Ein jannejenta-dag
21 February 2007 | Journalistikk, Personleg
Det er mørkt, det er kaldt og eit mørkhåra lite bustehovud av ei Hulder lyftar litt på dyna for å skru av alarmen.
06.10
Fyrste alarmen går berserk – og vert forbigått i ro og mak. Rundt fem timar sidan hovudet vart planta godt oppå det blå IKEA-putevaret.
06.15
Andre alarmen bråkar. No startar lydane å trenge inn til hjernen. Dei fortel at eg, igjen, har fått altfor lite svevn. Vil absolutt ikkje kvelve meg ut av senga enno.
06.22
Tredje og siste alarmen. Ein av dei få ulempene med det raude mobilgliset mitt; berre tre alarmar. Motorola-vraket eg hadde før nyttår, hadde heile fem. Faren med mange alarmar er denne:
Eg stiller alarmane slik at eg får fem-ti minutt søvn mellom kvart tikketakk-brøl. Med fleire alarmar, går den fyrste alarmen av endå tidlegare (“Går av”, ja. Som i eit geværskot. Det er trass alt terror å måtte stå opp før sju om morgonen). Etterkvart sklir eg inn i kleda mine og tuslar frå rommet, ut i gangen og på badet. Kleisar på meg linselus og anna som må til for å sjå nokolunde akseptabel ut.
06.55
Under forvandlinga av handleposar under auga til minst mogleg, gjer eg opp og finn meg frukost. “Mission impossible”.
07.15
Hiv meg ut døra, men må snu og gå oppatt når eg ser vêret. Det snør. Fiskar med meg den nyinnkjøpte gjennomsiktige paraplyen. Den førre klarte vinden å bøye stengene på .. I veska teljast “aerobic steps”, i cirka tolv-fjorten samanhengande minutt. Eg joggar.

07.35
Toget tøffar avgarde. I nokre få minutt er mine medpassasjerar og eg totalt isolert frå alle mobilnett. Om eitkvart skulle starte å brenne hadde heile bølingen vorte grilla, og det heilt utan høve til å melde i frå. Herleg, skikkeleg herleg tanke.
07.42
Framme i Arna. Snik meg inn personalinngangen til senteret og traskar opp trinna til tredje. Som vanleg er eg fyrste oppvakna sjela som kjem til redaksjonen og får dimed gleda av å opne helligdomen. Tenk tanken: Eg er før resepsjonisten ..
08.25
Traskar med nøkkel til firmabilen i handa, og treff på redaktøren på veg ut. Køyringa går knirkefritt. “Mjølkeruta” over Osterøybrua har eg køyrt ein god del gongar før.
09.00
Eg har ein avtale på Osterøy museum. Handarbeid er stikkordet – strikkepinnar er reiskapane. Museumet er verkeleg bortgøymt. Hadde det ikkje vore for iherdig skilting, ville nok ingen andre enn den næraste naboen og dei tilsette visst kvar bygningen låg.

10.05
- Men har du vist fram vottane?
Inntil no har ikkje vottane vore i rampelyset. Eg vert klar over at det faktisk eksisterar noko så lekkert som kyrkjevottar. Før i tida gjor det i alle fall det. Vert skikkeleg fascinert av brurekrona i glasmonteren. Det er eitkvart majestetisk og flott med den. Og når eg fyrst er inne på majestetisk: Ja, eg har fått med meg at Konglen vår fyller 70 i dag.

10.06
Rundt kanten på krona er det fuglar.
- Dei skulle bringe med seg fruktbarhet, fortel styraren meg.
Betre med fuglar enn med mannebein rundt kanten, tenkjer eg. Om eg får fingrane i ei slik brurekrone skal eg pinadø ha bondebryllaup. Berre bondekaren manglar.
11.25
Handlar lunsj. Ein lekker Go’Morgon-yoghurt, betalar i kassa med ei dame eg mistenkjer for å gå på lykkepille. Ho må trene kjevemusklaturen sin på fritida for å kunne smile så mykje.
I lunsjen frydar eg meg over eine journalisten, som har planar om å gå med damesko i samband med ein artikkel. Saka kjem på trykk etter eg er ferdig i praksis.
- Den utgåva berre må eg ha, flirar eg.
I BT er det bilete av ein for tidleg født unge – nurket kom til verda rundt 22 veke. Etter mine kalkulasjonar rundt halvvegs i eit vanleg svangerskap. Det er heilt sjukt å sjå korleis føta er nokre små pipestilkar attmed fingrane til ein vaksen på biletet.
Når det går over i skrivinga av strikkesaka duppar eg av med jamne mellomrom. Som Morten Abel seier: “Hard to stay awake”. Minnar meg om systra mi som kunne fortelje at engelskmenn ikkje forstår kva Abel-en syng. Engelsken hans er tydlegvis ikkje EU-godkjend.
16.00
Pakkar saman stæsjet mitt i mi altfor gamle Ole Brum-veske. Det er bikkjekaldt ute, og eg sit for fyrste gang inne på venterommet. Eit tog har spora av vegen. Dei som skal til Ål må ta tog til Voss og buss vidare.
- Glad det ikkje er meg.
16.20
Toget tøffar attende til byen gjennom tunellen.
16.40
Troppar opp på skulen. Ingvild stressar i BA og har ikkje høve til å kome. Omøblerar planane og avgjer at ho kjem bort til meg etter jobben. Til helga reiser ho og den vesle gjengen frå klassen til Berlin. Eg planlegg derimot fest på fredag, heimreise laurdag og vidare båttur til Måløy på sundag. Då er det to veker praksis i Fjordenes Tidende. Det fabelaktige tilbodet eg fekk etter at eg selde min fyrste artikkel på 21-årsdagen min. Kunne eg eigentleg fått ei flottare bursdagsgåve?

17.16
Tusle-taslar inn på Rema i gågata. Frå eine butikkhylla lyser “Bokstavkjeks” mot meg. Typisk Norsk-Petter hugsar eg hadde føre seg korleis ein kunne lage heimelaga bokstavkjeks. Nettopp fordi pakkane med bokstavkjeks var tatt vekk i frå marknaden. No er alfabetet i kjeksversjon attende! Fekk plutseleg lyst å lære ein litan unge alfabetet. Oppdagar óg ein ny juice. “Appelsin med 33 prosent bringebær frå Vik i Sogn”.
18.14
Eg fiklar med ein boks croissantar. Ja, ein boks. Hendinga krev ein eigen biletserie. Seinare. Det fortener den verkeleg *gnafse på merkeleg gjærdeig*
1 Comment to Ein jannejenta-dag
[...] Den andre nyttårsdagen vart brukt blant hyggelege folk i Indre Arna. Lokalavisa Bygdanytt. I to månader starta kvar morgon med ei togreise på åtte minutt. 27 kroner. Før dette hadde eg berre reist med [...]
Leave a comment
Reklame
Bloggen og eg
Søk
Innspel
- Janne on My guilty pleasure
- Storesysta on My guilty pleasure
- Kristin on My guilty pleasure
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Janne on Åherregudsåmykjepensum
- Hanne on Åherregudsåmykjepensum
- Undre on Åherregudsåmykjepensum
Utspel
Gæmlisinnlegg
Vene bloggar
- God dag, verd
- Hanneland
- Hildegunn Holtet photography
- Hjartesmil
- Hjorthen
- Ingvild Telle
- Kjepphest
- Kristin på bærtur
- Lang dags ferd mot fnatt
- Lygekors på halsen
- Made In Seoul
- Nesten vaksen
- Orddelingsmafiaen
- Profeten Hastur
- Reality challenged
- Regnboga si fantasiverd
- Stabilt Ustabilt
- Stian Hafstad
- The Black Book
- Undreverset
- Veggisbloggen
31. December 2007