Når eg vert gamal
29 October 2008 | ..litt på sida
NÅR EG VERT GAMAL, skal eg skru av høyreapparatet når festen vert for høglydt, eller diskusjonspartnaren for nærgåande.
Når eg vert gamal, skal eg sprade rundt med brodder på skoa, og spiss på stokken, medan eg sjølvsagt le av dei som sklir på isen.
Når eg vert gamal, skal eg tvihalda på gamle tradisjonar. Sjølv om eg ikkje hugsar opphavet. Eller endå meir spanande: Innføre ein ny, merkeleg tradisjon, og hevde den er gamal.
Når eg vert gamal, skal eg snakka rett frå levra til uoppdragen, snus-befengt og tyggis-tyggande ungdom på bussen.
Når eg vert gamal skal eg rista på hovudet over forfallet i språket, og ta i bruk ord som dei yngste slektningane ikkje forstår.
Når eg vert gamal, skal eg rette kvar utgåve av lokalavisa med raudpenn, før eg sender den i retur.
Når eg vert gamal, skal eg ta til med løkkjeskrift, slik at alle mine skrivne ord vert oppfatta som nostalgiske.
Når eg vert gamal, skal eg ha ein liten motorisert bil, og køyra frå pleiarane.
Når eg vert gamal skal eg snike meg fram til kassadama på butikken for å få hjelp – for å kome framfor den lange køen.
Når eg vert gamal, skal eg veksle pengane mine i femtiøringar – før eg snik meg fram i køen.
Når eg vert gamal skal eg lure dei demente på avdelinga til å tru at dei gløymer meir enn kva dei eigentleg gjer. Kanskje to gonger på same dag, ettersom eg har starta å gløyme litt sjølv òg.
Når eg vert gamal, skal eg ringje og spør om å få snakka med svigersonen min, fem minutt før pause i landskampen.
Når eg vert gamal, skal eg ikkje uroe meg over tatoveringa eg tok då eg var 22, men heller om nokon hugsar å vaske meg neste måndag.
Eg gler meg til å verta gamal. Gjer du?
16 Comments to Når eg vert gamal
haha, då kan vi henge saman!
30. October 2008
Det spørs om du vil og har tid til det, du som skal bli stor politikar og skodespelar (:
31. October 2008
Hahaha! Minn meg på å kjenne deg når du blir gamal!
31. October 2008
Eg overdreiv då kanskje litt.. (; Kan ikkje ha totalendring av personlegdomen. Eigentleg trur eg gamle folk berre har vorte “meir seg sjølv” med åra. Litt som ein karikatur. På ein måda. Med andre ord kjem eg til å verte meir og meir nynorsk-konservativ, meir skeptisk til bergensarar og endå flittigare skribent.
6. November 2008
Eg er gamal allereie eg…
9. November 2008
Eg snakkar om pensjonistgamal, eg. Du har ikkje starta å betale halv billett på bussen att, har du vel?
10. November 2008
tru meg, når eg blir gammal skal eg ikkje arbeide. Det gjer eg jo no.
10. November 2008
Men slike aktive folk klarar jo ikkje å slappe av etter eit heilt liv med stress og tjas. Då må dei jo pusse opp hus eller eitkvart for å kompansere.
6. December 2008
“Når eg vert gamal, skal eg ha ein liten motorisert bil, og køyra frå pleiarane.”
“Når eg vert gamal skal eg lure dei demente på avdelinga til å tru at dei gløymer meir enn kva dei eigentleg gjer. Kanskje to gonger på same dag, ettersom eg har starta å gløyme litt sjølv òg.”
“Når eg vert gamal, skal eg rette kvar utgåve av lokalavisa med raudpenn, før eg sender den i retur.”
Hahahaha! Kongebra!
6. December 2008
Hehe – men det er jo faktisk nokon norsklærarar og slike folk som ringjer inn og passar på når journalistar skriv feil (: Og det MÅ jo nesten vere heilt utruleg morosamt å lure andre demente til å tru at dei er meir gløymske. I alle fall om ein ikkje er altfor gløymsk sjølv. Då kan ein jo kanskje fortelje litt morosame historiar i etterkant (;
6. December 2008
Ja, det var jo en artikkel i Aftenpostens fredagsbilag i forrige uke om han som rettet på journalistene i Aftenposten og VG. Det å gå gjennom VG må jo være tortur. Et under at han fortsatt hadde hår på hodet. Jeg ville ha nappet ut alle mine..
Selv om det er litt stygt gjort å apes med demens, så er den veldig moro. Hehe. Det må være lov å ha litt galgenhumor!
6. December 2008
Bestemora mi har alzheimers, så eg veit at det ikkje er noko moro. Men ein må nesten kunne sjå det morosame i det òg, elles trur eg folk berre vert oppgitt. Det var jo ei viss underhalding i å høyre bestemora diskutere med søstra som òg hadde demens. Men dei klarte seg fint når dei budde saman, og det er jo det viktigaste eigentleg (:
Å! Eg såg magasinbilaget hjå Studvest, men eg fekk ikkje lest det. Du har ikkje tilfeldigvis bilaget liggande i heimen?
Dei fleste aviser har ikkje korrekturavdeling lenger. Og når det kjem til nettaviser, verkar det eigentleg som om det viktigaste er å spy saker ut på nett, framfor å sjekke stavinga. Synd, eigentleg.
6. December 2008
En kommer alltid lengst med litt selvironi og galgenhumor!
Det tror jeg de gamle er enig i også. Søt historie om bestemoren din og søsteren hennes da. Det er sjarmis.
Jeg har alle magasinene her hjemme ja. Anders samler på de, men du kan i allefall få en kopi. Likte artikkelen – ikke fordi jeg er den O’store rettskriveren – men jeg tør påstå at jeg er flinkere enn VG. ;p
Jeg har mange eksempler på blogger eller annet som i utgangspunktet skriver om gode temaer. Men jeg klarer rett og slett ikke å lese de på grunn av det dårlige språket..
6. December 2008
Det ligg kanskje ein korrekturlesar i magen på deg?
Ja takk til kopi, om det let seg gjere. Eg føreslår scrabblekveld i komande veke saman med bloggegjengen. Kva seier du?
6. December 2008
Så om karrieren som jurist ikke er tilfredsstillende, da kan jeg jo alltids gå videre til andre jaktmarker.
Skal fikse deg en kopi, jeg. Yes! Jeg reiser nordover på fredag, men er ledig alle kvelder utenom tirsdag. Organiserer du?
24. January 2009
[...] skrive hjørnespark om Bunny Føkk, om folk som slo krøll på kroppen og hjørnesparket “Når eg vert gamal“. Verda var fin – spesielt etter at Facebook kom i nynorsk [...]
Leave a comment
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Undre on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen
29. October 2008