Ser eg så desperat ut?
11 June 2007 | Personleg
Er det slik at det osar singel og sand når eg spradar rundt på brustein saman med Burugla?
Ein aura av ”jente som definitivt ikkje har kjæraste”.
Ein aura av ”ung jente, som er såpass desperat at ho no er villeg til å teste ut nettdating, blinddating og anna uhumsk”.
Ein aura av ”gje meg reklamekortet ditt no!”
Eg berre lurar, sidan vi vitterleg fekk utdelt eit kort som undrar på om eg har for lite spenning i livet, er over 18 år og vil teste ut tenesta deira før den offisielle opninga. Allereie ved synet av ”voksen videochat” vert eg relativt skeptisk. Vidare på nettsida les eg at dei skal opprette ein form for date-auksjon, der gutar kan by over kvarandre for å få date med ei jente. Stevnemøtet går føre seg via vevkamera – der guten på si side må sponse jenta med 50 kroner – jenta går gratis.
”Norges garantert morsomste datingtjeneste!”
Eg er spent på kor mange jenter dei får med på dette, når selskapet faktisk må lokke med ein halv hundrings for at jenter skal bruke denne tenesta. Det vert nesten som The Gathering (TG, datafestivitas for dataglade skapningar rundt påsketider), der jenter tidlegare slapp gratis inn. Dataglade med langt hår hadde berre vore representert med metal-gutar, hadde det ikkje vore for denne marknadsføringsstrategien i starten.
Takke meg til å treffe nokon i levande live. Om eg framleis er singel når eg bikkar tretti, skal eg heller vurdere det. Stripteas på nett? Spar meg.
No comments yet.
Leave a comment
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Undre on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen