Eg vil ta av deg kleda – og henge dei veldig fint inn i skåpet
20 December 2008 | Kuriosa, Musikk
Ellen er ei artig dame. Kvifor kan ikkje norsk fjernsyn heller gi den lyslugga humoristen sendetid, framfor ein gråhåra David Letterman med ein skalla keyboard-kar?
Hovudsakleg var det biten med rap eg likte spesielt godt – men sjå gjerne vidare. På slutten breakar ho!
(Vel. Eg trudde i alle fall at ho breaka sjølv. Heilt til Kristin på bærtur korrigerte verdsbiletet mitt. Eg merkar at eg vart litt trist no.)
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
11 Comments to Eg vil ta av deg kleda – og henge dei veldig fint inn i skåpet
Ellen er fantastisk! Ho går på zebra på dagtid, det burde då arbeidsløyse vite.
21. December 2008
Det er synd å si det, men det er da ikke Ellen som breaker..?
21. December 2008
Ellen er fabelaktig!
Jeg har to av stand up-showene hennes på DVD ![]()
Forresten, snakkeshowet hennes sendes ikke på Zebra (som tilhører TV2), men på TV3 tidlig på hverdager. Hun burde få bedre sendetid så flere kan få med seg henne!
21. December 2008
Tatt i betraktning at eg faktisk er altfor mykje heime, så ser eg forsvinnande lite fjernsyn. Sjølv om vi har mange kanalar. Men. Dei få gongane eg slår det på – synest eg det er litt for ofte at Letterman dukkar opp. Eg ser på han, altså. Men Ellen hadde vore eit betre alternativ. No vart eg forresten litt skuffa over at ho ikkje dansa sjølv. Det var vel ein grunn til den store pulten. Akk.
21. December 2008
Ellen er best. Litt mer livat enn andre talkshow-verter…
21. December 2008
Ellen går da vitterligen på TV2 Zebra på hverdager !
Både 1130-1215 og 1245-1330.
SÅ det så!
21. December 2008
Då har vi fått Ellen inn på timeplanen (: Forresten kjekt å sjå nytt namn blant kommentarane.
22. December 2008
Ja, eg meinte det var Zebra. Med cæsar innimellom. Då eg jobba seint, var eg på badet under cæsar.
22. December 2008
Nemleg! Viktig å leggje toalettbesøka sine, ikkje i reklamepausane, men når Cæsar faktisk startar. Synest eg.
25. December 2008
Jeg ser David Letterman hver ukekveld og bare ELSKER det!!! Så du må finne et annet program som må vike ![]()
Liker Ellen og.
GOD JUL!
28. December 2008
Kvar sin smak (; Det finst folk som likar Hotell Cæsar òg – utan at eg jublar av den grunn. Men god jul! Og godt nyttår!
Leave a comment
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- ithil on Jirrahlinga Sanctuary
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen
20. December 2008