Journalistikk
Trykket på rette staden
30 November 2008 | Journalistikk, Språk | 4 Comments
Det er fascinerande kor viktig tonefallet er når noko skal formidlast. Og når det i tillegg er ein viktig bodskap som skal formidlast, slik som nyhende, er kanskje tonefallet endå viktigare?
Gaidar i utlandet må snakke ei språkleg betasuppe av dansk, svensk og norsk for å verte forstått av flest mogleg. Dei er likevel ikkje den einaste yrkesgruppa som må justere på talemålet for å lette formidlinga. Ein radio- eller fjernsynsjournalist må unngå dei mest ukjende dialektorda. Det som vert sagt skal ligge tett oppmot skriftspråket, anten det er bokmål eller nynorsk. Og trykket på ulike ord, kan vere ein form for markeringstusj for kva som er viktig å poengtere.
Eit lite, viktig, apropos når eg først er inne på temaet:
Det er ingen som snakkar nynorsk og bokmål. Vi snakkar dialekt. Gjerne ei dialekt som er bokmålsnær eller nynorsknær. Men ingen snakkar eksakt slik ein skriv orda. Dialekt er talemål. Nynorsk og bokmål er skriftspråk, eit tverrsnitt laga basert på mange forskjellige dialekter. Men unntaket er altså nyhendeopplesarane.
Odd Karsten Tveit har vorte parodiert eit utall gongar for tonefallet hans. Ein litt mindre parodiert reporter frå same fjernsynskanal er Haakon Børde. Team Antonsen tok på seg oppgåva med å justere denne underparodieringa, og inviterte Børde sjølv til å vere med på ein sketsj. Og sporty nok stiller han opp – og endar opp med eit sluttprodukt som får meg til å le høgt for meg sjølv.
For ja, journalistikk-genet går tydlegvis i arv. Berre sjå her.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Det ser ikkje ut / eg ser ikkje ut
22 November 2008 | Journalistikk, Personleg | No Comments
Vindauget mitt er tildekka med snø. Og her, på innsida, sit eg og spør meg sjølv: Kvifor forvekslar hovudet mitt kl. 13.00 og 15.00?
Det er oftast kjekke telefonar, desse som kjem frå Bygdanytt. I slike tilfeller er ringjelyden ei varsling om fleire pengar i kassen. Så kjekt at det då i går venta ein telefon frå redaktøren som spurte om eg ville gjere ei sak for dei i helga. Så bra at eg kunne sei ja. Så dumt at eg hugsa feil klokkeslett for eit anna møte.
Etter å ha vunne Tirilpris for beste kultursak har eg fått blod på tann, og vil prøve å verte flinkare til å levere kulturnyhende for Studvest. Ergo har eg sagt meg villig til å skrive ei sak frå generalforsamlinga til Samfunnet i dag. Klokka tre. Eller. Var det eitt? Hovudet mitt klarar visst å forveksle klokka 13 med 15 og omvendt, slik at generalforsamlinga kolliderer med Bygdanytt-saka. Heldigvis held husmødrene i gong salet av husflidsprodukt i Arna i morgon òg. Puh. Flaks for meg.
I dag går turen med andre ord til budsjettforhandlingar og diskusjonar på Studentsenteret, deretter for Immaturus-førestillinga Rocky (som eg har skrive om), og så jentefest. Søndagen var eigentleg sett av til juleverkstad i Loddefjord, men det spørst om lussekattar og julekort må vike for å få levert sakene innan rimeleg tid.
Litt fleire, potensielle, gode nyhende har eg òg. Onsdag skal eg prate med ein på Formidlingsavdelinga på Universitetet. Går ting som dei skal, får eg kanskje i oppdrag å skrive og redigere stoff til dei for nett. Spørsmålet eg er spent på å få svar på er likevel: Kva meiner dei med “studentløn” .. ? For eit par timar i veka skal i alle fall journalistarbeidet gjennomførast av studentar. Som ein deltidsjobb. Men sidan eg ikkje har fast jobb per no, kan dei eigentleg rekne med at eg vert sittande i kontorstolen heilt til dei kastar meg ut for dagen. Pengar, folkens. Pengar!
I neste veke kjem forresten den første reportasjen min for Barn i byen på trykk. Har du ein bergensarunge i barnehagepliktig alder? Går du jamleg på Sentralbadet? Bystasjonen? Likar du kulturinstitusjonane i byen? Då er sjansane store for at du snublar over bladet med min artikkel på innsida. Gler meg til å sjå resultatet. Spesielt sidan fotografen tok bilete til saka i etterkant. Rasande festeleg at dei vil ha meg til å skrive ei sak til for dei.
