firda gir meg og den andre ferskingen eit lynkurs. Sjølvsagt skal lærdomen illustrerast med å ta snikfotografi av elevane.
Men frå hummar til humle: Førde-hybelen min har ikkje bakaromn! I sommar vert det med andre ord mykje wok, pannekaker og.. ja. Alt som eigentleg ikkje skal inn i omnen. Lite baking òg, kan du sei. Difor reiser eg i morgon heimover for å ete pizza. Og for å sjå folk utanom arbeidstid, sjølvsagt.
Hugs å sjekke Trykksverta mi for å sjå kor produktiv eg er no i sommar.
Hårreisande..
7 June 2009 | Personleg | 4 Comments
OPPDATERING: Hårreisande lenge sidan sist skrivekløa melde seg.
Difor postar eg noko som skal likne på eit sjarmerande bilete, med alle dei nye hårklemmene eg kjøpte i dag.
Sidan eg er så sofistikert og kulturell av meg og alt det der. Nemleg.
Vel, ok. Sidan sist? Ja. Det har vel skjedd lite. Og mykje. Og. Litt. I alle fall:
* vi har byta månad. Den heiter juni, og er ei årleg greie. Eg likar det.
* opplæringa mi i Studvest er over. Det er skummelt. Og er veldig spanande på same tid. Greitt at avtroppande redaktør bur eit steinkast frå studentsenteret om krisa skulle bite meg i leggen.
* eg har fått ny kåk i byen! Flytteprosessen skjer først seinare i månaden. Sjå!
Dørmatta ligg på toppen av bakken etter trappene opp frå Fløibanen. Fine, fine, Skansen. Frå hausten av vert det med andre ord berre dei sprekaste vennane mine som vert å sjå på besøk. Eventuelt dei som har privatsjåfør, eller pengar til taxi.
* tidlegare i veka var eg og kapra pappkasser hjå ei venninne som nett har flytta. For å sikre meg sjølv øskjevegger til ting. I dag var eg på besøk hjå Kristian og kapra tomme brusflasker. Blant anna. Sånn går det når eg er altfor flink til å pante, men treng flasker til lemonaden eg skal lage. (Ja, bieffekten av for mykje fritid gjer meg tydlegvis til husmor. Kjeks har eg allereie laga.)
* Førde og Firda ventar meg 15. juni. Eg reknar med førdianarane tek meg i mot med opne armar. Ja, «førdianar» er faktisk eit ord.
* sidan sist har eit nytt bekjentskap av meg òg lært meg at det eksisterer vin som har kattepiss i seg. Uff. Ein kan bli gal av å vete for mykje. Det ein ikkje veit, har ein ikkje vondt av, og så vidare ..
* sidan sist har eg òg fått 753 spamkommentarar i spamfilteret mitt. Hurra! Nettverda går tydlegvis vidare sjølv ved opphold frå orda mine.
Noreg har bursdag!
17 May 2009 | Personleg | No Comments
NASJONALDAGEN: Og denne raude Studvest-fana var det auga mine hadde framfor seg i ein time av bursdagsfesten.
Korgfest på kontoret. Sjampis i glasa. Godt humør på lur og ei utskrift av alle dei åtte versa til nasjonalsangen i lomma.
— Gi meg ein R!
— R!
— Gi meg ein Y!
— Y!
— Gi meg ein B!
— B!
– Gi meg ein A!
— A!
— Gi meg ein K!
— K!
— Kva blir det?
— Rybak!
I «prosesjonen» (i Bergen heiter det ikkje tog) gjekk det like mykje i den nye som den gamle nasjonalsangen. Vi song i alle fall av full hals dei gongane studentradioen bak oss ikkje overdøvde tonane våre.
Sunnfjordsbunaden fekk eg ikkje ha på meg i år. Noko som medførte til eit stikk av skuldkjensle kvar gong eg såg ein grøn vest med svart stakk. Så sant det let seg gjere å få sydd bunaden ut til neste år, skal heimtraktene reklamerast for ved neste høve. Bunadsdama som sydde plagget til meg då eg var 15 år sydde han i alle fall så figurstøypt at det ikkje skulle mykje til før han ikkje passa lenger. Sjølv om eg er lita, har eg tydlegvis vore mindre.
Slutt / start
8 May 2009 | Journalistikk, Personleg | No Comments
Seint, seint måndagsnatt tusja eg ut den siste saka for Fjord1-magasinet.
Den gule fargen sette ein sluttstrek for arbeidet i denne omgangen. Ferdig etter totalt tre veker med herjing med mobiltelefon og over tastatur. Og då eg skulle summere betalinga for alt arbeidet, kunne eg lett hente fram smilet. Summa summarum tilsvarar nemleg arbeidet ei månadsløn. Og ingenting er jo betre enn det! (Eller, ok. Ein million i Lotto hadde jo vore betre. Men ettersom eg ikkje spelar Lotto, er det ikkje så veldig sannsynleg for at eg vinn heller.)
Allereie dagen etter at det vart stadfesta at eg fekk redaktørjobben i Studvest byrja opplæringa. Det kriblar i magen! Så grådig! Eg har som smått fått innføring i korleis ein skaffar plater, bøker og liknande. Korleis ein finn fram pressebilete. Kor ein gjerne leiter etter saker. Korleis ein skriv saksliste. Redigering av tekstar.
Og notisskriving. Den observante Studvest-lesar kunne med andre ord oppdage dei første nynorske notisane i avisa sidan … 2004/2005? Hurra! Frå hausten vert det nynorske kultursider. I alle fall notisar. Og leiar. Og dei sakene som eg må skrive når ingen av journalistane mine forstår sitt eige beste og avlastar meg med å skrive dei sakene eg deler ut.
Elles:
- svelgen.no, klypp-og-lim-nettstaden til Svelgen, har klistra namnet mitt opp på framsida. Og eg merkar at det gjer meg litt flau. Men eg skal kanskje vere glad for at eg gir svelgarane noko å diskutere når dei treffast på Coop.
Berre sjå her, eller på Studvest sine sider:

Er det no eg skal vedkjenne at eg faktisk har kladda den same meldinga før eg fekk jobben.. ? Ja. Eg hadde veldig lyst på jobben. Og eg har enno ikkje landa etter eg fekk han.
- eg gler meg som ein tulling til sommaravslutninga med Studvest. Sjølv om det òg vert litt trist å sei ha det til fotoredaktør og kulturredaktør.
- Eg har gitt kollektivet over i andre hender. Gutehender, faktisk. Og han eine kisen var igrunn såpass sjarmerande at eg kunne tenkt meg å sett han att. (Nei, mamma. Eg har ikkje tenkt å vere så freidig at eg spør. Eg er då profesjonell. Makan.)
Minner meg på at eg, etter at han har signert kontrakta, skal fortelje han korleis skråtaket på ‘toan gjer at karar må
A) sette seg ned når dei skal kvitte seg med gul væske, eller
B) bøye ryggen litt bakover
Slik sett kan vi vel konkludere med at dette eigentleg er eit jentekollektiv. Dei kjem nok til å skalle hovudet i taket når dei skal bruke oppvaskmaskina òg. Akk, ja. Men sett opp i mot dei noverande narkomane naboane som dei har – burde vel ikkje dette vere ein altfor dum bu-lagnad?
Reklame
Bloggen og eg
Innspel
- Janne on Oppdatering frå redaktørstolen
- Rune on Oppdatering frå redaktørstolen
- Janne i trykken on På trykk i BT-magasinet
- Storesøs on På trykk i BT-magasinet
- janne on På trykk i BT-magasinet
- Storesøs on På trykk i BT-magasinet
- Ingvild Telle on Men eg var ikkje død
- Janne 2 on Men eg var ikkje død
- Hanne on Men eg var ikkje død
- janne on Men eg var ikkje død




