Journalistikk

Har ein draum

1 september 2010 | Australia / Deakin, Journalistikk, Personleg | 4 kommentarer

.. i fare for at eg ikkje lukkast er det skummelt å nemne det, men ..

Cirka like lenge som Nynorsk mediesenter i Førde har eksistert har eg tenkt at ‘dette må vere midt i blinken for meg’. Eit halvt år med opplæring i radio- og fjernsynsjournalistikk, nynorsk (!), og det heile gjennom NRK Sogn og Fjordane i Førde.

For to år sidan søkte eg òg om praktikantplass, utan spesielt hell den gong. Eg var blant dei få som kom inn til intervju, men magekjensla mi då intervjuet var gjennomført fortalde meg at det ikkje gjekk rette vegen. Og magekjensla hadde, som den som regel alltid har, heilt rett. Sidan den gong har lista av folk eg kjenner som har fått prøve seg som nynorskpraktikantar i Førde berre vakse. Ein tidlegare studvestar, ein venn av ein venn, ein sommarvikar i Firda, ein kjenning frå heimbygda. Men ikkje meg.

I staden vart det litt frilansing, deretter eit heilt fantastisk år som kulturrektør i Studvest. Redaktørrolla var òg noko eg lenge hadde tenkt på, håpa på, drøymd om. Og på tredje søkerrunde til å få sitte i redaktørstolen gjekk draumen min faktisk i oppfylling. Etter å ha lagt på telefonen som annonserte at eg hadde fått jobben var det mange tankar i hovudet, men først og fremst gledestårer. Eg klarte det. Og sjølv om magekjensla mi visste at eg kom til å klare det på eit tidspunkt, kjendes det jamvel så herleg surrealistisk, godt og verkeleg på same tid. Eit personleg mål vart oppfyllt.

Eg snakkar ikkje så ofte om det, men journalistikken har gjort utruleg mykje for meg. Eg var den jenta i førsteklasse som knapt sa eit ord i forsamlingar. Eg snakka lågt. Eg var varsam med det meste. Prøvde meg fram, sakte men sikkert. Vart litt tryggare på ting etterkvart som eg vart eldre. Sjølvtillitskurva har vore stigande heile vegen.

Journalistikken, som eg ikkje var sikker på om eg burde satse på grunna ein sjenert natur, vart for meg første steg i retning av å teste mine eigne grenser. Det har vore ein god bransje for meg, der eg har fått arbeide med skriving, som eg elskar, og samstundes pushe meg sjølv, for deretter å vere grådig kry over å sjå at ‘ja, eg klarte det sjølv om eg ikkje trudde det skulle gå’. Umedvite har det kanskje vorte ei lita rettesnor i livet òg? Eg trudde til dømes ikkje eg skulle våge å reise åleine til Australia.

Det er vanskeleg å unngå flosklar og klisjear her, men arbeidserfaringa innanfor denne bransjen har verkeleg gjort meg til den eg er i dag. Og det gjer meg berre meir ivrig på å prøve meg vidare. Eg trur eg har mykje spanande i vente, om eg berre vågar å trakke opp (traktor)stien.

No er eg på andre sida av jordkloda og studerer tv- og radiojournalistikk, og draumen om mediesenteret har starta å krype attende i hovudet mitt. Eg skreiv det i den første søknaden min til gjengen i Førde – eg kjem til å søke heilt til dei gir meg sjansen til å syne kva eg er god for. For er det ein ting eg har lært etter å ha intervjua håpefulle skribentar til kulturredaksjonen i Studvest, så er det at motivasjon for jobben er viktig. Og dét har eg, i mjølkespann på mjølkespann.

Eg vurderer det å eventuelt kome inn som nynorskpraktikant hjå mediesenteret som gull verd og ei erfaring for livet, nett slik som Studvest har vore. Dei som kjem gjennom nålauget er, som leiaren ved senteret nyleg har skrive, priviligerte folk.

Det er skummelt å nemne det offentleg, i fare for å ikkje nå målet. Eg gjer det likevel ein gong til:

Eg vil, eg vil, eg vil!

Klede ein journalist verdig

28 august 2010 | Australia / Deakin, Journalistikk | 2 kommentarer

EGFANNEGFANN! For ein gongs skuld var reklama eg såg på Facebook fornuftig.

Blant små reklamesnuttar som etterlyser eggdonorar (ja, faktisk), datingsider, matlaging og filmar, kom eg plutseleg over ein liten firkant der det sto skrive nok á la «Journalist?». Heilt tydeleg at reklama var skreddarsydde i dét tilfellet. Men denne gongen klikka eg meg faktisk inn på sida ettersom eg var litt nyfiken.

Og der, med 1800 ulike produkt å velje mellom med mange motiv relatert mediar og journalistikk, kom eg over eit par stilege t-skjorter. På Cafépress lagar nemleg brukarane ulike motiv som dei lastar opp og som vert lagra slik at andre kan kjøpe produkta. Ganske genialt eigentleg. Søk litt på sida etter andre stikkord, og du vil truleg finne eit eller anna merksnodig, lurt eller kult.

Eg skal i alle fall kjøpe «writer» t-skjorta. Kanskje to til i andre motiv. Stilige var dei i alle fall!

På oppdrag

28 juni 2010 | Journalistikk, Personleg | Ingen kommentarer

JONSOKFEIRING: Denne helga jobba eg så lokalt at mamma fekk høve til å ta bilete av meg undervegs.

Som eg har nemnd tidlegare har eg no i juni skrive og fotografert for den ferske avisa i heimkommunen, Bremanger Budstikke. I helga hadde eg derimot mitt siste oppdrag, der eg tok bilete frå jonsokfeiringa i bygda mi. Der var òg mor mi – som ikkje klarte å motstå freistinga med å feste meg til filmen. Ho og bestefar min er ein av mine største “fans”, og samlar på alt eg har fått på trykk i tidlegare aviser. Eg burde vel sett det kome.

Feiringa i bygda vart ikkje berre prega av bålbrenning, mat og utlodding på grendahuset. På tampen av kvelden var det ein som vart det naturlege midtpunktet, med sin gamle originale bil, Citroen Traction frå 1955. Inni hadde han gjort det heile komplett – der han hadde liggande to gamle magasin frå same tiår, samt ei NAF-bok. Den òg frå 50-talet. Boka var lekker, sjølv om eg tippar ein del av vegane ikkje er oppdaterte ..

DOLLARGLIS: Berre fronten på slike gamle bilar er imponerande nok i seg sjølv.

PAPIRSKATTAR: Eigaren viste fram gamle, lekre magasin frå 50-talet som han hadde kjøpt hjå ein brukthandlar.

PRIKKEN-OVER I-EN: Det som først såg ut som ei veske, synte seg å vere ein gamal radio. Dette er musikkanlegget til jonsokfeiringa si det!

Ein grøn Mustang

24 juni 2010 | Australia / Deakin, Foto, Journalistikk | 4 kommentarer

FOTOSAFARI: Då kjærasten viste fram sitt gamle glis av ein Mustang, fekk eg testa mitt nye kamera.

I høve Australia-turen har eg nemleg klart å fått fatt på mitt aller første spegelreflekskamera. Kjærasten til Kristin var så snill å selje det for ein grei pris – og det sjølv om han knapt har tatt 1000 bilete med det. Heldige meg! For berre to tusenlappar fekk eg i alle fall eit søtt lite kamera, Nikon D40. Eg har tilnærma lik null peiling når det kjem til det tekniske ved spegelrefleks, men det skal det verte ei ordning på!

I Australia er planen nemleg å ta fotografi som valfag. Den perfekte kombinasjon til journalistikkstudiet. Og så er eg jo veldig glad i å ta bilete òg. Fotografilysta har berre vore på eit botnnivå når eg berre har hatt eit dårleg rosa (takk til pappa for fargevalet) kompaktkamera. Det har i all hovudsak fått ligge i fred det siste året. No, med litt fagleg påfyll, eit herleg apparat og eksotiske omgjevnader, vert det andre bollar!

Ville berre vise fram nokre bilete eg tok då typen ga meg ein guida tur når eg vitja han på Fusa i helga. Eventyrleg norsk bondelandskap. Slik vi likar det.

Tid for endring

14 april 2010 | Journalistikk, Personleg | 3 kommentarer

FRAMTIDSPLANAR: No når sola har starta å kikke fram og tida mi som kulturredaktør snart er omme, er det tid for kjolar – og andre nye ting i kvardagen.

Sjølv om eg eigentleg aldri slutta å svinse rundt i kjolar om vinteren (tjukke strømpebukser hjelper godt!), har talet på kjolar eg har hoppa inni auka etterkvart som vi nærmar oss sommaren. Fuglane kvitrar og livet er godt!

