Bloggsamfunnet
Her er sida for å finne tilbake til mine eldre bloggeriar, samt andre sine bloggar.
Min fyrste blogg finn du her. Min andre blogg kan du fantasere om korleis såg ut.. Den varte uansett ikkje meir enn ein månad før eg hamna på denne lekre saken.
Det finst dessutan mange andre lekre bloggar der ute. Mykje kva-har-eg-på-brødskiva, baby- og katteprat, men innimellom finst der lekre perler som fortener å verte lest. Her er nokre sider som hjelp deg med å finne fram til nye gullkorn. Skildringane er administrasjonen sine eigne (med ei viss nynorsk omskriving).
Nettdagbok
Nettdagbok.no er ei side der bloggarar og lesarar samlast. Dei som skriv fortel når dei har oppdatert bloggen sin, og lesarane får sjansen til å halde styr på dei bloggane dei følgjer med på. Vil du vere medlem må du registrere deg.
Sonitus
Sonitus er eit forsøk på å vise veg i jungelen av bloggar på verdsveven. Ei ganske håplaus oppgåve, og vi hevdar ikkje at vi plukkar dei beste eller dei viktigaste bloggpostene der ute. Men vi i redaksjonen les ikkje akkurat få bloggpostar kvar dag, og dei vi tykkjer er gode og samtidig kan ha ei viss allmenn interesse plukkar vi ut og tipsar lesarane om. Utvalet er høgst subjektivt, men vi håpar at oppmodingane våre kan vere til nytte både for bloggarar og ikke-bloggarar.
Norske blogger
* ‘Norske blogger’ er overraskande nok ein oversikt over norske bloggar og blogginnlegg. (Og det gjekk eit sus gjennom forsamlinga…)
* Sidene syner ei liste over dei siste bokmerkene brukarane har lagt inn, sortert etter emneord (taggar)
* Bokmerkene syner til bloggar eller til spesielle artiklar som brukarane ynskjer å informere andre om.
Bloggrevyen
Bloggrevyen er ei samleteneste (bloggaggregator) med RSS-utdrag frå nypubliserte norske blogginnlegg. Kvart innlegg visast med eit utrag frå bloggen sin RSS-feed. For å lese heile innlegget går du til den aktuelle bloggen. Bloggrevyen eksisterar slik at du skal kunne marknadsføre bloggen din, og for å la blogglesarar abbonere på RSS-feedar og raskt skumme gjennom kategoriserte norske blogginnlegg.
-
Bloggarkivet
Dette er ei pingeteneste for bloggarar som skriv på norsk, svensk, finsk, islandsk, engelsk eller dansk. Det finst ein del tilsvarende tenester der ute, men ingen som er så enkle at alle kan bruke dei.Bloglines
Bloglines er ei gratis internett-teneste som hjelp deg med å abonnere og få oversikten på informasjon, slik som feedar, bloggar og video/lyd. Sida sporar opp informasjonen du er interessert i, hentar nytt stoff etterkvart som den dukkar opp, og organiserar alt for deg på ei eiga personleg vevside.
Reklame
Bloggen og eg
Innspel
- Janne on Oppdatering frå redaktørstolen
- Rune on Oppdatering frå redaktørstolen
- Janne i trykken on På trykk i BT-magasinet
- Storesøs on På trykk i BT-magasinet
- janne on På trykk i BT-magasinet
- Storesøs on På trykk i BT-magasinet
- Ingvild Telle on Men eg var ikkje død
- Janne 2 on Men eg var ikkje død
- Hanne on Men eg var ikkje død
- janne on Men eg var ikkje død