Språk

På trykk i BT-magasinet

29 August 2009 | Journalistikk, Språk | 4 Comments

Bilde 2AVISPRAT: Det var ikkje slik eg hadde venta namnet mitt først skulle dukke opp i BT.

Det skulle vore ein artikkel med namnet mitt som byline. Men i dag, på side fire i BT-magasinet, står det. Utan at det er ein skikkeleg “byline”. Svart på kvitt. Janne. Spor etter ein kommentar eg slengte frå meg på bt.no. Det måtte jo vere i samband med ein nynorskartikkel.

Men det varmar jo. Slik det alltid gjer når nynorsk er inne i biletet.

Tagger: , ,

Dagens foto: Godkjend herverk

25 June 2009 | Kuriosa, Språk | 3 Comments

Bilde 1Fototittel: Godkjend herverk
Tid og stad: 24. juni, 2104
Skildring: I går tok eg ein spasertur for å finne heimen til nokon eg skulle intervjue i dag. Du veit, eg er ikkje spesielt kjend i Førde og alt det der. I tillegg trengde eg trimmen, så det heile var igrunn ein vinn-vinn situasjon. Fram til målet snodde vegen seg gjennom denne gangbrua, der sementen hadde evigvarande merker etter herverk frå sommaren i 2006.

Men eg må sei det som sant er: Eg vert meir vennleg innstilt til herverk som er gjort på nynorsk enn bokmål. Mannen eller kvinna bak handlinga kan sjølvsagt hatt baktankar med å skrive nynorsk slik at han/ho fekk med seg anarki-a-en. Men slikt er for detaljar å rekne.

Tagger: , , , ,

Tjuefjerdedesemberordet

24 December 2008 | Språk | No Comments

teaterImmaturus (latinsk for ‘umogen’) strykkarakter ved universitetseksamen.

Det har skjedd. Ja.

PS! Immaturus er namnet på studentteateret i Bergen.

Tagger: , ,

Tjuetredjedesemberordet

23 December 2008 | Språk | 2 Comments

dråpeUfsedrope [~dråpe]: Drope frå taket.

Eg likar at vi har eit eige ord for dråpar som fell frå taket. Kven sa at norsk var eit fattig språk?

Tagger: , ,

Tjueandredesemberordet

22 December 2008 | Språk | 2 Comments

hyssingTåttespringe (tåtte = rive i delar, plukke sund):
Om tau: Gå sund i ein av tåttane.

Og eg som først las “sau”. Litt meir grisete kan du kanskje sei..

Tagger: , ,

Mjølk. På nynorsk.

21 December 2008 | Språk | 2 Comments

Bilete-0381Versågod! Ville berre vise fram favorittglasa mine. Og slenge ut tjueførstedesemberordet.

Mjølkeblande (av blande): Blanding av mjølk og vatn.
Eg held meg igrunn for god til å mjølkeblande. Skummamjølka mi er relativt utspedd i utgangspunktet.

Tagger: , , , , , ,

Tjuandedesemberordet

20 December 2008 | Språk | No Comments

gjennomisenNerdekalenderen vert utvida, og eg leggjer til ein merkedag. Ein merkedag som eg kom over på baksida av Bygdanytt. Ja, for eg får framleis gratis avis frå Arna. Kjekt er det.

Per varmesteinsdag:
Dette var den siste dagen du plikta å hjelpe folk som gjekk gjennom isen. Den dagen heiv St. Peter varme steinar frå himmelen. Desse steinane gjekk gjennom isen og smelta den nedanfrå. Å hjelpe folk som fell gjennom isen er alltid forbunde med risiko, og etter denne dagen slapp ein å satse livet sitt på å berge dumdristige folk som gjekk ut på dårleg is. I 2009 fell merkedagen på 22. februar.

Ein gut hamnar delvis under, delvis over isskorpa. Fektar med armane. Kvar og stressar.
— Hjelp!
Ein mann med briller og hatt svarar han med å vifte med fingeren:
— Hadde det vore i går, 21. februar. Men ikkje i dag. Du får klare deg så godt du kan.

Kva for folk var det som fann opp denne dagen? Hadde dei hatt mange nær døden opplevingar? Var dei rett og slett lei av å fiske opp våte folk frå iskanten? Dei fann kanskje opp merkedagen for å døyve på dårleg samvit.

— Kjære vene .. Ein kan då ikkje hjelpe opp folk som fell gjennom isen heile året.

Tagger: , ,

Tolvte—nittandedesemberordet

19 December 2008 | Språk | 5 Comments

harpyNei, altså.. hunden åt tastaturet mitt, og så ..

Det er over ei veke sidan eg oppdaterte julekalenderen min. Orsak! Eg har ikkje overhaldt dei gullkanta lovnadane mine overfor lesarane mine – men eg har altså ikkje gått over i politikken i Bergen. Og med både hund- og katteallergi, kan eg ikkje gi kjæledyr skulda for dårleg oppdatering. Så. Lat meg heller gå rett over på julekalenderskippertaket. Kjøregår!

