På trykk i BT-magasinet

29 august 2009 | Journalistikk, Språk

Bilde 2AVISPRAT: Det var ikkje slik eg hadde venta namnet mitt først skulle dukke opp i BT.

Det skulle vore ein artikkel med namnet mitt som byline. Men i dag, på side fire i BT-magasinet, står det. Utan at det er ein skikkeleg “byline”. Svart på kvitt. Janne. Spor etter ein kommentar eg slengte frå meg på bt.no. Det måtte jo vere i samband med ein nynorskartikkel.

Men det varmar jo. Slik det alltid gjer når nynorsk er inne i biletet.

Tagger: , ,

4 kommentarer to På trykk i BT-magasinet

Storesøs
7. oktober 2009

Er du i live lisjesysta? No er det lenge sida du har oppdatert gitt.

janne
10. oktober 2009

Jepp! Og i dag skal lisjesysta på hyttetur med Studvest. Først i gårkveld, då eg skulle pakke, innsåg eg at eg har mest ikkje varme klede. Ganske artig. Men eg har kjøpt meg nye, vasstette støvlar då. Det er då noko.

Storesøs
29. oktober 2009

Hallooo?

*ekko ekko*

Var stille her inne.

Janne i trykken
15. februar 2010

Janne er i dvalemodus no i redaktørperioden hennar i Studvest. Kjem sterkare att på bloggefronten når eg reiser til Australia for vidare journalistikkstudiar i juli (: Målet er å ta mest mogleg eksotiske bilete for å misunne blogglesarane mine – så motivasjonen min er i alle fall på plass.

Legg igjen en kommentar

Powered by WP Hashcash

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University (Waurn Ponds-campuset), ein times køyring frå Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Gi meg ein lyd?
janne.sorgulen snabel-a gmail.com

Gravande journalistikk

Gæmlisinnlegg

Lifestream