Blogging
Eggar opp til «dagens foto»
24 June 2009 | Blogging, Kuriosa | No Comments
SPALTEDEBUT: Det er ikkje berre bransjen eg jobbar i som har agurktid.
For på bloggen min er ikkje stoda stort betre. Difor freister eg å ta eit bilete, om lag kvar dag, som eg skal publisere på bloggen no i sommar. Ikkje nødvendigvis eit fantastisk bilete. Ikkje nødvendigvis eit bilete av spesielt god kvalitet. For det går kjappast med mobilkamera, og det er det som er kjerna i saka: Det tek såpass lite tid at det går heilt fint å avsjå mobilknipsing for bloggen min.
Puh. Så då var det skrive – så skal eg gjere eit godt forsøk på å halde lovnaden. Sidan eg ikkje kom på denne idéen før no, eit kvarter før leggjetid, vel eg å bruke eit gamalt bilete.
Tittel: Oppegga
Tid og stad: 11. april 10.52, på kjøkenet til storesøstra mi
Skildring: Nokon sørgde for at maten smilte mot meg då eg etterkvart fann frukostbordet.
Godt nytt år!
31 December 2008 | Blogging | 3 Comments
Med det som offisielt vert det siste innlegget i år, vil eg ønskje alle lesarane eit fortreffeleg godt år. Og som alle folk som gjer store ting seier til fansen sin: Hadde det ikkje vore for dykk, hadde eg ikkje drive med dette.
Sjølv om lesarstatistikken min hoppar opp og ned, alt etter kor mykje eg produserer, har de vore veldig flinke til å kommentere. Hald fram med det! Ris og ros gjer ein liten skribent glad heilt inst i hjarterota. For så lenge folk bit seg merke i det eg skriv, følar eg at det har noko føre seg. Fell orda rett gjennom, utan at folk bryr seg, har eg gjort eitkvart feil.
Så. Nyårsføresett? Eg veit ikkje. Eg har ikkje for vane å halde dei – men eg har for vane å ha eit lite knippe av slaget. I redsel for å bryte ein lang tradisjon om å bryte nyårsføresett, har eg altså eitt likevel:
* Gjere eit forsøk på å, i første omgang, skaffe meg gitar. Med tid og stunder, lære meg å spele på den òg.
* Lage eit kavalkadeinnlegg om 2008 på bloggen. (Dette skal eg halde. Og gjennomføre. Snarleg).
Men enn så lenge: Godt nyttår, gode lesarar!
Beste helsing
Janne i trykken
Du veit du er kjendis når ..
20 December 2008 | Blogging | 5 Comments
.. folk synest det er kult at dei har venner som kjenner deg.
Går julenissen i saumane
20 December 2008 | Blogging | No Comments
Er julenissen sin omgang med borna så uskuldig? Kor får han pengane til julegåvene frå? Og har alvane hans eigentleg eit godt arbeidsmiljø?
I eit djupneintervju med den raudkledde mannen med det store skjegget, går skribent Hastur julenissen i saumane. Og det på plattforma til eit nytt bloggkollektiv: Knokkelklang.
Her skriv Hastur og tre andre karar lengre artiklar som skal pirre leselysta. Eller som dei skriv sjølv: “Et blogtidsskrift viet det marginale, det kuriøse, det skrekkelige og det fantastiske”. I staden for å slenge ut eit innlegg her og der, gir dei ut artiklar i puljer. Dei har no kome til nummer to.
Legg til Knokkelklang i RSS-lesaren først som sist. Denne redaksjonen trur eg er verd å halde eit auge med.
Janne i trykken 3 år
3 December 2008 | Blogging | 23 Comments
Janne i trykken bretta opp ermene, fann fram tastaturet og dei lure spørsmåla: Og intervjua seg sjølv i høve 3-årsjubileumet hennar som bloggar. Sidan ingen andre tek ansvar.

NYNORSKBLOGGEDRONNINGA
Det er tredje dagen i desember – og det tredje året som bloggar. Var det eigentleg så sjølvsagt at skrivinga skulle vare så lenge? Vi sette oss ned med bloggaren for å finne eit svar.
