Alvorleg talt

11 November 2008 | Kuriosa, Språk

talsystemJournalistar og tal er sjeldan ein god kombinasjon. Så kjekt at gamle skrukkeskinn då skal gjere det vanskelegare for oss.

Det er ikkje til å stikke under ein stol: Få av oss er flinke med både tal og bokstavar. At eg ikkje herma etter systera mi som har prenta “diplomøkonom” på CV-en, er i alle fall ikkje tilfeldig. Sjølv om eg kom meg gjennom matematikken på skulen, har tal aldri vore mi sterke side. Og kvar gong ein kvithåra person på x år skal gi meg eit telefonnummer, må eg gjere som Ingrid Espelid. Jukse litt. Eg veit ikkje om kan skulde på at eg er godt oppseda, eller har dårleg tal-teft.

Niogfemti, femogsytti, åtteogåtti, sjuogsytti.

Det er ei lette kvar gong dei kjem til tal som “seksten”, “tjue” og “seksti”. Hjernen min treng rett og slett ekstra tid på å fordøye tala. Talet pensjonisten faktisk seier, er nemleg alltid det motsette av kva eg først tenkjer. Så då vert det slike små notatar på blokka, slik som ovanfor.

Femtini, syttifem, åttiåtte, syttisju.

Einaste eg kan veksle mellom å sei er “tretti” og “tredve”. Men. Eg let i alle fall vere å stokke om rekkjefølgja på tala. Forvirrande er det. Og det var nettopp difor ein i Noreg valte å gå vekk frå det vi så fint kallar den gamle teljemåten. Er du mellom 16-25 år, har du det mest truleg på same vis som meg. Er du over 55 år, er sannsynet større for at du held på tradisjonane. Sjølv om du berre var 5 år då dei innførde den nye teljemåten. Eller for å vere heilt korrekt: Du var kanskje ikkje eingong fødd. Det er nemleg over 50 år sidan skiftet.

Intiativet til teljereformen kom ikkje frå politikken, slik den vanlegvis gjer, men frå Telegrafverket i 1949. Etter ei høyring vart reformen klubba gjennom året etter. Såleis fekk vi det første, og hittil einaste, vedtaket i språket som gjeld talemål. Institusjonen som seinare fekk namnet Televerket, meinte det ville vere meir praktisk å nytte ein teljemåte der ein uttalte tala slik dei vart skrive. Dei argumenterte blant anna ved å peike på det teljemessige hamskiftet som enklare for elevar, rekneskapsførarar og utlendingar.

Ifølgje forskning.no er det kun riksmålsfolk som no konsekvent nyttar gamal teljemåte. Teljereformen vart i si tid innført i skriftspråket i både bokmål og nynorsk, men den vart ikkje bindande for riksmålet. Forsking tyder på at den eldre garden gjerne brukar den gamle måten, men likevel tel etter den nye når dei snakkar om tal. Til dømes telefonnummer, eller kronesummar.

Eg må i alle fall skrive ned tala nett slik dei gamle seier det. Einogtjue. Toogtredve. Rett og slett fordi hovudet mitt ikkje klarar å stokke om på tala like fort som dei vert lest opp for meg. Då stokkar eg dei heller om for min eigen del etterpå. Løynd, når dei har gått over dørkarmen att.

Kva seier du?

(Dette er forresten mitt 555. innlegg som bloggar. Gratulerer til meg.)

Tagger: , , , , ,

8 Comments to Alvorleg talt

Hastur
11. November 2008

Baby, kva med meg då? Er eg ein typisk rigsmaalsperson? Eg nyttar jo det gode teljeviset frå gamalt av. Er meir schwung i det ;-D

Anette
11. November 2008

E me bruka den gamle måten:)

Hanne
11. November 2008

Eg tenkte på nettopp dette med tal i aviser her om dagen, då eg las dei prosentvise resultata av studentparlamentsvalet i Studvest. Eg lurte på om journalistane sjølv klarer denne utrekninga, eller om det finst ein slik ein luring av ein prosentnerd som spring rundt og opplyser dykk journalistar om prosentutrekningane de til ei kvar tid treng. Haha. Dei store spørsmåla her i livet, altså!

janne
11. November 2008

Hastur: Med setninga “no er det berre riksmålsfolket som konsekvent brukar den gamle teljemåten”, er det meint at dei er den einaste “folkegruppa” som er heilt konsekvente. Resten av folket blandar gjerne. Er jo ikkje slik at -alle- femtiåringar brukar gamlemåten, og alle trettiåringar nyemåten. Det er jo du, tydlegvis eit prov på. Gæmlis (;

janne
11. November 2008

Anette: Gjer du? Veit ikkje om eg trur deg før eg høyrer deg telje. Det er i så tilfelle stikk i strid med all statistikk.

janne
11. November 2008

Hanne: Tja. Eg kan kanskje vidareformidle spørsmålet når vi skal ha julebord i Studvest (; Vil jo tru journalistane / journalisten har prøvd seg fram sjølv. Men vi har jo alltids ein dagleg leiar/økonomiansvarleg i avisa som kanskje kan brukast. Om all prosentrekning skulle vere fordufta.

Anette
11. November 2008

He he det e heilt sant:) Men te mitt forsvar har e budd 18 år på Ål, og då må`n regne me å bi lite vranglært. Eksempelvis trudde e ganske lenge at skjora va dama te kråka:)

janne
12. November 2008

Haha! Jaja. Du kunne jo ha fått verre “vranglære” enn akkurat den der (;

Leave a comment

Powered by WP Hashcash

Reklame

Bloggen og eg

Journalistikkstudent ved Deakin University nær Melbourne, der eg bur eit år f.o.m. juli 2010.

Tidlegare kulturredaktør i studentavisa Studvest i Bergen. Utdanna frå Norges Kreative Fagskole i same by. Har skriveerfaring frå ei rekkje magasin og lokalaviser på Vestlandet.

Nynorskentusiast og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord, Bremanger kommune.

Søk

Gæmlisinnlegg