Men det er ikkje berre flagreplagg som kjem til å endre seg no framover. I morgon er søknadsfristen for den nye kulturredaktøren, og fotoredaktøren – for den saks skuld, ute. Det er rett og slett heilt ellevillt kor fort tida har gått som kultursjef i Studvest. Jobben kan vere både utruleg tøff, vanskeleg og slitsam, eller heilt fantastisk, artig, lærerik, underhaldande – gjerne alt i ei herleg suppe. Men det er aldri slik at ein sit og kjedar seg. Av og til skulle ein tru klokka gjekk dobbelt så fort. Ein får rett og slett ikkje tid til alt ein skulle ønskje, samstundes som ein i ettertid gjerne vert overraska over kor mykje ein likevel fekk tid til. Og ikkje minst: Ting ein har lært, sjølv om det gjerne ikkje går opp for deg at du har lært noko av det heile før det har gått ei stund.

Uansett er det no berre fem utgåver att før eg er ferdig. I neste veke er truleg etterfølgjaren min annonsert, og eg skal starte med opplæring. Det vert artig, nostalgisk og alt på ein gong. Samstundes førebur det meg på å fase ut Studvest og gjere meg klar for nye ting.

Så sant eg består ei språkprøve, har eg sikra meg ein skuleplass på Deakin University i Australia. Campus: Geelong, litt utanfor Melbourne. Og skulen startar allereie heilt-heilt i byrjinga av juli. Såleis vert det difor ikkje lange sommarferien, og heller ikkje lange sommarjobben. Men eg har sikra meg litt jobbing. Om enn berre for juni. Eg skal nemleg jobbe i ei avis heime som heiter Bremanger Budstikke. Ei veldig fersk avis, som hadde si første utgåve i februar i år. Det vert faktisk den minste publikasjonen eg har skrive for – men samstundes ei ny erfaring. I avisa jobbar nemleg berre éin mann: Som redaktør, layoutmedarbeidar, journalist og alt-moglegmann.

Eg skal jobbe sjølvstendig og rulle rundt og intervjue folk – finne saker på eigahand og lage eigne rammer for arbeidsdagen i veldig stor grad. Utruleg spanande – samstundes som det er veldig kjekt å få høve til å vere aktiv journalist i mine heimtrakter. Alle dei andre stadane eg har jobba har nemleg aldri vore -heilt- på heimebane. Det kan sjølvsagt vere både ein fordel og ei ulempe – men eg kjenner i alle fall folka og staden. Eg gler meg!

Men no: Åt Studentsenteret med meg. På tide å kladde på saksliste for ei ny avis.

PS! Legg merke til at eg no freister å ta oppatt blogginga, slik at eg skal verte litt varm i bloggetrøya før eg reiser til Australia. Då skal eg sjølvsagt leggje ut mange solrike bilete og gjere dykk misunnelege. Og gjere det litt enklare for dykk å følgje med på kva som skjer med meg, naturlegvis. Vi bloggast!

Tagger: , ,

Oppdatering frå redaktørstolen

19 februar 2010 | Journalistikk, Personleg | 4 kommentarer

Joda. Eg har planar om å oppjustere bloggaktivitetane i 2010.

Om enn ikkje heilt enno.

Etter å ha tenkt vel og lenge på det, har eg no bestemt meg for å reise frå Bergen. Min siste arbeidsdag i Studvest er over og ut 19. mai når den siste avisa kjem ut. Når då månaden bytar namnedrakt og døyper seg sjølv «juli», pakkar eg tannkost og truser for å bu i Australia. Det siste året med journalistikkstudiar skal dyttast ned i utdanningsbagen. Bonusen er jo at det er kengeruar, koalabjørnar, ein heilt OK temperatur og eigne grillklubbar.

Så klart skal eg starte å blogge att! Og så klart skal eg gjere dykk misunnelege ved å publisere solfylte bilete. (Og kanskje lengte litt heim i starten, kanskje til og med sakne skarre-r-ar, men voneleg vil berre dette vere dei første månadane).

Inntil då kan eg jo prøve å oppsummere redaktørperioden i korte trekk:
Mykje jobbing, skravling, sosialiseirng, latter, glede, frustrasjon, kommareglar, rettskriving, multitasking og plan b-c-og-d-ing.
Flinkare skribent etter å ha retta ørten skrivefeil (og ein god dose skrivelyst, når ein av og til tenkjer «eg kunne gjort det betre og kjappare sjølv».
Eit voldsomt utvida nettverk og mange herlege nye kjennskap.
Meir sjølvtillitt, rett og slett. Og meir erfaring i ei uvand, men voldsomt utfordrande, sjefsrolle.
Ein innimari yrkesstolthet.
Flinkare til å takle stress.
Erfaring som pedagog, rettleiar og medmenneske.

Det er igrunn vanskeleg å skrive slike oppsummeringar, for det er så mykje å ta utav. Kort sagt kan ein vel sei at eg gruar meg til å slutte. Avisa har vore livet mitt i snart tre år no. Kanskje ikkje så rart at det då kjennes litt vemodig ut. Men når det gjer slik som no, romsterer litt i magen – med tanke på utfordringar som ventar i Australia, så gler eg meg ganske mykje òg. Eg kjenner att denne magekjensla, og det tyder som regel at det er gode ting i vente.

De høyrer frå meg seinare. Eg lovar.

På trykk i BT-magasinet

29 august 2009 | Journalistikk, Språk | 4 kommentarer

Bilde 2AVISPRAT: Det var ikkje slik eg hadde venta namnet mitt først skulle dukke opp i BT.

Det skulle vore ein artikkel med namnet mitt som byline. Men i dag, på side fire i BT-magasinet, står det. Utan at det er ein skikkeleg “byline”. Svart på kvitt. Janne. Spor etter ein kommentar eg slengte frå meg på bt.no. Det måtte jo vere i samband med ein nynorskartikkel.

Men det varmar jo. Slik det alltid gjer når nynorsk er inne i biletet.

Tagger: , ,

Dagens bilete: På jobb

24 juli 2009 | Journalistikk | 2 kommentarer

22 juli
Fotograf: Bent Are Iversen

Fototittel: På jobb
Tid og stad: 22. juli, ca 1140
Skildring: Ein kan aldri kjenne seg trygg når ein Firda-fotograf er i nærleiken. Eventuelt: Ein fotograf i det heiletatt. Ein trur det berre er kjeldene som skal stå framfor linsa, men nei.

Her på Førde lufthamn, Bringeland. Utstyrt med glorete oransj vest og plastikk på knollen. Klar for å farte rundt i Avinor-bil for å sjå korleis det ser ut når flyplassen gjer seg klar til utbygging. Gjørme og stein er to viktige stikkord.

Orda kjem på trykk i Firda laurdag eller neste veke.

** Har vore utan internett i over ei veke. Det kan sjå ut som nabojenta, som eg får låne internett av, har reist på ferie og slått av ruteren.. Men no er eg i Bergen for ei langhelg! Herleg!

Tagger: , , , ,

Festivalhelg

4 juli 2009 | Journalistikk | 2 kommentarer

Bilde 1
SOMMARJOBBEN: Eg vert i alle fall brunare av å ha helgevakt under Førdefestivalen.

I tillegg til mykje, mykje anna, sjølvsagt. Imponert, blant anna. Fascinert av songteknikkar eg ikkje har høyrt før. Glad av gode dansertymer og sprudlande artistar. Munter av eit dansande publikum. Men òg litt slitan. Er under ein time til siste punktet på lista mi med ting-som-eg-må-lage-sak-på. Ting tilseier at eg må starte å skrive på nokre av tekstane i kveld, slik at eg ikkje må jobbe meg ihel i morgon ..

Festivalparaden med alle artistane som gjekk i tog til sentrum var forresten heilt fantastisk! Det var mykje meir fres enn på 17. mai. Og definitivt endå betre vêr.

Over og ut!

Tagger: , ,

Journalistar – ein gjeng sladrekjerringar?

30 juni 2009 | Journalistikk, Personleg | Ingen kommentarer

I skuggen av meg sjølvMASSEMEDIA: Med beina dytta innanfor døra i mediebransjen, får eg hjelp av menneska rundt meg til å stå tryggare innanfor journalistikken.

Foto: Privat

SJØLV OM MANGE av dagane som yrkesskribent i sommarvarmen har ført til ein del overtid, seinast i dag, kjennes ikkje arbeidsdagane spesielt lange. Tida flyg når ein telefonerar, noterer, køyrer og spekulerer. Ei ny avis har gitt, og gir meg framleis i over ein månad framover, nye erfaringar. Som journalist og menneske.

EIN NY ARBEIDSPLASS gjer at eg reflekterer meir over kva eg likar, og ikkje likar, ved å vere journalist. Mest det første. Journalistikk kretsar rundt noko som skil seg ut frå det vanlege. Det ein ikkje ventar. Ting som engasjerer, provoserer og gledar. Eg har gjort min andel av tekstar som omhandlar små ungar som dansar, syng og spelar teater. Gladsakene er viktige på sitt vis, men siste året har eg innsett at det er sakene som eg eigentleg ikkje ville ha, har gjort meg mest stolt i etterkant. Utfordringa og arbeidet ein har lagt ned i saka gjer vinsten større.

Firda-framsideNETTOPP SLIK FUNGERTE hovudoppslaget mitt om ei planlagd kraftlinje gjennom Vettreiene bustadfelt i Førde kommune. Fleire grender var provosert over å få delar av gigantlinja Ørskog-Fardal tett innpå seg, og freista å påverke politikarane gjennom media. Dagen før kommunestyremøtet kom framsida med naboen som potensielt skulle få linja 115 meter frå det nybygde huset sitt. To dagar seinare kunne eg ringje ordføraren og høyre at kommunen hadde snudd i saka. Det kjendes godt – og vart endå betre då opplevinga vart toppa med ei takke-tekstmelding frå ein av innbyggjarane dagen etterpå eg skreiv at politikarane hadde endra standpunkt.

JOURNALISTAR SOM TIDVIS har oppheita diskusjonar rundt bildebruk, vinkling og titlar gjer at eg freister å tenkje meir gjennom det arbeidet eg gjer. Og kva rolle lokalavisa har for folk. Sjølvsagt har eg òg gjort det før – men no i endå større grad. Eg har i større grad erfart det eg trudde – at det er ei større utfordring å skrive korte informasjonsmette tekstar, framfor lange der du ikkje treng å gjere dei store grepa om teksten. I sistnemnde døme vert ein i større grad ein referent. Ofte synonymt med eit slappare journalistisk arbeid. Ikkje i reportasje-sjangeren, sjølvsagt. Men på nyhendeartiklar er kort og godt den beste tommelfingelregelen.

SJØLV OM DEN andre ferske sommarvikaren er yngre enn meg og med mindre erfaring, gjer ho ein knallgod jobb, og minner meg om den iveren og stoltheita ein har heilt i byrjinga over å køyre rundt i journalistbil og over å få namnet sitt på trykk.

EIN ANNAN SOMMARVIKAR som har trakka ned to av dei lokale avishusa sidan han var 15 år kom med eit godt sitat. «Når eg er ute på ein ulukkesstad, kjenner eg meg som ein gribb. Men eg må tenkje at eg er der for lesarane sin del. At dei har eit informasjonsbehov.» Han fekk meg til å tenkje over korleis journalistikken i si tid må ha oppstått

LA OSS SAMANLIKNE journalisten si rolle med ei sladrekjerring, før vi korrigerer det til eit meir nyansert bilete att. I eit lite samfunn er det
* folk irriterer seg over naboen, utan at der kjem ei løysing på saka
* nokon som kviskrar om at ein epedemi er på veg – utan heilt å vete kva det er
* ein einstøing som gjerne brukar kikkerten sin flittig, men har ikkje eit sosialt nettverk til å få med seg anna enn det synet viser han

IKKJE RART FOLK omfamnar – og hatar – journalistar. I staden for at folk skal ofre kaloriar for å finne ut av problem og informasjonsmangel sjølv, tar vi på oss oppgåva for dei. I tillegg er det så mange som les sladrekjerringa i papirformat, slik at har ein først drite på draget, kan du vere viss på at heile bygda får vete det. Og der kom òg forklaringa på kvifor somme hatar oss. Ein kan som sagt ikkje gjere alle til lags.

VI KAN NOK konkludere med at journalistar er ei sladrekjerring med modifikasjonar. Vi vidareformidlar ikkje ting vi trur er sant. (Men det er sjølvsagt alltid ein og annan som trakkar feil.) Vi ringjer, oppsøkjer og sjekkar ut ting. Får det stadfesta, eller avkrefta. Set det på trykk. Følgjer opp saker, tidlegare utsegn frå politikarar, gangen i byggesaker, det ureine drikkevatnet, eller det dårlege innemiljøet på skulen. Resultatet er at både innbyggjarane og journalistane lærer meir om det rundt seg.

EG ANGRAR VERKEN på yrkesvalet eller tatoveringa mi. Og alle desse erfaringane og refleksjonane pakkar eg i ryggsekken når eg går inn i rolla som kulturredaktør i Studvest til hausten.

Tagger: ,

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University (Waurn Ponds-campuset), ein times køyring frå Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Gi meg ein lyd?
janne.sorgulen snabel-a gmail.com

Gravande journalistikk

Gæmlisinnlegg

Lifestream