Journalistar – ein gjeng sladrekjerringar?

30 juni 2009 | Journalistikk, Personleg

I skuggen av meg sjølvMASSEMEDIA: Med beina dytta innanfor døra i mediebransjen, får eg hjelp av menneska rundt meg til å stå tryggare innanfor journalistikken.

Foto: Privat

SJØLV OM MANGE av dagane som yrkesskribent i sommarvarmen har ført til ein del overtid, seinast i dag, kjennes ikkje arbeidsdagane spesielt lange. Tida flyg når ein telefonerar, noterer, køyrer og spekulerer. Ei ny avis har gitt, og gir meg framleis i over ein månad framover, nye erfaringar. Som journalist og menneske.

EIN NY ARBEIDSPLASS gjer at eg reflekterer meir over kva eg likar, og ikkje likar, ved å vere journalist. Mest det første. Journalistikk kretsar rundt noko som skil seg ut frå det vanlege. Det ein ikkje ventar. Ting som engasjerer, provoserer og gledar. Eg har gjort min andel av tekstar som omhandlar små ungar som dansar, syng og spelar teater. Gladsakene er viktige på sitt vis, men siste året har eg innsett at det er sakene som eg eigentleg ikkje ville ha, har gjort meg mest stolt i etterkant. Utfordringa og arbeidet ein har lagt ned i saka gjer vinsten større.

Firda-framsideNETTOPP SLIK FUNGERTE hovudoppslaget mitt om ei planlagd kraftlinje gjennom Vettreiene bustadfelt i Førde kommune. Fleire grender var provosert over å få delar av gigantlinja Ørskog-Fardal tett innpå seg, og freista å påverke politikarane gjennom media. Dagen før kommunestyremøtet kom framsida med naboen som potensielt skulle få linja 115 meter frå det nybygde huset sitt. To dagar seinare kunne eg ringje ordføraren og høyre at kommunen hadde snudd i saka. Det kjendes godt – og vart endå betre då opplevinga vart toppa med ei takke-tekstmelding frå ein av innbyggjarane dagen etterpå eg skreiv at politikarane hadde endra standpunkt.

JOURNALISTAR SOM TIDVIS har oppheita diskusjonar rundt bildebruk, vinkling og titlar gjer at eg freister å tenkje meir gjennom det arbeidet eg gjer. Og kva rolle lokalavisa har for folk. Sjølvsagt har eg òg gjort det før – men no i endå større grad. Eg har i større grad erfart det eg trudde – at det er ei større utfordring å skrive korte informasjonsmette tekstar, framfor lange der du ikkje treng å gjere dei store grepa om teksten. I sistnemnde døme vert ein i større grad ein referent. Ofte synonymt med eit slappare journalistisk arbeid. Ikkje i reportasje-sjangeren, sjølvsagt. Men på nyhendeartiklar er kort og godt den beste tommelfingelregelen.

SJØLV OM DEN andre ferske sommarvikaren er yngre enn meg og med mindre erfaring, gjer ho ein knallgod jobb, og minner meg om den iveren og stoltheita ein har heilt i byrjinga over å køyre rundt i journalistbil og over å få namnet sitt på trykk.

EIN ANNAN SOMMARVIKAR som har trakka ned to av dei lokale avishusa sidan han var 15 år kom med eit godt sitat. «Når eg er ute på ein ulukkesstad, kjenner eg meg som ein gribb. Men eg må tenkje at eg er der for lesarane sin del. At dei har eit informasjonsbehov.» Han fekk meg til å tenkje over korleis journalistikken i si tid må ha oppstått

LA OSS SAMANLIKNE journalisten si rolle med ei sladrekjerring, før vi korrigerer det til eit meir nyansert bilete att. I eit lite samfunn er det
* folk irriterer seg over naboen, utan at der kjem ei løysing på saka
* nokon som kviskrar om at ein epedemi er på veg – utan heilt å vete kva det er
* ein einstøing som gjerne brukar kikkerten sin flittig, men har ikkje eit sosialt nettverk til å få med seg anna enn det synet viser han

IKKJE RART FOLK omfamnar – og hatar – journalistar. I staden for at folk skal ofre kaloriar for å finne ut av problem og informasjonsmangel sjølv, tar vi på oss oppgåva for dei. I tillegg er det så mange som les sladrekjerringa i papirformat, slik at har ein først drite på draget, kan du vere viss på at heile bygda får vete det. Og der kom òg forklaringa på kvifor somme hatar oss. Ein kan som sagt ikkje gjere alle til lags.

VI KAN NOK konkludere med at journalistar er ei sladrekjerring med modifikasjonar. Vi vidareformidlar ikkje ting vi trur er sant. (Men det er sjølvsagt alltid ein og annan som trakkar feil.) Vi ringjer, oppsøkjer og sjekkar ut ting. Får det stadfesta, eller avkrefta. Set det på trykk. Følgjer opp saker, tidlegare utsegn frå politikarar, gangen i byggesaker, det ureine drikkevatnet, eller det dårlege innemiljøet på skulen. Resultatet er at både innbyggjarane og journalistane lærer meir om det rundt seg.

EG ANGRAR VERKEN på yrkesvalet eller tatoveringa mi. Og alle desse erfaringane og refleksjonane pakkar eg i ryggsekken når eg går inn i rolla som kulturredaktør i Studvest til hausten.

Tagger: ,

Ingen kommentarer så langt.

Legg igjen en kommentar

Powered by WP Hashcash

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University (Waurn Ponds-campuset), ein times køyring frå Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Gi meg ein lyd?
janne.sorgulen snabel-a gmail.com

Gravande journalistikk

Gæmlisinnlegg

Lifestream