Prisdryss
20 November 2008 | Journalistikk | 2 Comments
Tiril-pris nummer to er no eit faktum!
I går vart ein skokk av folk frå Bergen student-TV, Studentradioen i Bergen og Studvest samla på Hectors hybel for å fordele prisar. Sjølv om eg var nominert, var det eigentleg ikkje før grunngjevinga til vinnaren vart lest opp at eg forsto at det var mi sak som vant. Beste kultursak i Studvest dette semesteret, med andre ord. Så utruleg, utruleg kjekt! Spesielt sidan saka mi “Tomme stativ på Høgskolen“, utan tvil er den merkelegaste saka eg har skrive for studentavisa. At ein redaktør ikkje let høyre frå seg, og at ei avis forsvinn utan at nokon har kontroll på kva som skjer, er ikkje kvardagskost.
Første semesteret fekk portrettet mitt av Asbjørn Slettemark pris for beste featuresak. Denne gongen var det altså Kristin som fekk den same æra – og det for den aller, aller første reportasjen ho har skrive. Kry som fy over skribentvenninna mi.
Gratulerer til oss!
Gryande håp
21 October 2008 | Journalistikk, Personleg, Språk | 11 Comments
Fredag har eg eit gjeremål i Førde. Hæ? seier du. Hurra! seier eg.
Dei fleste i omgangskrinsen har høyrt det før: Eg veit ikkje når, men eg veit at eg vil innom Nynorsk mediesenter. Eit halvt år som nynorskpraktikant, med praktisk opplæring i radio- og fjernsynsjournalistikk hjå NRK Sogn og Fjordane. Siste to månadene med ekstern praksis hjå ei medieverksemd.
Eigentleg hadde eg tenkt å vente til hausten før eg sendte ein søknad, men med ei lita påminning frå Kristin om at fristen var nær, heiv eg meg i det. Etter oktober har eg som kjend ingen konkrete planar. Og i dag fekk eg meldinga frå øvste hald i mediesenteret:
“Kan du kome til konferanse alt denne veka, torsdag eller fredag ? Buss frå Bergen er her i 11-tida.”
Eg har vore blid som ei lerke i heile dag. Dette er så spanande! Så altfor spanande. Fredag skal eg i elden med intervjurunde, studiotest, og kva dei elles måtte finne på å gjere med meg når eg først har tatt turen innom.
Skal prøve å ikkje ta gleda på forskot, men det er så utruleg kjekt at eg har kome så langt. Av 50 søkarar vert berre ti kandidatar tekne inn til intervju. Fem av desse får tilbod om plass. 50 prosent sjanse kan eg leve med. Inntil vidare.
Kva er så krava for å søkje seg inn til dette mediesenteret? Vidaregåande utdanning. Eit ønskje om å verte journalist, samt glede over dialekt og nynorsk. Journalist er eg allereie, og nynorskgleda mi er det eigentleg ingen som har vore i tvil om at eg har.
Kryss fingrane for meg! Oppdatering kjem, uansett resultat.
Fantastiske Linda Eide
15 October 2008 | Journalistikk, Språk | 1 Comment
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.DE HAR KANSKJE oppfatta at Are Kalvø er idolet mitt. Ei litt mindre kjend konstatering, er at Linda Eide kjem på verdas beste andreplass. Ingen fortel så godt som Linda. Ingen har så fantastisk dialekt som Linda. Og ingen tek seg sjølv så herleg lite sjølvhøgtidleg som Linda. Nyt dette klyppet frå medaljebygda Voss.
Den dagen eg kan lage like gode radioreportasjer som Linda Eide, er eg ein lukkeleg journalist.
Slår krøll på kroppen
10 October 2008 | Journalistikk, Personleg | 2 Comments
Meg nett no: Kry som fy!
Eg sit og skriblar på ein Mac i eit redaksjonslokale i Indre Arna. Ein skalla og smilande journalist kjem og legg ei utskrift framfor meg. Den siste korrekturlesinga og augesveipinga før vi seier OK og sender artikkelen til trykk. Min reaksjon:
— Lekkert! Dette er jo absolutt nydeleg.
Sjølv om eg ikkje har fortenesta for sideoppsettet (på anglo-sk: designen), så er eg ganske så kry. Det er trass alt eg som har trykt ned avløysarknappen for å få fram desse bileta. Det er trass alt eg som har skrive teksten. Og igjen: Sjølv om eg ikkje har designa sida, så vart eg litt kry då redaktøren meinte at mi dobbeltside med yoga-reportasje kunne vere eit verdig bidrag til ein aviskonkurranse. Det hadde vore noko, det.
Ettersom eg førre helg trakka att og fram på Landbruksdagane på Osterøy, har eg i dag hatt fri. Eg nytta difor høvet til å ta turen innom min lokale optikar for å sjekke synet. Etter gamalt. Midt under undersøkjinga fekk eg sjå eit bilete av meg sjølv eg mest aldri kjem til å sjå att: Innsida av auga, med blodårer og alt det som høyrer med.
— Jag skal ta det bort, om du tycker det är ekligt, seier augekikkaren i svar til reaksjonen min.
Det var kanskje ikkje så ekkelt. Men.. rart. Og ja. Eg kom endeleg så langt at eg faktisk fekk ordna ei tinging på briller. Tok meg berre eit par år å få ut fingeren. Meldinga har dei jo gitt meg kvar gong eg har vore innom til kontroll: Det er best å avlaste auga for linsebruken innimellom med nokre glasögon (som optikaren seier. Han er svensk.). Mot slutten av månaden får eg eit eksemplar. Brille har eg knapt gått med sidan eg var 12 år. På tide at det skjedde noko?
I kveld skal eg på jentefest med Ina. I morgon med Elisabeth. Det er tydlegvis den uoffisielle jentehelga.
Vil du jobbe for Noregs beste studentavis?
23 August 2008 | Journalistikk | 2 Comments
Spørsmålet vi i Studvest no stiller alle vi kjenner som likar nærkontakt med penn og papir: Vil du vere med på laget vårt?
Eg let stillingsannonsa tale for seg sjølv:
Studvest søkjer nye nyhendejournalistar, kulturjournalistar og sportsjournalistar. Vi er òg på jakt etter fotografar og layoutmedarbeidarar.
Som journalist må du ha god språkføring og interesse for journalistikk og nyhende. Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
Som fotograf må du kunne handtere og gjerne eige eit digitalt speglreflekskamera. Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
Som layoutmedarbeidar må du ha god kjennskap til InDesing og gjerne resten av Adobe CS3-pakken.
Send ein søknad med CV og arbeidsprøver til studvest@uib.no Presiser kva for stilling du søkjer på.
Søknadsfrist er 1. september kl. 12.00.
Informasjonsmøte i SiB-kafeen i Studentsenteret (Parkveien 1) torsdag 21. august kl. 19.00.
Spørsmål kan rettast til:
Ansvarleg redaktør Pia Martine Wold: 920 83 295
Nyhenderedaktør Marit Dorothea Bjørnstad: 959 70 718
Kultur- og sporsredaktør: Halvor Ripegutu: 930 58 169
Fotoredaktør Åse Holte: 414 52 584
Så kva trur du, Hanne. Tek du utfordringa?
Ufrivillig lang ferie
21 August 2008 | Journalistikk, Personleg | 1 Comment
Så har vi runda august. Dei to sambuarane mine har festa – eller held på å feste seg gjennom fadderveka, medan eg framleis leitar etter jobb.
I løpet av den perioden eg har leita etter jobb, kan ein ikkje sei at det har flomma over av stillingsannonsar som har passa til utdanninga mi. Det eg har kome over er desse:
* Journalist/informasjonsarbeidar for indremisjonen på Sotra.
Ankepunkt: Eg har strengt tatt ikkje den kristne trua til å arbeide der.
* Multimediajournalist for Norges Miljøvernforbund (med Kurt Oddekalv som sjef).
Ankepunkt: Eg har ikkje foto-erfaring.
* Journalist i Strilen.
Ankepunkt: Eg fekk ikkje jobben. Men eg kom i alle fall inn til intervju ..
Stillinga som no står att å søkje på er jobben som journalist/informasjonsarbeidar på NHH. Søknadsfristen er ikkje før i slutten av august, så det vert ventetid før der kjem noko svar i frå den kanten. Eg har derimot ikkje spesielt store forventingar. Sjølv om kontaktpersonen sa at eg hadde erfaring nok til å kunne søkje, står det fint og pynteleg i annonseteksten at ein bør ha bachelorgrad frå Høgskule eller Universitet, samt erfaring frå økonomi. Jobben såg veldig kjekk ut. Lov å krysse fingrane, i alle fall.
Eg held meg i aktivitet med å skrive gratis for Studvest og å sosialisere med vennar.
Må sei at det å daffe rundt heime startar å gå på sjølvkjensla og yrkesstoltheita laus. Heldigvis er der framleis pengar att på kontoen. Enn så lenge. Eks-kjærast J. fekk i alle fall lurt fram eit smil om munnen då han fann “meg” på ein dropspakke i butikken.
Lur tanke på etterskot
19 August 2008 | Journalistikk, Musikk, Personleg | No Comments
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Foto-Åse står klar med fotoboksen og knipsar til den store gullmedaljen.
Radiokvinnene står bak DJ-bordet med dei store platene, og vert beordra om å sette på litt musikk slik at det vert litt meir schwung over det heile. Og den første songen som strøymer ut av høgtalarane er denne. The Saturday Knights – Dog Park (ber over med meg for den dårlege lydkvaliteten – det var ikkje andre eksemplar på Youtube å få fatt i). Etterpå var det min tur til å notere ord og vendingar til neste utgåve av Studvest.
I natt slo det meg at om eg hadde vore lur, skulle eg jo absolutt ha slengt meg inn i Studentradioen i Bergen, no når dei skal få fleire folk. Det trykte mediet har eg etterkvart mykje erfaring med. Og det er nettopp radio-mediet som har gjort at eg har bestemt meg for å søkje på Nynorsk mediesenter i Førde til neste år.
Haka vert derimot at det, når eg etterkvart får jobb, kanskje vert for vanskeleg å kombinere opplæring i radio-sysler.. Eg burde vel eigentleg tenkt tanken før. Sukk.
Kjelde: Knirkefritt, musikkbloggen min.
Personleg oppdatering
31 May 2008 | Journalistikk, Personleg, Språk | 2 Comments
Eg hadde skrive mykje. Men så forsvant første del av innlegget. Kort oppsummering av det bortkomne:
* Eg har vore på altfor mange visningar. Endte til slutt opp med ei loftsleilegheit i Sandviken. Manglar ein til å bu saman med meg og venninna mi. Kjenner du nokon? Flyttar inn rundt 1. juli, ettersom det ikkje lenger var verd å bu i horestrøket når husleiga auka med 500 kroner månaden. Sjølv om eg ifølgje husverten ikkje kunne forvente meg å betale mindre for denne standaren .. Pft.
* Svimlinga i toppetasjen har forsvunne av seg sjølv, utan at legane eigentleg fant ut kva som gjor utslaget. At eg har jernmangel har dei i det minste funne ut. Og eg skal no starte å knaske gule tablettar med “Duroferon” i 4-6 veker. Du vert litt uroleg då det vert spesifisert at du må svelgje pillane ståande – ettersom det kan gjere skade innvortes om pilla vert liggande på feil stad ..
* 1. juli er vikariatstillinga mi i Bygdanytt ferdig.
FOLK RUNDT MEG hipsar på skuldrane og seier med største sjølvfølgje: “Du er flink. Du får deg lett ein jobb i BA”. Dei spør meg ikkje om eg faktisk kunne tenkte meg ein jobb der. For å sei det rett ut står ikkje Bergensavisen øvst på prioriteringslista mi for kva arbeidsgjevar eg vil ha. Hovudsakleg fordi dei er så konservative at dei tek i bruk eit rettingsprogram som lukar a-endingar. For det andre at eg ikkje synest så altfor mykje om avisa.
Eg klarar ikkje å ta ei avis på alvor, som sjølv ikkje tek lesarane sine på alvor. På andre har eg fått høyre at avisa har journalistar som har nynorsk som hovudmål. Men får dei skrive det? Nei. Haldninga synest eg er respektlaust, både overfor lesarane og journalisten. Det er ingen tvil om at skribenten hadde gjort eit betre arbeid på sitt eige hovudmål. Og argumentet om at “bokmål er bergensk”, held ikkje. Spør du ein bergensar om kva for målføre som ligg nærast dialekta deira, får du femti prosent bokmål, femti prosent nynorsk som svar.
Eg veit med meg sjølv at eg snevrar inn jobbsjansane mine ved å stå steilt på nynorsk-valet mitt. Men det er ei hjartesak. Og ein må stå på prinsippa. Folk skal måtte grunngje kvifor eg ikkje skal få bruke hovudmålet på same vis som andre med største sjølvfølgje får bruke sitt – bokmål. Stiller ein aldri spørsmål med kvifor retningslinjene deira er slik – vert det heller aldri opna dører for at nynorsken skal sleppe til på fleire område.
DRAUMEJOBBEN kan per no sjå ut til å vere å få skrive eit magasin. Featurejournalistikk. Reportasje. På nynorsk. Og eg veit at lista mi med dette ikkje er spesielt lang. Men den som leitar .. finn ? Som J. har sagt til meg: “Du finn ikkje draumejobben på første forsøk. Og hadde du gjort det, hadde du ikkje sett like mykje pris på den, som om du hadde jobba lenge for å finne den.” Og han har rett. Best smakar sigeren når ein verkeleg har måtte jobba for å kunne plassere føta sine innanfor slottet sine fire veggar.
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- ithil on Jirrahlinga Sanctuary
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen

