Skjult talent ?
24 March 2008 | ..litt på sida, Kuriosa
I ferien får ein tid til aktivitetar som i kvardagen vert dytta langt ned på prioriteringslista.
Til dømes å føre strekar over blanke ark, for så å sjå kva det vert til slutt. Eller “teikne”, som vanlege dødlege kallar det. Det er uansett noko eg ikkje har gjort sidan eit par år før eg flytta ut av heimen i Sunnfjord. Tingen er berre den at eg aldri har hatt god nok fantasi til å finne ut kva og korleis eg skal teikne noko. Får eg derimot noko å sjå etter, går det nokolunde greitt. Med bøkene til tanteungen min som modellar, vart det både teikna ein familie, jungeldyr og ein jeger (stol aldri på mannfolk med støvlettar).
Då eg blafra med arka framfor nasen på mor mi, fekk eg nedslåande respons.
— Dei som vert teiknetalent teiknar gjernar på alt mogleg frå dei kan gå. Hadde du vert ein av dei, hadde vi nok merka det tidlegare enn i ein alder av 22 år.
Takk, takk. Sjølv ho som er “tilsett” for å motivere meg dei gongane ingen andre gjer det, er negativ. Men nokre trøystandes ord hadde ho å meddele meg:
— Ofte synest eg dei enkle teikningane er finast. Ikkje dei med altfor mange detaljar.
Eg kan leve lenge på den, eg. Og strengt tatt. Det har mest vore tidsfordriv mellom barnehyl. Når eg i morgon vender nasen heimover att, vert det nok ikkje investert i blanke ark og fargestiftar, men pågangsmot og forbetra helse.
Heilt på tampen må eg vise dykk mobilen til tanteungen min på 2,5 år. Då ho vart spurt kva for ein av mobilane som var finast, hennar eller “tantusen” sin, var ho kjapp med å svare:
— Min!
Og sant nok. Det kvite sjarmtrollet hennar av ein taletut har store og tydelege tastar. Ei antenne som leiar vekk strålinga frå nøtta, og sist, men ikkje minst: Ein spegel til skjerm. Kva er vel meir nyttig enn å kunne pirke ut popcorn-frø frå mellom tennene før ein rundar hjørnet og troppar opp for eit stevnemøte?
3 Comments to Skjult talent ?
Å tegne er kjekt. Har ofte med meg skisseblokk på tur. Det gir mange skisser fra spesielle øyeblikk og god kontakt med de som ser på. Hjemme kan jeg arbeide videre med skisene.
25. March 2008
Skulle ynskje eg hadde fantasien til å danne fine bilete i hovudet mitt som eg faktisk hadde klart å feste til papiret. Teikning er diverre ein aktivitet eg trur mange tenkjer på som reservert for små born og kunstnarar. Det burde jo ikkje vere slik.
23. January 2009
[...] – noko òg teiknetalentet mitt fekk i påskeferien. Mor mi konstaterte at om eg hadde vore eit teiknetalent, ville dei nok ha merka det i tidlegare år. Høyrt så [...]
Leave a comment
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Undre on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen

25. March 2008