Men eg var ikkje død

23 August 2009 | Personleg

Berre utruleg opptatt.

Eg er offisielt kulturredaktør i Noregs nest største studentavis. (Eg må eigentleg sei det eit par gongar til meg sjølv, før det eigentleg går opp for meg). Jobben gjer at stumpen sit i mange timar framfor datamaskina, at eg skvaldrar med kulturjournalistar og snakkar mykje i telefon. Dette medfører til mindre datamani på fritida. Og i neste rekkje: Mindre blogging. Eg hadde eigentleg ikkje venta noko anna.

Men la oss ta ei oppdatering i kjappe trekk:

EG BUR
- opp nokre voldsomt bratte bakkar. Etter dette året kjem eg til å ha endå kraftigare leggar. Hurra!
- saman med to gutar. Dei er ikkje berre flinke til å leggje ned dolokket, men òg til vere snille, ryddige, greie og alt det som høyrer med.

EG …
- gjer tidvis frykteleg mykje. Men i alle fall meir enn eg vanlegvis har gjort. Mest jobb.
- freister å rekruttere nye skribentar innan søknadsfristen vår, måndag 24. august. Kjenner du nokon skrivedyktige skribentar? Spre ordet?

EG HAR
- overlevd den første Studvest-utgåva. Og det sjølv om faktisk ingen kulturjournalistar dukka opp på første redaksjonsmøte.
- til saman over 30 utgåver att i denne avisa. Og eg gler meg!
- vore på Coldplay-konsert. Det var fantastisk! Kvifor har ikkje fleire artistar kanonar som sprer fargerike papirsommarfuglar i vinden? Og ikkje minst: Kvifor delar ikkje fleire artistar ut gratis plate til publikum når dei går ut av konsertlokalet? (Noko seier meg at økonomien kjem inn i biletet her).

Tagger: , ,

5 Comments to Men eg var ikkje død

Janne 2
23. August 2009

eg fekk tak i to, janne. ein rosa og ein gul. har du nokon du vil gje til meg? eg vart veldig, veldig barnsleg glad når dei vart spydd ut over oss. berre synd eg sto på heilt feil plass i forhold til nedslagsfeltet…

og dei var ikkje av papir, janne, men av ein slags tynn pvc. research, frk. redaktør.

janne
24. August 2009

Eg fekk tak i fire-fem! :D Tenkte dei skulle få pynte opp ved redaktørstolen min, igrunn. Sidan sommarfuglar frå ein Coldlay-konsert er litt sånn.. kulturelt.
Redaktøren veit å prioritere tida si rett, i staden for å leite opp merkeleg fun facts (;

Hanne
25. August 2009

Eg lovar deg lårmusklar òg! Ta godt vare på dei medan du bur der oppe, eg har mista mine med åra:D

Ønsker meg forresten oppdateringer om kvardagslivet og utfordringane som kulturredaktør:)

Janne 2
26. August 2009

leite opp, du liksom! du kjenne no det med ein gong du tek i dei! og eg strauk nesten i kjemi!!

Ingvild Telle
29. August 2009

Janne2, janne og Hanne…hehe. du har lesere som rimer på deg :)

Ikke sant Coldplay-konserten var fantastisk???
Herreguuuud så bra den var!
Jeg hørte på CDn i går og fikk helt hjertesukk av å tenke på Koengen og alle de tusen (millioner kanskje?) av sommerfuglene. Fiiint!

Om ikke lenge spiller de i Dublin. Da skal jeg stå utenfor å høre på :)

Leave a comment

Powered by WP Hashcash

Reklame

Bloggen og eg

Sjefsskribent for kulturredaksjonen i Studvest. Eks-bloggar, grunna tilnærma null fritid utanom jobb. Har store planar om å trappe opp blogginga til hausten når eg fyk ned «down under» Australia for å fullføre ein bachelorgrad i journalistikk.