Mitt namn er Føkk. Bunny Føkk.
10 October 2008 | Kuriosa
DÅ PRESTEN VART KONTAKTA for 22 år sidan, plukka foreldra mine namnet Janne. Eg er eitt av 7.420 eksemplar av sorten. For vanleg, for keisamt, og eit-mannsnamn-i-Sverige-og-Finnland-forvirrande, er alle tankar eg har hatt kring namnet mitt. Men Janne er i det minste ikkje blant dei “ulolvege” namna på lista frå Justisdepartementet. Slik som Norgia, Kiss, Dynfjæder, Haralbos eller Fnorre. Namnet mitt set heller ikkje ein stoppar for meg i arbeidslivet. Noko som er meir enn ein kan seia om “Bunny Føkk”.
I FØRRE VEKE kunne vi nemleg høyra om bergensjenta som ville ta opp lån, gifta seg med ein framand og byta namn når ho fyller 18 år. Alt etter kva for namn som får flest stemmer på den sosiale nettplattforma Facebook. Blant alternativa var Snørrbjørg Tøffingsen, Speedy Gonzales og Bunny Føkk. Alle gode kandidatar til avslagsbunken hos hennar potensielle arbeidsgjevarar i framtida. Og skal ein følgja hovudregelen i namnelova, kan ein myndig person ikkje byta namn meir enn ein gong i tiåret.
BÅDE NAMNET og giftarmlet skal annullerast så fort som råd. Det drastiske valet på bursdgen hennar er nemleg berre meint som eit politisk spark til lovverket, som gir 18-åringar høve til å bestemma sjølve. 18-åringar er ikkje modne nok til å ta slike avgjerder, meiner ho.
BERGENSJENTA, SOM er døypt Cathrine, vart rikskjendis over natta. Ein kan seia mykje om namnevalet. Ein kan seia mykje om ungdom ved fylte 18 er modne nok til å ta slike avgjerder. I tillegg kan ein kanskje seia noko om media. For korleis vert ein 18-åring påverka av å få merksemd om eit slikt “stunt”? Med eit vidope kommentarfelt under artiklane om henne på nettet, og GuleSider som inkluderer telefonnummeret hennar, har jenta fått litt av kvart når det gjeld tilbakemeldingar. Som jenta seier til BA: “Selve er jeg ikke helt voksen, og jeg har ikke tenkt å bli det heller”. Ikkje alle ungdommelege utspel treng å skrivast inn i historia.
Hjørnespark, Bygdanytt 10.10.08
4 Comments to Mitt namn er Føkk. Bunny Føkk.
Flaks at ikkje alle 18-åringar er som henne. Men ho har eit poeng – slike som henne burde ALDRI få nokon rettar i det heile! Haha!
12. October 2008
Har prøvd å leite etter artiklar som fortel om ho fullførte stuntet på bursdagen, eller om det vart med orda. Men til sjuande og sist trur eg nok heile greia går mest utover ho sjølv. Den gjennomsnittlege attenåring klarar heilt fint å ikkje gifte seg med folk dei ikkje kjenner, eller ta namn som best eignar seg i ein luguber bransje. Ser ikkje heilt føre meg at dette skal få fart i noko som helst politisk bølgje.
13. October 2008
Heh, eg kan lett finne ut om ho gjennomførte det. Eg har kontaktar
15. October 2008
Finn ut for meg du, detektiven (:
Leave a comment
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Undre on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen
11. October 2008