TOLVTEDESEMBERORDET
«harpy», gresk frå “harpyiai”, eigentleg ‘den som røve bort menneske’). I gresk mytologi som var halvt kvinne og halvt fugl, og som kunne røve bort menneske.

Kanskje vi heller skulle byta ut den gamaldagse «Gamle Erik» om døden, og heller sei at ein «harpy» har henta den som har gått vekk?

Bilde 12TRETTANDEDESEMBERORDET
Gaffelantilope: Drøvtyggjar(slekt) som står antilopene nær og har gaffelgreina horn.

Eller: Ei antilope som har vorten fin på det – og et med gaffel framfor å gnafse rett frå matfatet.

FJORTANDEDESEMBERORDET
«Sprettkjepp»: Kjepp til å spele gjeppe. Ein leik som går ut på å vippe pinnar.

No vart eg mest vippa av pinnen. Dåtidas Playstation?

FEMTANDEDESEMBERORDET
«Purkeful»: Innful, lur, utspekulert.

Alternativt synonym: Fullemann, som Bergensavisen (BA) er så glad i å bruke. Med den lekre logoen “Gå mann!” klistra i eit hjørne. Sjølv om fullemenn gjerne ikkje er dei skarpaste knivane i skuffa.

apoalle030128-104 BuraasSEKSTANDEDESEMBERORDET
«Lathans» (av latinsk og personnamnet Hans): Lat person.

Kjipt å vere Hans. Heldigvis har han selskap i fyldige Kake-Mons, danske Søren, kjappe Pyttip-Anne og svevande Mari-Høne.

SYTTANDEDESEMBERORDET
«Lapsus» (latinsk, eigentleg ‘gliding, fall’): Feil som kjem av forgløyming eller distraksjon; tabbe, glepp.

Orsak, lesarar. Mangelen på blogg-oppdatering var ein rein lapsus.

ATTANDEDESEMBERORDET
«Karfunkel» -en, -klar (frå tysk av latinske carbunculus ‘lite glødande kolstykke’. Omlaga av tyske “funkeln”, ‘funkle, glitre). Raud edelstein, særleg om rubing og granat.

Eventuelt: Ein kar med bling-bling i øyret.

NITTANDEDESEMBERORDET
«Hageskjegg», frå ein av tasteleifane til Janne i trykken då ho eigentleg skulle skrive «hakeskjegg». Vi journalistar skal jo finne opp nye ord, ikkje sant?

Definisjon: Ein kar med særs ustelt skjegg.

Tagger: , , , , , , , , ,

Julestria set inn

15 December 2008 | Personleg, Språk, Tekstmelding | 5 Comments

Bilde 9Bloggskribenten har pakka inn saker og ting i papir i halve natt. No står berre to små gåver på handlelista att!

Sidan sist har eg lært litt av kvart. Kanskje ikkje spesielt nyttlig lærdom, men likevel. Noko har underhaldt meg. Noko har okkupert mykje tid. Noko har informert meg. Og noko har inspirert meg.

Underhaldt meg:
Ein kar, la oss kalle han “Per”, fortalde meg på fredag om ei and med kammuflasjemønster. Ei søt lita gummiand, som han har i bagasjen når han reiser. Og reiser han ikkje sjølv, sender han den like godt med vennane sine. Nett no er den i Afrika.

(Ser de parallellen til filmen “Den fabelaktige Amelie fra Montmartre”, der Amelie sender hagenissen til faren ut på tur?)

“Per” syntes det var kjekt at anda hans fekk sett seg rundt i verda, men måtte innrømme at det av og til var hardt å vere vekke frå ho. Men:

— Eg veit i det minste at ho har det godt. Ein dag kom det ei lita badeand i ein konvolutt i posten. Då viste det seg at ho hadde fått barn! Men det er godt å vete at ho har det bra, sukkar Per

(På dette tidspunktet bryt Janne ut i latter, og har såleis vanskar med å halde pilsen på rett side av munnen.)

Okkuperte mykje av tida mi:
Gåver; innpakking, laging, handling. Soving. Kino. Fjernsyn. Telefon. Internett. Tur. Mat. Pusse tenner. Musikk.

Informerte meg:
To karar “Per” og eg trefte på fredag, var Stord-patriotar utan like. Eg har eigentleg berre køyrt gjennom Stord for å reise ned til søstra mi – og fekk såleis vete mykje nytt om bygda. Til dømes:

* På bensinstasjonane har dei to pumper med forskjelleg innhald. Ein til diesel. Ein med kebab. Av og til byter dei om på etikettane, slik at det heile skal verte ekstra spanande.

* Bestemor til Stord-tilhengar nummer ein bur på eit hus på to pålar i strandsona. Kvar gong fergene går forbi, ristar det i huset. Det er mest slik at ho har Dagbladet og VG på “speed dial”, ettersom dei gjerne vil ha historia om noko faktisk skulle gå gale ein dag.

* Stord har ein eigen type øl. Ingenting anna enn Stord-ølen er godt nok for dei som kjem frå traktene. Diverre hadde ikkje baren vi var på akkurat denne ølen.

* Kebaben på Stord må berre opplevast. Visstnok.

Inspirert meg:
Då eg torsdag var på kafé med Kristin og Ina, plumpa vi borti å snakke om instrument. Og tanken som ploppa opp i hovudet mitt, som det alltid gjer kvar gong dette er eit tema, var: “Eg skulle ønskje eg spelte eit instrument.”

Hugsar de på barneskulen, når alle skulle spele blokkfløyte? Mange i klassen min skal visstnok ha lata som om dei spelte. Eg var ikkje ein av dei. Eg kunne det. Eg likte det. Og eg øvde. Kunne notane. Men eg klarte faktisk heilt fint å spele songar eg berre hadde høyrt, utan å ha notane framfor meg. Eg likar i alle fall å tru at eg har gehøyr, utan at eg eigentleg har fått noko handfast prov på det. Storesystra mi spelte orgel då ho var mindre. Eg klimpra litt på orgelet heime eg òg, men eg gjekk aldri på musikkskulen slik som ho. Det vart eigentleg ikkje meir enn “Ole har en liten bil” og eit par andre snuttar. Blant anna “Historien om de tre små fisk”.

Men altså. Tanken som sveipa meg i etterkant av denne samtalen, var at eg burde gjere noko med dette. Ikkje berre tenke “Så kjekt det hadde vore å lære seg eit instrument”. Eg kunne tenkt meg å spele aukustisk gitar. Med stålstrenger, som Frode har oppmoda til.

Det kjedelege er derimot at eg ikkje har pengar nok til å kjøpe denslags no. Det vart til at eg sendte ei tekstmelding til mamma, om at eg til neste bursdag/jul ønskjer meg gitar. Svaret:

— De e lenge te neste jul/bursdag. Kanskje gitarbya gjer seg før de ?

* Eg sendet melding i retur, om ho ikkje vil oppmuntre meg til å utfolde meg kreativt. Svar nummer to:

— Nja, de kan jo hende du har eit skjult talent. men de e framleis lenge te neste bursdag/jul :D

* Her vil eg minne lesarane på at mor mi allereie har påpeikt at eg ikkje er eit teiknetalent. Noko de forresten kanskje allereie har forstått, ut i frå illustrasjonane mine på bloggen.

Men! Eg kunne gjerne tenkt å spele gitar. Eg har allereie sjekka prisar på gitar på finn.no og liknande. Det får kanskje vere nyårsføresettet mitt: Først å fremst få ein gitar. Deretter prøve å melde meg opp på eit kurs. Hadde vore kjekt å kunne spele for tanteungane mine, blant andre.

Over til julekalenderen:
- Kjem seinare i dag. Har de venta i tre dagar, klarar de fint å vente til ut på dagen i dag. Eg har aldri sagt at eg har vore noko flink til å lage kalender. Har eg?

Tagger: ,

Tiande- og ellevtedesemberordet

11 December 2008 | Personleg, Språk | 4 Comments

arekalvoe_pressebilde02Svåssar:
dugande, uredd og litt uvørden person, fyr.

Legg merke til korleis ordboka skriv “fyr”, og ikkje “dame”. Det ligg tydlegvis eit eller anna i genene deira?

Spurvis:
(av spørje og vis) som spør og grev mykje; nyfiken. Vere forviten og spurvis.

Spurvis høyres ut som ein ny type fugl. Men gribbar og nyfikne folk har vel litt til felles?

Eg fekk ikkje oppdatert i går. Kvifor? Avdi eg var for oppteken med å høyre på helten min Are Kalvø. Han song den vakraste, sensuelle, songen til Magnhild Meltveit Kleppa. Poengterte kor meiningslause nyttårstalen til statsministeren faktisk er. Forklarte finanskrisa via Jan Thomas, Åge Hareide, John Carew og Mia Gundersen. Og overtyda meg, nok ein gong, om at han er den beste nynorskhumoristen som er. Takk, Are! Og gratulerer på forskot – sidan du fyller heile 40 år på den siste dagen i året.

Litt snadder til lesarane:
- Redd Barna har i år ein Englekalender. Her får du sjå komikarar gjerer gode gjerningar kvar dag via eit YouTube-klypp. Du får sjå blant anna Are Kalvø, Pernille Sørensen og Johan Golden.

- Lyst å teste nynorsken din? Språkrådet har ein ypperleg utfyllingssak som sjekkar kor flink du er til å bøye verb. Øvingsteksten er skriven av herlege dama Linda Eide. Ser du vekk frå at siste stikkorder manglar (tips: å forklare), fekk eg berre eit ord feil! 96 prosent rett! Det kan eg leve med. Kva får du?

- I siste nummer av Studvest kan du lese litt om mannen som dubba alle røystene på Askepott. Lenken finn du her.

Tagger: , , , , , , ,

Reklame

Bloggen og eg

Sjefsskribent for kulturredaksjonen i Studvest. Eks-bloggar, grunna tilnærma null fritid utanom jobb. Har store planar om å trappe opp blogginga til hausten når eg fyk ned «down under» Australia for å fullføre ein bachelorgrad i journalistikk.