Frå Kalvø til Nederland
28 juni 2007 | Journalistikk, Personleg | 3 kommentarer
-
Eg har vore på kontoret sidan 08.00, men jamvel hatt ein fortreffeleg fin dag. Kvifor?
Bilete: Heilt tilfeldig. Eigentleg vart eg litt misunneleg på Megafon-Thomas og Megafon-Maryanne som har møtt Gullars. Derfor måtte eg finne mitt eige fjærkre. Sjå, så fint vi har det saman.
Eg vakna, skrudde på froskeradioen min (den har auge som forflyttar seg i takt med musikken!) og tusla rundt i Florø-krypinnet. Morgonkåsøren på P2 introduserast: Are Kalvø. Denne artige sunnmøringen som eg konverserte med på telefon i førre veke. Og kva snakkar så humorhelten om? “Førebilete”, som faktisk er eit av dei sentrale orda i ingressen som skal pryde i neste Helte-nummer av Megafon. Eg måtte glise – for eg synst det er litt vel tilfeldig at han skulle “kåsere” om dette så kort tid etter intervjuet. Eg har påverka han, trur eg. Kan i alle fall velje å tenkje slik. Inntil vidare.
Som om ikkje det fekk fram nok gode kjensler i Janne-kroppen, så har eg vore i kontakt med fleire humørspreiarar i dag. Til dømes kapteinen. Underholdnings-kapteinen på Solundir, som eg har hatt lyst å lage reportasje om kjempelenge. Kontakta han før har eg óg, men då var båten til reparasjon og litt ymse gjekk skeis. Både mine gamle grå, meg sjølv og Firdaposten-redaksjonen likte idéen om å skrive om båtmannen – og i dag tok eg kontakt igjen.
- Du høyrtes så koseleg ut, du må gjerne ringe meg kvar dag, seier han muntert i andre enden.
- No har eg uansett direktenummeret ditt, så eg kan ringe deg, sprudlar han vidare.
Måtte fortelje han at det gjekk, i alle fall tre veker til. Inntil ho som har kontoret kjem tilbake. Gamle koselege bergensaren meinte eg gjerne kunne køyre og kome han i møte og ta intervjuet med ein gong. Eg meinte det var litt langt å køyre heilt til Sogndal, der han er i morgon.
- No må du gje deg. Så langt er det då vel ikkje?
Jau-u. Det er då det.
Skal i alle fall ringe han oppatt ut i neste veke. Då får vi finne ut når han følgjer ein båt som skal klappe til kai i Florø.
Elles ser eg at faren eg intervjua om sykkeltjuveri fekk levert sykkelen på døra, etter at eg hadde saka på trykk. No utlovar han ein dusør til mannen som leverte sykkelen. Han fekk nemleg ikkje notert namnet hans. Ein anna kjekk hending er at eg kanskje har vore med på å skaffe breiband til nokre husstandar i Svelgen. Det er ikkje endeleg avgjort – men Telenor skal i alle fall sjekke opp i den aktuelle saka. Kanskje finn dei ut at noko må gjerast. Kanskje ikkje. Neste veke vil vise.
I morgon skal ein nyasfaltert vegstubb inspiserast, og ein nederlandsk familie intervjuast. Eg gledar meg! (Ja, faktisk!).
Bloggen og eg
Gravande journalistikk
Gæmlisinnlegg
Innspel
- Kristin til Rutiner og sakn
- Janne til Har ein draum
- Janne til Har ein draum
- Tore til Har ein draum
- Hanne til Har ein draum
- Har ein draum | Janne i trykken til Gryande håp
- Janne til Klede ein journalist verdig
- Hanne til Klede ein journalist verdig
- Janne til Walkietalkiefuglen
- Bjørn til Walkietalkiefuglen
Lifestream
-
seier som Jørn Hoel/Martin Luther King: Har ein draum/I have a dream. http://jannetrykker.iblogger.no/2010/09/01/har-ein-draum/ [janneitrykken]
-
har fått fin pakke i posten: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/31/pakke-fr-ho-mor/ [janneitrykken]
-
Klede ein journalist verdig: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/28/klede-ein-journalist-verdig/ [janneitrykken]
-
har skrive korrespodentbrev i Studvest: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/25/fra-eit-reiseperspektiv/ [janneitrykken]
-
har fått meg ein ny treningskamerat: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/22/min-nye-treningskamerat/ [janneitrykken]
-
Så mykje mediekakling om Federal Election, og så vart det uavgjort. Stemmer for at Julia Gillard og Tony Abbott avgjer valget via brytekamp [janneitrykken]
-
har nett bestillt flybillett heim til Noreg i november, og tel hermed ned frå 80 dagar til ho får sjå den fabelaktige kjærasten sin att :-) [janneitrykken]
-
hadde ein draum i natt som innehaldt stikkorda «Twitter» og «Nynorsk mediesenter». Ein multi-mediadraum, faktisk. [janneitrykken]
-
Ny helg. Ny essay. Nytt lydinnlegg på bloggen: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/15/kulturskilnader/ [janneitrykken]
-
har blogga litt om uteliv: http://jannetrykker.iblogger.no/2010/08/13/uni-night/ [janneitrykken]
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen
