Fire og ein halv
22 May 2007 | Personleg
– Koffer e det så små koppa?
Ein raudhåra gut med ein passelegd dæsj fregner på nasen og ei lyseblå innejakke sit udrande attmed faren sin. Den vaksne har nett gått to og eit halvt steg vekk frå benken for å plukke fram eit eingongs drikkebeger. Han rettar seg mot den unge sonen, som sit med ein (sannsynlegvis knekt) fot oppå ei støtte som held stankelbeinet eit par centimeter over golvet.
– Det er fordi dei skal passe til sånne små gutta som deg, det.
– E de ei dame eller ein mann som skal sjå på meg?
– De kan vere både en mann og en dame.
– Koffer det?
– Fordi det kanskjer er to persona.
– Koffer det?
– Eg veit ikkje, eg fekk ikkje vete det i luka.
– Koffor det?
Vi journalistspirer har mykje å lære av eit slikt undrande sinn. Det er viktig å få fram grunngjevingane for synspunkta som vert slengt ut i lufta. For eit born er ingenting sjølvsagt. Forstår ein ikkje – ja, så må ein spør for å finne ut av det. Ulikt dei fleste vaksne er dei ikkje redde for å dumme seg ut. Faktisk er sjansane større for at den som ikkje klarar å grunngje synspunkta sine kjenner seg dummare.
Etter å ha vakna opp med eit, framleis, raudt auge, fant eg det for godt å stikke innom ein optikar. Rett inn, få nokre dråpar og litt skjenn for å ha brukt for mykje linser og for lite briller, så ut igjen. I alle fall var det eit slikt scenario eg hadde sett føre meg.
Det enda altså på legevakta før eg kunne sprade ut i dagslys. Eg starta med utgangspunktet: Dette går jo fint – og ”hmm, han/ho burde jo eigentleg få gå før meg”. Og det vart jo óg slik. Naturlegvis prioriterer ein haltande, hinkande og slepande føter framfør ei trulte som berre er uroa for at det eine auget hennar er litt raudt. Men etter å ha sett den eine etter den andre spirrevippen kome hinkande inn inngongspartiet, seig eg lengre og lengre ned på det harde sitteunderlaget. Kva er dette for noko? Sit Bergen med eit uendeleg lager av personar med knekte føter? Sit dei i kø for å syte for at vaktlegane har nok å sysselsette fingrane med?
Då eg omsider høyrte etternamnet mitt bli ropt opp av ei sørlandsk røyst, samla eg forfjamsa saman posane eg hadde fylt med snadder og umusk. I ei akutt eg-syns-voldsomt-synd-på-meg-sjølv-innfall vart det hamstra ein del brunt innpakka i papir. Kven veit – hadde eg brukke ein fot hadde eg sikkert kjøpt ei heil sjokoladekake. Med litt ettertanke er ikkje legevakta den rette staden å gnafse suttelade, sidan du helst vil unngå dådyrauge frå ein litt grinete unge.
Vel inne på legekontoret får eg litt kvalitetstid for meg sjølv, noko som får meg til å grunne over eine spørsmålet som vart stilt i skranken.
– Kva for yrke har du?
For det fyrste: Takk for at du trur eg er såpass gamal!
For det andre: Kva har no eigentleg yrket med innplotting av informasjon i eit legevaktregister? Når denne tanken først har sett seg fast oppi hjernebarken, fyllast det mentale spørsmålarket mitt seg i ein voldsom fart:
1 ) Er det ikkje heilt irrelevant om den rumpa som skal legge seg oppå ”stellebordet” dekt med papir er ei rumpe med erfaring frå jusstudiet, drosjeyrket eller blomeforretninga?
2 ) Når skrankemenneska fyrst har spurt om yrket, er dei ikkje då interesserte i å høyre om kva for parti eg stemmer? Om eg er født og oppvokst i Noreg? Om eg har hypokondertendensar? Burde ikkje Frp-arar verte handsama etter sine eigne sjukeheims-tesar? Burde ikkje ”strilar” som meg erkjenne at eg elskar Bergen, før eg i heiletatt fekk lov å sjå på ein lege? Vi må ikkje gløyme kor patriotiske bergensarane er, trass alt.
3 ) Den same dama kunne óg fortelje at eg måtte rekne med ei ventetid på rundt fem timar. Tyder yrkesspørsmålet at eg hadde vorte prioritert fram i køa om eg hadde vore advokat, og kunne retta sak mot dei i etterkant av ei eventuell uhaldbar handsaming ? Hadde dei gitt meg ein kjærleik på pinne om eg faktisk hadde vore ferdigutdanna journalist?
4 ) Var det eigentleg berre eit spørsmål frå dama sitt eige hovud? Var ho i tvil om sitt eige yrke og ville høyre om eg hadde nokre betre forslag til henne? Eller spurte ho på vegne av ein utsliten vaktlege som var lei over hinkande skrottar? Eigentleg skulle han vore hundepassar. Det gjekk berre ikkje opp for han før han vart tipsa om at hundebransjen i realiteten er ei ukjend grullgruve.
Eg kom, satt på ræva i 4,5 timar, fekk to myndige auge til å kikke meg djupt inn på mitt lyseraude høgre auge og vart ønska ”god betring” etter å ha fått klaska resept for antibiotika i handa. I morgon: Apotek og fire dråpar. Onsdag: morgon og kveld. Greitt å prøve å få has på pokkerskapen av eit trøbleauge før eg endar opp som konstant brilleslange. Kan jo ikkje vere utan lekre fargelinser, kan eg det?
8 Comments to Fire og ein halv
På mitt legekontor skal studentar både vere gratis og framme i køa. For eg har respekta for både tida og pengane til studentane. OG helsa. Frp- arar skal sendast vidare til noko privat, det er jo det dei vil ha. For eg har ikkje respekt for noko med dei (dei har det jo ikkje for ande.) Aller minst helsa deira.
Og ja, eg må tenkje på sånt, sidan eg må ha yrker å felle tilbake på når eg stryker på eksamen imåro.
Om fire og ein halv time skal eg stå opp. Eg er overhode ikkje trøytt. Snart sånn at eg må finne fram notatane mine att. Då sovnar eg nok.
22. May 2007
Så søtt! =D
22. May 2007
Isabel: Du som er litt politikar av deg har no fått ei ny kampsak. Politisk handsaming av politiske aktørar utifrå deira politiske ståstad – det må då vere -politisk- korrekt ?
Hastur: Og akkurat -kva- meinte du var søtt her? Eit passeleg raudt auge eller det at eg sat fire og ein halv time på legevakta?
22. May 2007
Svært lite politisk korrekt faktisk. Det er meir rasisme skal eg vere ærleg, og sidan eg står på lista til SV så skal eg stoppe før eg seier at det ikkje betyr så mykje å vere frp- rasist, sidan dei er rasistar sjølv.
Oi. Der kom det visst ut.
Eksamen gjer så mangt med ei sjel. Eg er sleten og svolten.
22. May 2007
Øy! Isabel, det er ikkje rasisme å forskjellsbehandle basert på livssyn eller anna. La rasisme vere rasisme, det er kjipt at folk skal besudle rasismen med å tilleggje det altmogleg anna. Rasisme er eit verdsyn som rangerar raser, gjerne kvalitativt. Yummy. SV gjer det stadig vekk når dei sett andre kulturar over vår norske
Og Janne, eg tykkjer teksten var søt. Og lista. Fint skreve, vennen.
22. May 2007
*knjs* Takk! Eg fekk plutseleg anda over meg. Det var berre eit vrient auge som skulle til. Eg har derimot ikkje tenkt å gå på legevakta for å hente inspirasjon om skrivesperra melder seg. Sjølv om det faktisk kunne ha hjulpe.. (;
22. May 2007
Kanskje på tida at du får deg fastlege i den store byen?
22. May 2007
Uff. Eg blir jo aldri-i sjuk. Ork (;
Leave a comment
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Undre on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen

22. May 2007