Festivalhelg

4 juli 2009 | Journalistikk

Bilde 1
SOMMARJOBBEN: Eg vert i alle fall brunare av å ha helgevakt under Førdefestivalen.

I tillegg til mykje, mykje anna, sjølvsagt. Imponert, blant anna. Fascinert av songteknikkar eg ikkje har høyrt før. Glad av gode dansertymer og sprudlande artistar. Munter av eit dansande publikum. Men òg litt slitan. Er under ein time til siste punktet på lista mi med ting-som-eg-må-lage-sak-på. Ting tilseier at eg må starte å skrive på nokre av tekstane i kveld, slik at eg ikkje må jobbe meg ihel i morgon ..

Festivalparaden med alle artistane som gjekk i tog til sentrum var forresten heilt fantastisk! Det var mykje meir fres enn på 17. mai. Og definitivt endå betre vêr.

Over og ut!

Tagger: , ,

2 kommentarer to Festivalhelg

Ithil
5. juli 2009

Veldig off-topic: Jeg har samme kjole som du har! :D

Hanne
7. juli 2009

Eg var innom festival-Førde ein time på fredag. For å ete reker. Haha! Dessutan har eg omsider sett alle artiklane du har skrive i Fjord1-magasinet. Godt jobba:D

Legg igjen en kommentar

Powered by WP Hashcash

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University (Waurn Ponds-campuset), ein times køyring frå Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Gi meg ein lyd?
janne.sorgulen snabel-a gmail.com

Gravande journalistikk

Gæmlisinnlegg

Lifestream