Dagens bilete: Helga ned i sluket

29 June 2009 | Personleg

oppvaskFototittel: Helga ned i sluket
Tid og stad: 27. juni, ca 1900
Skildring: Helga mi til Bergen der eg skulle treffe kjendfolk og glede meg over å flytte tinga mine inn i ein ny kåk, vart noko heilt anna enn kva eg hadde venta. Heilt, heilt anna. Vel sveitt og sliten etter å ha fått alle tinga ut av kåken i Sandviken, var det ei heller kjip oppleving som venta meg i nye kåken.

Greitt nok – huseigar hadde fortald meg at det ikkje var gjort heilt reint. At eg skulle få betaling for å vaske det som ikkje var utvaska. Men dette var heilt, heilt hinsides kva eg kunne førestille meg. La meg nemne nokre høgdepunkt:

* mugg i kaffitraktar
* mat i kjøleskåp som stinkar
* full frysar
* alle skap er fylt med bokstavleg talt søppel
* .. og mat, som eg ikkje vågar å prøve meg på, i redsel for kva sjukdom eg kan få. Etter den standarden gutekollektivet har levd i, stolar eg ikkje ein flekk på folka.
* støvsugar som i utgangspunktet var øydelagd prøvde eg å bruke til å støvsuge, men den vart -ytterlegare- øydelagd under bruk. Leidningen rauk ..
* kaffigrut under vasken

I det heiletatt. Karane har reist i frå kåken og latt bosset vere igjen som velkomstkomitè. Hadde det ikkje vore for at eg hadde tatt med meg sengekleda ut frå gamlekåken, hadde eg sove i gamlekåken ei siste natt, slik at eg ikkje måtte vaske ut rommet mitt. Men det vart til at eg gjorde det. Og badet. For så å ringe huseigar og sei at eg ærleg talt ikkje ville bruke ein heil dag på å vaske ut all skiten deira.

Er berre glad for at eg ikkje skulle vere der lenger i denne omgang, slik at eg kan kome tilbake til ein rein kåk når eg kjem tilbake. Uff. Dette er noko av det verste eg har vore bort i. Eg vil våge å påstå at eit jentekollektiv aldri ville latt det bli så skittent som det var i denne kåken.
kjøleskåp

Tagger: , , , ,

4 Comments to Dagens bilete: Helga ned i sluket

angoranora
29. June 2009

Og de som virka så skikkelige.

I den andre enden av skalaen. Jeg veit om noen som hadde satt igjen dopapir, utelukkende for å være hyggelig, siden det jo er en typisk ting man trenger ganske kjapt, og ble trukket femhundre av depositumet for å ha latt personlige eiendeler ligge igjen.

Hanne
30. June 2009

Ingenting er vel meir passande no enn kommentaren “mannfolk”? Så forferdeleg!

Ithil
30. June 2009

Banna bein! Hvorfor i all verden ryddet ikke utflytterne opp etter seg selv? Jeg trodde det var vanlig å gjøre det når en flytter ut.

janne
30. June 2009

Hanne: Eg veit! Skulle mest har starta ei Facebook-gruppe for oss som hatar slaurete eks-leigetakarar som lar søppel vere velkomstkomité.
Ithil: Det er vanleg. Men her har karane sjansa på at dei skulle sleppe unda, tydlegvis. Forstod det slik at det var ein som var att heilt på slutten, men det forsvarar likevel ikkje at det ser ut som ein svinesti. Kunne i det minste ha kasta bosset sitt ..

Leave a comment

Powered by WP Hashcash

Reklame

Bloggen og eg

Sjefsskribent for kulturredaksjonen i Studvest. Eks-bloggar, grunna tilnærma null fritid utanom jobb. Har store planar om å trappe opp blogginga til hausten når eg fyk ned «down under» Australia for å fullføre ein bachelorgrad i journalistikk.