Vil du jobbe for Noregs beste studentavis?
23 August 2008 | Journalistikk
Spørsmålet vi i Studvest no stiller alle vi kjenner som likar nærkontakt med penn og papir: Vil du vere med på laget vårt?
Eg let stillingsannonsa tale for seg sjølv:
Studvest søkjer nye nyhendejournalistar, kulturjournalistar og sportsjournalistar. Vi er òg på jakt etter fotografar og layoutmedarbeidarar.
Som journalist må du ha god språkføring og interesse for journalistikk og nyhende. Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
Som fotograf må du kunne handtere og gjerne eige eit digitalt speglreflekskamera. Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
Som layoutmedarbeidar må du ha god kjennskap til InDesing og gjerne resten av Adobe CS3-pakken.
Send ein søknad med CV og arbeidsprøver til studvest@uib.no Presiser kva for stilling du søkjer på.
Søknadsfrist er 1. september kl. 12.00.
Informasjonsmøte i SiB-kafeen i Studentsenteret (Parkveien 1) torsdag 21. august kl. 19.00.
Spørsmål kan rettast til:
Ansvarleg redaktør Pia Martine Wold: 920 83 295
Nyhenderedaktør Marit Dorothea Bjørnstad: 959 70 718
Kultur- og sporsredaktør: Halvor Ripegutu: 930 58 169
Fotoredaktør Åse Holte: 414 52 584
Så kva trur du, Hanne. Tek du utfordringa?
2 Comments to Vil du jobbe for Noregs beste studentavis?
Å, bevare meg vel. Her vert eg utfordra utan å heilt vere klar over det sjølv. Forslaget ligg inne til vurdering;)
24. August 2008
Ja, når du har eit ønskje om å tvinge alle avise til å skrive nynorsk så kan du jo starte med å hjelpe meg med å auke nynorsk-kvota i Studvest. Det må då berre vere rett og rimeleg? (:
Leave a comment
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- ithil on Jirrahlinga Sanctuary
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen

23. August 2008