Kuriosa

Eit imøtekomande folk

22 februar 2010 | Kuriosa | Ingen kommentarer

Eit lite YouTube-søk på stikkorda «Melbourne» og «Australia» har overtydd meg om at eg ikkje bør uroe meg for å reise «down under». Ikkje når dei som bur der er så vennlege som denne videosnutten her gir inntrykk av.

YouTube Preview Image

Dagens bilete: Ordspel

1 juli 2009 | Kuriosa | Ingen kommentarer

benkeslitarar1Fototittel: Ordspel

Tid og stad: 20. april, 2008

Skildring: Eg elskar ordspel. Denne fiffige plakaten fann turkameraten min og eg då vi hadde funne fram til Brushytten. Skulle likt å hatt eit plagg med denne logoen. Det er vel forresten nesten obligatorisk, no då eg nesten kjem til å bu på Fløyen frå hausten av.
benkslitarar2

Tagger: , , ,

Dagens foto: Godkjend herverk

25 juni 2009 | Kuriosa, Språk | 3 kommentarer

Bilde 1Fototittel: Godkjend herverk
Tid og stad: 24. juni, 2104
Skildring: I går tok eg ein spasertur for å finne heimen til nokon eg skulle intervjue i dag. Du veit, eg er ikkje spesielt kjend i Førde og alt det der. I tillegg trengde eg trimmen, så det heile var igrunn ein vinn-vinn situasjon. Fram til målet snodde vegen seg gjennom denne gangbrua, der sementen hadde evigvarande merker etter herverk frå sommaren i 2006.

Men eg må sei det som sant er: Eg vert meir vennleg innstilt til herverk som er gjort på nynorsk enn bokmål. Mannen eller kvinna bak handlinga kan sjølvsagt hatt baktankar med å skrive nynorsk slik at han/ho fekk med seg anarki-a-en. Men slikt er for detaljar å rekne.

Tagger: , , , ,

Eggar opp til «dagens foto»

24 juni 2009 | Blogging, Kuriosa | Ingen kommentarer

eggmannSPALTEDEBUT: Det er ikkje berre bransjen eg jobbar i som har agurktid.

For på bloggen min er ikkje stoda stort betre. Difor freister eg å ta eit bilete, om lag kvar dag, som eg skal publisere på bloggen no i sommar. Ikkje nødvendigvis eit fantastisk bilete. Ikkje nødvendigvis eit bilete av spesielt god kvalitet. For det går kjappast med mobilkamera, og det er det som er kjerna i saka: Det tek såpass lite tid at det går heilt fint å avsjå mobilknipsing for bloggen min.

Puh. Så då var det skrive – så skal eg gjere eit godt forsøk på å halde lovnaden. Sidan eg ikkje kom på denne idéen før no, eit kvarter før leggjetid, vel eg å bruke eit gamalt bilete.

Tittel: Oppegga
Tid og stad: 11. april 10.52, på kjøkenet til storesøstra mi
Skildring: Nokon sørgde for at maten smilte mot meg då eg etterkvart fann frukostbordet.

Tagger: , , ,

Med nynorsk på rette staden

3 mai 2009 | Kuriosa | Ingen kommentarer

Bilde 8NYHENDE: Onsdag vart det kjend at nynorskbrukaren Janne skal sitje i redaktørstolen i Studvest frå hausten av.

— Eg er så glad at eg ikkje veit kvar eg skal gjere av meg, seier den påtroppande redaktøren.

I over eit år har ho sikla etter å vere sjef for 15 journalistar, og no vert draumen endeleg realisert. I same handvending vert ho den første jentekulturredaktøren på omlag fem år. Og minst like lenge er det sidan det sist var ein nynorskredaktør i studentavisa. Det derimot ikkje så mange veit, er at ho har ukjende planar i ermet.

— Eg tek sjølvsagt sikte på å innføre nynorsk standardspråk på kultursidene, ettersom kultur og nynorsk er to ting som høyrer saman, ropar ho ut

Det er hennar første dag på jobb. Kontorlandskapet er kjend, men rolla hennar er ny. I staden for å få tildelt oppgåver, er det ho som deler dei ut.