Opp ei trapp. Og opp ei trapp. Og opp ei siste trapp. Det er ikkje akkurat noko rullestolvenleg kollektiv ho har funne seg, Janne i trykken, der ho bur på eit lite loft i Sandviken. Sjølv når vi har opna den siste døra før heimen hennar opnar seg framfor oss, er ei trapp det første som møter auga.
— Hei! Du fann fram? seier ei forsiktig, men hyggjeleg røyst til oss.
Bloggaren slår oss ikkje som spesielt høg, med berre 1.60 meter på sokkelesten. Eit prov på at storleiken tydlegvis ikkje er eit essensielt kritere for å kome opp og fram. Mykje har skjedd sidan det første innlegget hennar 3. desember 2005. Ho gestikulerer mot IKEA-sofaen – eit teikn på at vi skal setje oss ned.
— Så .. Du vil altså intervjue meg? Når sant skal seiast likar eg eigentleg best å vere den som brukar journalistblokka, framfor å vere den som får sitatene sine notert på blokka til nokon andre, seier ho med ei audmjuk røyst.
Vi forstår at vi har kome på rette staden. Enn kvar ein vestlending flyttar på seg, skal det mykje til for å fjerne den jordnære vestlendingen frå skrotten.
— Vel .. no er det faktisk du som har bestillt intervjuet, såå .. vi får vel berre hive oss i det, seier vi. Og gjer nettopp det.
FRÅ HEIMESIDE TIL BLOGG
— Hugsar du kva det var som først fekk deg på tanken om å opprette ein blogg?
Svaret sit ikkje langt inne, og det ser ut som om bloggaren eigentleg likar høvet ho no har fått til å mimre attende til dei første bloggeorda.
— Sidan eg først starta med prating på nettet når eg var rundt 12 år, har eg hatt to-tre meir eller mindre mislukka forsøk på å lage heimeside. Eller rettare sagt: Få hjelp til å lage heimeside. Før måtte ein kunne ein del koding for å få til slikt.
— Men det er ein viss forskjell på heimesider og bloggar?
— Ja. Og det er vel eigentleg det eg likar òg. Heimesider er gjerne så statiske. Ein blogg vil alltid vise deg dei siste innlegga. Ein blogg er gratis – og mange bloggar – slik som bloggs.be, har heller ikkje reklame. Ikkje minst likar eg at ein kan få lekre bloggar, utan eigentleg å ha jobba noko spesielt for det sjølv.
BLOGGERIET OG NAMNET
— Det første innlegget ditt vart jamvel ikkje publisert på bloggs.be. Kor starta eventyret?
— EnjoyDiary. Hovudgrunnen til at det vart akkurat det, har nok med ei eg trefte i journalistikkklassen på det som då heitte Merkantilt Institutt (MI), no Norges Kreative Fagskole. I Bergen. Ina, aka Lukritzia, hadde lenge blogga. Eg vart nok litt inspirert. Og så har eg alltid likt å skrive. Fire månader etter eg starta på skulen, fekk eg altså min første ordentlege blogg. I år starta eg òg ein musikkblogg, for å gjere det enklare for lesarane. Dei som likar musikksmaken min, kan vitje Knirkefritt. Dei som berre er interessert i orda mine, kan gjere det.
— Kva var namnet på den personlege bloggen ..?
— Jannejenta .. mumlar 22-åringen.
— Litt flaut?
— Ja. Det er ikkje noko eg snakkar høgt om. Kallenamnet gir meg assosiasjonar til fjortisjenter med rosa klede. Det dukka nok opp i iveren etter å starte med blogging. Men nokre, slik som Hastur, brukte kallenamnet sjølv etter at eg hadde byta blogg. Men han måtte jo ha eit kallenamn til meg – så det vart til at han kalla meg J-girl i staden for.
— Akkurat. Stor forbetring.
— Eg tok det aldri i bruk som kallenamn på bloggen, då. Greitt? Då eg byta blogg første gong, vart det ein Trykker-blogg. Det vart berre ein månad der, før eg flytta vidare. Grunnen skreiv eg eit langt innlegg om. Noko som førte til ein større debatt i Bloggebyen. Men der vart altså adressa på bloggen min “Janne.trykker.com”. Eg syntes namnet var så sjarmerande, at eg tok det med meg på flyttelasset.
