Prisdryss

20 November 2008 | Journalistikk

Bilde 9Tiril-pris nummer to er no eit faktum!

I går vart ein skokk av folk frå Bergen student-TV, Studentradioen i Bergen og Studvest samla på Hectors hybel for å fordele prisar. Sjølv om eg var nominert, var det eigentleg ikkje før grunngjevinga til vinnaren vart lest opp at eg forsto at det var mi sak som vant. Beste kultursak i Studvest dette semesteret, med andre ord. Så utruleg, utruleg kjekt! Spesielt sidan saka mi “Tomme stativ på Høgskolen“, utan tvil er den merkelegaste saka eg har skrive for studentavisa. At ein redaktør ikkje let høyre frå seg, og at ei avis forsvinn utan at nokon har kontroll på kva som skjer, er ikkje kvardagskost.

Første semesteret fekk portrettet mitt av Asbjørn Slettemark pris for beste featuresak. Denne gongen var det altså Kristin som fekk den same æra – og det for den aller, aller første reportasjen ho har skrive. Kry som fy over skribentvenninna mi.

Gratulerer til oss!

Tagger: , , ,

2 Comments to Prisdryss

Hanne
20. November 2008

Hurra, gratulerer med den! Samd i at det var ein god og interessant artikkel, ikkje minst kanskje litt overraskande. Akvariet-artikkelen var òg bra, imponert over alt ho torde å gjere (eg har enno ikkje halde slangar, trass i fleirfaldige tilbod)! :D

janne
21. November 2008

Takkar og bukkar! Overraskande kan du trygt sei. Då redaktøren fortalde meg kva saka handla om, trudde eg igrunn ikkje at eg høyrte rett: Ei avis hadde forsvunne. Rart, rett og slett. På tampen av kommenteringa, kan eg jo meddele at Kristin er ein tøffing (: Hadde ikkje vore meg med ein slange kring halsen.

Leave a comment

Powered by WP Hashcash

Reklame

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University nær Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Søk

Gæmlisinnlegg