— Eit kvart menneske som bryr seg om kultur må lære seg kor viktig rolle nynorsk har, seier ho.
— Kva meiner du? undrar vi.
— Eg er redd for at om skribentane ikkje møter nynorsk i studentavisa, heller ikkje kjem til å måtte bruke nynorsk som bruksspråk andre stadar. Eg ser difor på det som mi borgarplikt å lære dei om etterdønningane frå Aasen si rundreise, forklarar ho.

Nokon har høyrt ho, og stikk hovudet ut frå kontoret sitt. Ansvarleg redaktør hentar fram den strengaste strengestemma.

— Du.. kom inn på kontoret litt. Vi bør ta ein prat, seier sjefsredaktøren.

Intervjuet vårt vert avbrote, og vi kan berre spekulere i kva som vert diskutert på kontoret. Får ho gjennomslag for idéen? Vil det kome nok nynorskskribentar til at ho kan gjennomføre planane. Må ho starte nynorskkurs for journalistane ved semesterstart?

Janne i trykken kjem tilbake med meir.

Tagger: , ,

Byta vekk kleda, fekk veske igjen ..

2 mai 2009 | Kuriosa | 4 kommentarer

Bilde 5BYTEKVELD: Ja, Janne ho hadde så myyykje kle’
Ja, Janne ho hadde så myyykje kle’
Ho byta vekk kleda, fekk veske igjen
Ho byta vekk kleda, fekk veske igjen

Ikkje det at det skal verte eit nytt verkemiddel at eg startar kvart innlegg med song, men slik kan det altså kort oppsummerast. Førre helg var eg nemleg på bytefest i regi av Studvest-jenter. Med vaffelhjarte, sylte, sukker og rømme på bordet og ein voksande haug med stæsj på golvet, gjorde vi oss klar til å gjere varp. Og samstundes verte kvitt (i eigaren sine auge) skrot.

Eg har aldri vore på bytekveld tidlegare, men slik fungerte det altså:
- Byteleiar held opp plagget/duppedingsen
- Tilskodarar rekkjer opp handa om dei er interesserte
- Er det fleire om beinet, er det stein, saks, papir som gjeld

Du skulle kanskje ikkje tru det, men eg sug på stein, saks, papir. Eg fekk i alle fall forsvinnande lite i frå den store haugen. Noko seier meg at eg hadde hatt større odds om vi hadde trilla terning.

Men blant det eg fekk med meg var altså ei gamal veske. Eigaren hadde sjølv fått tak i ho på loppemarknad, men berre brukt ho omlag to gonger. Så kom veskevidunderet i mi varetekt. Kor god handel eg faktisk hadde gjort, gjekk ikkje opp for meg før dagen etterpå då eg kikka ned i ei av lommene.

For der, på ein litan lapp, fann eg denne teikninga og desse orda.

Bilde 6

Ingenting er betre enn å oppdage noko som kan gi deg ei historie bak tinga du eig. Eg ser føre meg ei dame med kulerund mage som entrar sjukehuset med denne veska over skuldra. Ho skal ha sitt andre born. Når det heile er overstått og ein ny verdsborgar har gitt frå seg sine først vræl, kjem storesyster Marte og teiknar den ferske veslebroren sin.

Litt større vanskar har eg med å forklare dei to svenske myntane som låg i same lomme.

Har du ein teori?

Tagger: , , ,

Uff, dansebandgruff

31 desember 2008 | Kuriosa, Musikk | 10 kommentarer

rune rudbergEksisterer det eigentleg noko anna sjanger med lågare terskel for at middelaldrande menneske kan plukke opp gitaren?

DET ER IKKJE ofte ein ser eller høyrer spesielt mykje til dei. Men melodiane, klisjeane og smørsangarane snik seg inn i livet ditt med jamne mellomrom. Slik som i bryllaupet til slektningar på 40 pluss, på danskebåten, frå ein stusseleg kassett spelt på bilstereoen til Onkel Paul, før filmen på bygdekinoen heimanfrå (det var først då du innsåg at reklameinnslag var å føretrekke). Eller som meg – på NRK1 etter å ha vore litt for lenge oppe.

DANSEBAND JUKEBOX. Musikken til middelalderfolk, pressa inn i eit fjortisfenomen. Sjølve straffa for å sitje inne på ein laurdagskveld, når du eigentleg burde ha vore på ein utestad og bomma på kortlesartastane. Ein viss daglegvarekjede reklamerer med at det enkle ofte er det beste, men dansebandmusikk er altså unntaket.

EIN KLASSISK DANSEBAND-HIT kan eigentleg minne om songheftet slektningar skreiv til deg i høve konfirmasjonen. Ein tekst full av noko ein i beste fall kan kalle nye ord, i verste fall naudrim, klistra på ein kjend melodi. Flaut for deg. Flaut for dei som har skrive songen. Slik er òg dansebandmusikk. Flaut for publikum. Flaut for dei som må synge diabetikarframkallande tekstar medan dei klimprar på kassegitar.

MEN I MOTSETNAD til konfirmasjonsheftet frå slektningane, har dansebandmusikarane hatt høve til å lage ein heilt ny melodi. Berre fantasien har sett grenser for korleis bakgrunnstonane skulle tilpassast teksten. Men likevel. Dei held så hardt fast i klisjear og naudrim at knokane deira vert kvite. Dansebandmusikk er på ein måte ikkje dansebandmusikk utan at refrenget er så kort og sjølvsagt at sjølv bestefar på grisefylla kan memorere det. Dess større grunn til å konkludere med at dansebandmusikk er flaut.

dansebandlogoMANG EIN KJENDIS starta klatringa for å få einhøgare lønningsslipp ved å la fillene skli av framfor kamera. Slik at dei, når dei endeleg har klart å sikre seg meir enn dei vanlege 15 minutta i media, kan saksøke dødsboet ut av nakenfotografen som gjekk til Se og Hør. På same vis som lettkledde bilete kan vere starten på ei karriere, er dei unge utøverane innan dansebandsjangeren lokka inn i ulukka grunna stjerner i auga. Gnikking på gitar skulle få dei opp og fram her i livet.

NAKENFOTO PÅ AVVEG har du høyrt om. Men har du høyrt om kjendisar som livnærte seg på danseband i ungdomsåra? Nei. Fordi det fekk dei aldri vekk frå det triste livet deira. Resultatet for strevet kom berre i form av ei pinsam setning på CV-en. Dei einaste damene som vart tiltrekt til unggutane grunna melodiane, var så gamle at dei kunne ha vore mødrene deira. Og i den form det kan kallast ei ekstrainntekt, vart overskotet stukke bakom boxerstrikken.

DANSEBANDMUSIKK HAR LIKEVEL ein form for funksjon i musikkverda – og i den festlege verda. Den fyller tomrom. Anten i sendeskjemaet til statskanalen, eller i dei svarte hola som vart att etter for stort inntak av drikke importert frå Finland. Eimen på skjorta til Petter-Bjørn stammar i alle fall meir frå øl-skvulp enn frå trinn på parketten. Tomrom av musikarar som var villege til å spele på bygdefesten kan òg ha vore forklaringa på at naboen plutseleg plukka opp gitaren. Hovudmotivasjonen hans for å spele på dugnad kom av at han hadde kassegitar og rimordbok liggande klar heime.

Tagger: , ,

Eg vil ta av deg kleda – og henge dei veldig fint inn i skåpet

20 desember 2008 | Kuriosa, Musikk | 11 kommentarer

Ellen er ei artig dame. Kvifor kan ikkje norsk fjernsyn heller gi den lyslugga humoristen sendetid, framfor ein gråhåra David Letterman med ein skalla keyboard-kar?

Hovudsakleg var det biten med rap eg likte spesielt godt – men sjå gjerne vidare. På slutten breakar ho!

(Vel. Eg trudde i alle fall at ho breaka sjølv. Heilt til Kristin på bærtur korrigerte verdsbiletet mitt. Eg merkar at eg vart litt trist no.)

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

Tagger: ,

Joika på menyen

19 desember 2008 | Kuriosa, Tekstmelding | Ingen kommentarer

joikaKundesørvisen på daglegvarebutikkane i Bergen er upåklageleg.

I dag spurte eg om middagstips på mega. Eg ente opp me ein boks joika og eit brød. Da kunne eg ha komme på sjøl…

- Tekstmelding frå Jon

Tagger: , ,

Facebook-dagen, hittil.

9 desember 2008 | Kuriosa, Språk, Tekstmelding | 7 kommentarer

Bilde 2

Tagger: , , , ,

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University (Waurn Ponds-campuset), ein times køyring frå Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Gi meg ein lyd?
janne.sorgulen snabel-a gmail.com

Gravande journalistikk

Gæmlisinnlegg

Lifestream