— Men. Du bloggen din heiter jo Janne i trykken?
— Det vart det, etterkvart. Namnet var det faktisk ein annan bloggar som kom med. Fotobloggaren Arild hadde skrive meg inn på lenk-lista hans som “Janne i trykken”. At eg ikkje hadde tenkt på det sjølv, var vel det første som slo meg. Heldigvis let han meg låne formuleringa hans. For fans av Janne i trykken, kan det nemnast at alle innleggene eg har skrive dei siste åra, er flytta til denne bloggen.

SKRIVINGA
Vi har fått bloggaren på gli, og har fått lirka fram bakgrunnsinformasjonen for blogginga. Det viktigaste med blogging, er likevel orda.
— Du skriv jo om ganske mykje forskjelleg. Korleis dukkar skriveidéane dine opp?
— Eg må nok vere så vanskeleg som forfattarar plar vere når dei svarar på liknande spørsmål. Det dukkar ofte opp av seg sjølv. Ein kan vel dele skrivinga mi opp i to kategoriar: Innlegg som handlar om kva som skjer i livet mitt. Og innlegg som handlar om alt i frå merkelappar i kleda til tankar om gravstøtter.
Janne i trykken pustar ut, trekk pusten, og held fram:
— Hovudregelen min er at eg skriv innlegget med ein gong eg får ideen og er gira på den. Neste dag synest eg gjerne den same ideen er teit. Det vert rett og slett eit ork og ei pliktkjensle og fullføre den. Eg lev i trua om at resultatet alltid vert best når ein har iveren etter å skrive noko. Slik som innlegget mitt om Gisle Sursson. Det var eg særs ivrig etter å skrive. Eg tenkte nok på det heile tida, medan eg noterte i margen på islendingsoga. Aldri så gale at det ikkje kan bli eit godt blogginnlegg av det, kan du kanskje sei. Eg skreiv jo til dømes om då eg hamna på legevakta òg.
— Du skriv litt i rykk og napp?
— Ja. Som sagt likar eg best å skrive når eg har iveren over meg. Såleis vert det gjerne litt puljevis. Det har òg med korleis kvardagen min er der og då. Og ikkje minst, responsen eg får frå lesarane. Det er utruleg viktig.
— Du er ikkje ein av dei som skriv utelukkande for din eigen del, altså?
— Dei som seier dei berre skriv for sin eigen del, har ei fysisk dagbok med hengelås. Med ein gong du er på nettet, er det fordi du vil vise fram orda dine. Eg kan vere så ærleg å sei at eg nokre gongar har hatt dalande motivasjon til å skrive, utelukkande fordi få personar har kommentert på bloggen min. Det gir ein kjensle av at orda mine ikkje er så viktige. Av og til kan det verke som om responsen på orda er avhengig av kor mykje ein kommenterer hjå andre bloggarar. Eg har vel eigentleg aldri vore spesielt flink til det.
BLOGGEDØDEN OG LESARTAL
— Mange bloggarar har fordufta etter bloggetoppen i, var det 2004? Uansett. Har du nokon gong vurdert å kutte ut blogginga?
— Eg har tenkt tanken, men aldri seriøst. Som eg fortalde i stad: Skrivinga mi går i rykk og napp. Ein dag kan eg ha tre innlegg. Så kan det gå fleire veker til neste gong, alt etter inspirasjonen og humøret. Eg er journalist, og vil alltid halde fram med å skrive. Om det alltid vil vere ein blogg i tillegg, er ikkje sikkert. Det er heller noko eg får sjå i auga, om det plutseleg har gått tre månader sidan sist innlegg. Det er uansett ikkje eit problem eg har hatt sidan oppstarten. Det går jamnt og trutt. I fjor kom eg på 15. plass i Tordenbloggen. Denne gongen kom eg ikkje gjennom kvalifiseringa eingong. Eg skuldar det på at eg ikkje fekk alliert meg med andre, slik som i fjor.
— Apropos respons: Kor mange lesarar har du?
— Sidan statistikken min vart fiksa i oktober, er det høgaste besøkstalet mitt 145 på ein dag. I går hadde eg 129. Det skal nemnast at det eigentleg er lenge sidan sist eg hadde over hundre lesarar. Det har vore meir dei siste to vekene. Det er nok fordi eg: A) Har vore meir aktiv med å leggje ein lenk til innleggene mine på Bloggrevyen og Bloggarkivet. Sidan eg ikkje er ein flittig kommenterar på andre bloggarar, må eg ty til andre metodar. Og B) Fordi eg har skrive meir jamt den siste tida.
— Folk orkar ikkje å gå innom spesielt ofte, om du berre skriv eit innlegg i månaden. Naturleg nok. Mitt tips til desse er å skaffe seg ein RSS-lesar. Ei slags samleside der du kan leggje inn alle bloggane du les, og får varsling om nokon har oppdatert. Sjølv brukar eg Bloglines.
— Hugsar du kor mange lesarar du hadde i starten?
— Statistikken på EnjoyDiary telte kvar gong folk såg på ei enkeltside, og var såleis villedande. Men då eg fekk min første WordPress-blogg, fekk eg eit meir realistisk bilete. Eg hadde vel ein dagleg 50 personar innom på det tidspunktet.
Janne i trykken har starta å verte rastlaus. Ho skal snart på juleball med folk ho gjekk nordisk årsstudium saman med i fjor. Vi forstår at vi må runde av intervjuet.
— Bloggetips: Har du nokon råd til andre bloggarar?
— Skriv om det du vil, når du vil. Og på den måten du sjølv ønskjer. Ikkje kopier andre, men gjer di eiga greie. Synest du ikkje det er kjekt å blogge, er det uansett ikkje noko du kjem til å halde fram med.
— Har du eit “gåveønskje” for bloggjubileumet ditt?
— Ja! Kjekt at du spurte. Eg ønskjer at alle som les bloggen min skriv i kommentarfeltet:
* Kven dei er * Kor lenge dei har lest bloggen min * Kvifor dei les bloggen min * Døme på kva type innlegg dei set mest pris på blant dei tekstane eg har skrive. Eg vil vete kven de er!
— Litt marknadsundersøkjing, rett og slett. Men du må nesten kome med dagens nynorskord, du som har starta julekalender og allting.
— Sant det. Hadde nesten gløymd heile greia.
Tredjedesemberordet:
«hjasse» frå norrøne hjassi. Isse, krone.
Slik som nåsåen i The Julekalender har!
Kommentar-abonnering
2 December 2008 | Blogging | 5 Comments
Sidan Hastur klagar på at han ikkje orkar å gå innom bloggen min for å sjekke om det har kome svar på kommentarane hans, har Admin-Rune no funne ei fin løysing for bloggen. Hurra!
Skriv inn innspel, ros eller kritikk. Huk deretter av for “Gi meg ein lyd via e-post om nye kommentarar”. Og vips! Du får med deg alt som vert skrive etter at dine eigne ord har hamna på bloggen. Men no – over til nerdekalenderen.
Andredesemberordet:
«gulerande» som automatisk regulerer seg sjølv
Inntekta mi er gaulerande. Eller er kanskje arbeidsmengda ein avgjerande faktor?
If you really are so trøytt, go home!
24 November 2008 | Blogging, Kuriosa, Språk | 3 Comments

Julekalender, type “The”, vert i år servert av TV2. Men for å få mi dose språkleg forvirring, treng eg (igjen) ikkje gå lenger enn til søkjefeltet på bloggen min.
Etter snart tre år med blogging har eg fått merksemd frå eit og anna menneske i Noreg. Folk les for å oppdatere seg på dei rare skriva, på den vesle nynorskjenta, på journalistikken og bileta. Folk søkjer på ting som fører dei til bloggen min. For så, i neste rekkje, lese den. I alle fall for dei som kan nynorsk. Og dei som ikkje kan det, kan eigentleg gi opp. Eller?
I iveren etter å forstå seg på det eg har skrive, har ein utanforståande plotta inn bloggadressa mi på ei side som driv med automatisk oversetjing av nettsider. Og eg ler så eg grin. Eg let meg i alle fall fascinere over desse oversetjingane:
Frå innlegget “- Ting å teikne på: Kroppen“:
* Vel motiva med omhu! / Well motivating carefully!
* Ein vil jo ikkje verke tilbakeståande heller. / One will not work the back ståande either.
* DET er kjekt det!
/ THERE is fun there!
* Om du verkeleg er så trøytt, gå heim! / If you really are so trøytt, go home!
Frå innlegget “Frå Kalvø til Nederland“:
* Gamle koselege bergensaren meinte eg gjerne kunne køyre og kome han i møte og ta intervjuet med ein gong. / Old koselege bergensaren meinte I like to be able to run and get him in the face and take the interview with a gong.
* Eg meinte det var litt langt å køyre heilt til Sogndal, der han er i morgon. / I meinte it was a little far to run until St. Louis, where he is tomorrow.
* Ein anna kjekk hending er at eg kanskje har vore med på å skaffe breiband til nokre husstandar i Svelgen. / A different handsome event is that I may have been involved in obtaining tradition to some households in Somerville.
Frå innlegget “Ser eg så desperat ut?“:
* Er det slik at det osar singel og sand når eg spradar rundt på brustein saman med Burugla? / Is it so that it osar single and sand when I swagger around the brustein along with Burugla?
* Takke meg til å treffe nokon i levande live. / Thank me to meet someone in live live.
* Om eg framleis er singel når eg bikkar tretti, skal eg heller vurdere det. / If I still single when I bikkar thirty, I shall never consider it.
Frå innlegget “Lang dags ferd mot fnatt” (vart tolka som “Long day’s journey towards fnatt):
* Då var det kjempekjekt at kameraet klikka mongo idet politikarane klyppa snora med den gedigne hagesaksa. / Then there were huge fun at the camera-clicking Mongo as politicians klyppa snora with the gedigne Garden Scissors.
* Om litt skal jordbær og is nytast til dei grader. / About little to strawberries and is nytast to the degrees.
* Enda til slutt opp med at eg fekk lånt kamera med både ei og to snille damer. / Even in the end up with that I got borrowed camera with both a good and the two ladies.
Så, kjære ikkje-norske lesarar: It’s probably lurast if eg held fram med to write norwegian.
Vil du prøve Google-oversetjinga sjølv? Klikk her. Men ikkje kom her og sei at eg ikkje åtvara deg.
Janne let seg sponse – dette er ei fullblods annonse
9 November 2008 | Blogging | 2 Comments

Janne let seg sponse,
her følgjer ei fullblods annonse.
Ein lekker ny bloggestad har dukka opp,
med nye fargar – det er heilt topp!
Med utelukkande ein mobil i neven,
er sjølvportrett og orda dine kjapt på veven.
Mobil-blogging kan for nokre verte rart,
men med iPublish kan sjølv det gamle gi deg fart.
Explorer gjer framleis litt av kvart,
mobilen treng ikkje nyttast – om du synest det vert for rart.
Eit par klikk, og du har fått deg ei form for heimeside,
Fortel om gledesrus og tåretørk – du treng ikkje lenger åleine lide.
Det heile for null kroner,
Kanskje sida skaffar deg ei eller fleire koner?
Bloggen kan nemleg nyttast som ei kontaktannonse,
men eit slikt utgangspunkt, vil nok dei færraste lesarar sponse.
Fokuser heller på ei interesse,
det beste resultatet kjem når du ikkje har det største presset.
Gründer-Thomas kan du overvake
frå stova – sovande eller spill vaken.
Framfor kamera tek han seg rettnok sjeldan ein blund,
sjølv om morgonstund har guld i mund.
Idol-Aleksander og kjærast Vivian.
Idol-Jorunn og Idol-Tone, ja det går an.
Dei har alle ein stad på veven,
gjettar du kvar, er du eit skritt på vegen.
Venke Knutson har allereie funne adressa,
såklart, læraren er jo glad i slike finessa’.
No har publiseringssystemet lansert ein tevling,
men om du vinn over meg, skal eg kle meg ut som ein grevling.
Vi tek det gjeve først,
kva kan ein vinne, om ein får sløkt sin vinnartørst?
Eit finansiert .com-domene, spesialdesigna blogg og foto-shoot.
Det er i Oslo du må sjå lur ut.
Kva må ein gjere,
for å få den blogge-herlege ære?
Spre ordet om iPublish,
til syster, bror, kompis. Og elles til dei kjære.
Bloggs.be er vel og bra,
det er i alle fall det ei jente som meg vil ha.
Men eg må jo nesten sladre,
når det har kome ein stad for alle dykk andre.
Sit du framleis der og undrar?
Les på skrivet her under:
Tevlinga
- Skriv eit innlegg på din eigen blogg, eller på ein nyoppretta blogg på iPublish.
- Alle kan delta, om du så har blogg på bloggs.be, blogspot, blogg.no eller iPublish.
- Innlegget skal fortelje:
A) At iPublish er relansert.
B) At alle no kan få sin eigen blogg heilt gratis.
C) Kva konkurransen går ut på.
D) Kva premien er.
- Innlegget skal inkludere to lenkjer. Ein til iPublish, samt ein til innlegget som Bloggegründer-Thomas har skrive om konkurransen.
- Legg att adressa til ditt bidrag i konkurransen i bloggen til Thomas Moen. Elles kjem du ikkje med.
- Det beste, mest morosame, eller herlegaste innlegget vinn.
- Frist: 1. desember.
Jamfør journalistikk-utdanninga mi og ver varsam plakaten: Dette er ei annonse.
Søkjelys på søkjeord
9 November 2008 | Blogging, Kuriosa | 9 Comments
Eg har ein blogg. Du er på den no.
For å kome til bloggen min må du anten:
A) Kunne adressa mi utanboks.
B) Ha adressa i lenklista di, på favorittar-flippen i nettlesaren, eller på ei samleside for rss-oppdateringar.
C) Trykt deg vidare frå nokon som har skrive stygt eller fint om meg.
D) Ha søkt etter ord som eg kanskje, kanskje ikkje, har skrive på bloggen min.
I dag vil eg gripe fatt i folk som har nytta alternativ D. Dette alternativet opnar for mange uransakelege (?) vegar. Eg vil gjerne plukke ut nokre for dykk. I tillegg vil eg gi litt ekstrainformasjon til dei som faktisk nytta søkjeorda. Vi hiv oss i kast med oppgåva.
«horestrøk i bergen»
* Kvar? Strandgaten og C. Sundts gate er dei to gatene med størst horetettleik.
* Kvifor? Fordi alle treng pengar, og fordi der er mange smug å gøyme seg vekk i. I tillegg er det eit gelender der damene kan setje seg opp på utstilling.
* Kven? Damene, fordi dei anten gjer det av fri vilje (sjeldan). Horekundane, fordi dei er utru vesen (ofte?), eller fordi dei elles aldri ville ha fått seg noko.
* Korleis verte kvitt arbeidande hore frå under vindauget om natta? Gjer som eks-sambuaren min Isabel – bruk lommelykta til å lyse med. Blitzlys frå kamera kan òg funke.
* Funkar det? Tja. Dei vart i alle fall stille ei stund.
* Meg? Eg budde der i to år. La meg med ein gong presisere at eg ikkje jobba der.
«hårbøyle med reinsdyr»
* Kva? Dekoraktiv bøyle du kan feste på hovudet. Passar best i julebordsesongen.
* Kvifor? For å få merksemd. Folk får ei lettvint orsaking for å ta kontakt med deg.
* Meg? Eg har berre ein bøyle med reinsdyrshorn. Ikkje reinsdyr. Horna er raude, og diverre så tunge at dei i staden for å halde seg i ro, dett framfor auga. Då eg testa ut djevelhorn på byen var det i alle fall ein kar som bydde 50 kroner for å kjøpe dei. Han kasta vekk tid – det var berre lånte horn.
«gratis kontaktannonse»
* Kva? Kontaktsøkjande tekst og bilete-smørje som skal få andre til å ville kysse deg, med meir.
* Kva med blogg? Blogg kan for så vidt reknast for å ha same effekt. Publiser alle bileta og orda du orkar.
* Funkar det? Om folk forvillar seg inn på bloggen din, er dei som regel interesserte frå før av, og vert i neste rekkje anten avskrekka eller meir sjarmert. Det var neppe bloggen si forteneste i seg sjølv.
* Meg? Mitt første ordentlege blogginnlegg inkluderte bilete av to badeender. Døm sjølv.
«damesko låne»
* Kva? Sko til folk som sit på skåla når dei tissar.
* Kvifor? Fordi det er greitt å skilje mellom dei, ofte, keisame skoene til karane, og dei varierte variantane til damene. Nokre av oss prøvar å gjere utfordringa ekstra stor ved å velje helar som knapt har bakkekontakt.
* Meg? Eg let vere, og brukar berre sko med flat hæl. Uansett — du får ikkje låne dei.
«har lyst til å røyke -slutte -ikke -stumpe -kutte -laks»
* Kva? Ein fyr, eller ei jente, som ikkje legg skjul på at det er vanskeleg å slutte å røyke. Eventuelt vil han starte å røyke.
* Kvifor? Eg lurar sjølv. Treng du verkeleg rettleiing for å starte å røyke? Kjøp deg ein pakke i butikken. Finn fram fyrstikkøskja eller ein lighter. Tenn på i den kvite enden. Med mindre det er rulletobakk. I så tilfelle må du kjøpe Rizla òg. Rådfør deg med nokon som kan slikt.
* Meg? Det er ikkje noko hjelp i sjå på meg. Eg har aldri tatt eit trekk i mitt liv.
«brev til lanekassen»
* Kva? Bortkasta tid.
* Kvifor? Fordi Lånekassa gjer nett kva dei vil, og kunden (du) har aldri rett. Det tek i alle fall vel to månader før dei opnar brevet ditt, ettersom dei berre har ein i verksemda med brevopnar.
* Meg? Må jamnt og trutt minne dei om at eg ikkje har stabil nok økonomi til å starte nedbetalinga av gjelda mi. Du vil ikkje tru meg om eg fortel deg kor mykje betalinga aukar om du utset betalinga med to månader ..
«strek over o-en»
* Kva? Noko du treng å lære deg om du vil skrive fint nynorsk. Nynorskfolk bør nemleg halde seg for gode til å bruke “også”. Bruk heller “òg”. Plasserast på slutten av setninga og ikkje på starten.
* Korleis? Ikkje: Óg besten åt kake. Men: Besten åt òg kake.
* Meg? Brukar strekar over o-ane jamt og trutt.
«den store kjærleiken»
* Kva? Har eg spurt meg lenge om.
* Meg? Leitar. Sjå: Gratis kontaktannonse.
Har du hatt nokon merkelege søkjeord til bloggen din i det siste?
PS! Eg har gjort rykande ferske oppdateringar på musikkbloggen min, Knirkefritt.
Blogg-kompliment
22 August 2008 | Blogging | 2 Comments
Etter ei tid som lite produktiv bloggar, treng eg eit ego-innlegg for å få i gang skrivinga igjen. Her nokre setningar saksa frå då eg konkurrerte i bloggkonkurransen Tordenbloggen i fjor.
Janne i trykken: Janne har en av de altfor få bloggene skrevet på nynorsk. Hun har studert journalistikk og går nå på nordisk. Hun bor i Bergen, men kommer fra Sogn- og Fjordane, og for å opplyse trøndere og andre uvitende, så er det faktisk forskjell. Janne er en språkfetisjist, og det kommer tydelig til uttrykk i bloggen hennes.
kristin storrusten:
Jeg heier også på Janne i Trykken, som skriver nydelig nynorsk og om interessante ting, og som jeg
Oda:
Tapperhetsprisen går til Janne, som trykker på nynorsk, men som i en periode prøvde seg med annenhver dag bokmål og nynorsk utfra ren fagseriøsitet (hun studerer nordisk) – imponerende, og veldig morsomt å lese de resulterende sjelekvalene
Reklame
Bloggen og eg
Innspel
- Janne on Oppdatering frå redaktørstolen
- Rune on Oppdatering frå redaktørstolen
- Janne i trykken on På trykk i BT-magasinet
- Storesøs on På trykk i BT-magasinet
- janne on På trykk i BT-magasinet
- Storesøs on På trykk i BT-magasinet
- Ingvild Telle on Men eg var ikkje død
- Janne 2 on Men eg var ikkje død
- Hanne on Men eg var ikkje død
- janne on Men eg var ikkje død




