På trykk i BT-magasinet
29 august 2009 | Journalistikk, Språk | 3 kommentarer
AVISPRAT: Det var ikkje slik eg hadde venta namnet mitt først skulle dukke opp i BT.
Det skulle vore ein artikkel med namnet mitt som byline. Men i dag, på side fire i BT-magasinet, står det. Utan at det er ein skikkeleg “byline”. Svart på kvitt. Janne. Spor etter ein kommentar eg slengte frå meg på bt.no. Det måtte jo vere i samband med ein nynorskartikkel.
Men det varmar jo. Slik det alltid gjer når nynorsk er inne i biletet.
Men eg var ikkje død
23 august 2009 | Personleg | 5 kommentarer
Berre utruleg opptatt.
Eg er offisielt kulturredaktør i Noregs nest største studentavis. (Eg må eigentleg sei det eit par gongar til meg sjølv, før det eigentleg går opp for meg). Jobben gjer at stumpen sit i mange timar framfor datamaskina, at eg skvaldrar med kulturjournalistar og snakkar mykje i telefon. Dette medfører til mindre datamani på fritida. Og i neste rekkje: Mindre blogging. Eg hadde eigentleg ikkje venta noko anna.
Men la oss ta ei oppdatering i kjappe trekk:
EG BUR
- opp nokre voldsomt bratte bakkar. Etter dette året kjem eg til å ha endå kraftigare leggar. Hurra!
- saman med to gutar. Dei er ikkje berre flinke til å leggje ned dolokket, men òg til vere snille, ryddige, greie og alt det som høyrer med.
EG …
- gjer tidvis frykteleg mykje. Men i alle fall meir enn eg vanlegvis har gjort. Mest jobb.
- freister å rekruttere nye skribentar innan søknadsfristen vår, måndag 24. august. Kjenner du nokon skrivedyktige skribentar? Spre ordet?
EG HAR
- overlevd den første Studvest-utgåva. Og det sjølv om faktisk ingen kulturjournalistar dukka opp på første redaksjonsmøte.
- til saman over 30 utgåver att i denne avisa. Og eg gler meg!
- vore på Coldplay-konsert. Det var fantastisk! Kvifor har ikkje fleire artistar kanonar som sprer fargerike papirsommarfuglar i vinden? Og ikkje minst: Kvifor delar ikkje fleire artistar ut gratis plate til publikum når dei går ut av konsertlokalet? (Noko seier meg at økonomien kjem inn i biletet her).
Dagens bilete: På jobb
24 juli 2009 | Journalistikk | 2 kommentarer
Fototittel: På jobb
Tid og stad: 22. juli, ca 1140
Skildring: Ein kan aldri kjenne seg trygg når ein Firda-fotograf er i nærleiken. Eventuelt: Ein fotograf i det heiletatt. Ein trur det berre er kjeldene som skal stå framfor linsa, men nei.
Her på Førde lufthamn, Bringeland. Utstyrt med glorete oransj vest og plastikk på knollen. Klar for å farte rundt i Avinor-bil for å sjå korleis det ser ut når flyplassen gjer seg klar til utbygging. Gjørme og stein er to viktige stikkord.
Orda kjem på trykk i Firda laurdag eller neste veke.
** Har vore utan internett i over ei veke. Det kan sjå ut som nabojenta, som eg får låne internett av, har reist på ferie og slått av ruteren.. Men no er eg i Bergen for ei langhelg! Herleg!
Festivalhelg
4 juli 2009 | Journalistikk | 2 kommentarer

SOMMARJOBBEN: Eg vert i alle fall brunare av å ha helgevakt under Førdefestivalen.
I tillegg til mykje, mykje anna, sjølvsagt. Imponert, blant anna. Fascinert av songteknikkar eg ikkje har høyrt før. Glad av gode dansertymer og sprudlande artistar. Munter av eit dansande publikum. Men òg litt slitan. Er under ein time til siste punktet på lista mi med ting-som-eg-må-lage-sak-på. Ting tilseier at eg må starte å skrive på nokre av tekstane i kveld, slik at eg ikkje må jobbe meg ihel i morgon ..
Festivalparaden med alle artistane som gjekk i tog til sentrum var forresten heilt fantastisk! Det var mykje meir fres enn på 17. mai. Og definitivt endå betre vêr.
Over og ut!
Dagens bilete: Ordspel
1 juli 2009 | Kuriosa | Ingen kommentarer
Tid og stad: 20. april, 2008
Skildring: Eg elskar ordspel. Denne fiffige plakaten fann turkameraten min og eg då vi hadde funne fram til Brushytten. Skulle likt å hatt eit plagg med denne logoen. Det er vel forresten nesten obligatorisk, no då eg nesten kjem til å bu på Fløyen frå hausten av.

Journalistar – ein gjeng sladrekjerringar?
30 juni 2009 | Journalistikk, Personleg | Ingen kommentarer
MASSEMEDIA: Med beina dytta innanfor døra i mediebransjen, får eg hjelp av menneska rundt meg til å stå tryggare innanfor journalistikken.
Foto: Privat
SJØLV OM MANGE av dagane som yrkesskribent i sommarvarmen har ført til ein del overtid, seinast i dag, kjennes ikkje arbeidsdagane spesielt lange. Tida flyg når ein telefonerar, noterer, køyrer og spekulerer. Ei ny avis har gitt, og gir meg framleis i over ein månad framover, nye erfaringar. Som journalist og menneske.
EIN NY ARBEIDSPLASS gjer at eg reflekterer meir over kva eg likar, og ikkje likar, ved å vere journalist. Mest det første. Journalistikk kretsar rundt noko som skil seg ut frå det vanlege. Det ein ikkje ventar. Ting som engasjerer, provoserer og gledar. Eg har gjort min andel av tekstar som omhandlar små ungar som dansar, syng og spelar teater. Gladsakene er viktige på sitt vis, men siste året har eg innsett at det er sakene som eg eigentleg ikkje ville ha, har gjort meg mest stolt i etterkant. Utfordringa og arbeidet ein har lagt ned i saka gjer vinsten større.
NETTOPP SLIK FUNGERTE hovudoppslaget mitt om ei planlagd kraftlinje gjennom Vettreiene bustadfelt i Førde kommune. Fleire grender var provosert over å få delar av gigantlinja Ørskog-Fardal tett innpå seg, og freista å påverke politikarane gjennom media. Dagen før kommunestyremøtet kom framsida med naboen som potensielt skulle få linja 115 meter frå det nybygde huset sitt. To dagar seinare kunne eg ringje ordføraren og høyre at kommunen hadde snudd i saka. Det kjendes godt – og vart endå betre då opplevinga vart toppa med ei takke-tekstmelding frå ein av innbyggjarane dagen etterpå eg skreiv at politikarane hadde endra standpunkt.
JOURNALISTAR SOM TIDVIS har oppheita diskusjonar rundt bildebruk, vinkling og titlar gjer at eg freister å tenkje meir gjennom det arbeidet eg gjer. Og kva rolle lokalavisa har for folk. Sjølvsagt har eg òg gjort det før – men no i endå større grad. Eg har i større grad erfart det eg trudde – at det er ei større utfordring å skrive korte informasjonsmette tekstar, framfor lange der du ikkje treng å gjere dei store grepa om teksten. I sistnemnde døme vert ein i større grad ein referent. Ofte synonymt med eit slappare journalistisk arbeid. Ikkje i reportasje-sjangeren, sjølvsagt. Men på nyhendeartiklar er kort og godt den beste tommelfingelregelen.
SJØLV OM DEN andre ferske sommarvikaren er yngre enn meg og med mindre erfaring, gjer ho ein knallgod jobb, og minner meg om den iveren og stoltheita ein har heilt i byrjinga over å køyre rundt i journalistbil og over å få namnet sitt på trykk.
EIN ANNAN SOMMARVIKAR som har trakka ned to av dei lokale avishusa sidan han var 15 år kom med eit godt sitat. «Når eg er ute på ein ulukkesstad, kjenner eg meg som ein gribb. Men eg må tenkje at eg er der for lesarane sin del. At dei har eit informasjonsbehov.» Han fekk meg til å tenkje over korleis journalistikken i si tid må ha oppstått
LA OSS SAMANLIKNE journalisten si rolle med ei sladrekjerring, før vi korrigerer det til eit meir nyansert bilete att. I eit lite samfunn er det
* folk irriterer seg over naboen, utan at der kjem ei løysing på saka
* nokon som kviskrar om at ein epedemi er på veg – utan heilt å vete kva det er
* ein einstøing som gjerne brukar kikkerten sin flittig, men har ikkje eit sosialt nettverk til å få med seg anna enn det synet viser han
IKKJE RART FOLK omfamnar – og hatar – journalistar. I staden for at folk skal ofre kaloriar for å finne ut av problem og informasjonsmangel sjølv, tar vi på oss oppgåva for dei. I tillegg er det så mange som les sladrekjerringa i papirformat, slik at har ein først drite på draget, kan du vere viss på at heile bygda får vete det. Og der kom òg forklaringa på kvifor somme hatar oss. Ein kan som sagt ikkje gjere alle til lags.
VI KAN NOK konkludere med at journalistar er ei sladrekjerring med modifikasjonar. Vi vidareformidlar ikkje ting vi trur er sant. (Men det er sjølvsagt alltid ein og annan som trakkar feil.) Vi ringjer, oppsøkjer og sjekkar ut ting. Får det stadfesta, eller avkrefta. Set det på trykk. Følgjer opp saker, tidlegare utsegn frå politikarar, gangen i byggesaker, det ureine drikkevatnet, eller det dårlege innemiljøet på skulen. Resultatet er at både innbyggjarane og journalistane lærer meir om det rundt seg.
EG ANGRAR VERKEN på yrkesvalet eller tatoveringa mi. Og alle desse erfaringane og refleksjonane pakkar eg i ryggsekken når eg går inn i rolla som kulturredaktør i Studvest til hausten.
Dagens bilete: Helga ned i sluket
29 juni 2009 | Personleg | 3 kommentarer
Fototittel: Helga ned i sluket
Tid og stad: 27. juni, ca 1900
Skildring: Helga mi til Bergen der eg skulle treffe kjendfolk og glede meg over å flytte tinga mine inn i ein ny kåk, vart noko heilt anna enn kva eg hadde venta. Heilt, heilt anna. Vel sveitt og sliten etter å ha fått alle tinga ut av kåken i Sandviken, var det ei heller kjip oppleving som venta meg i nye kåken.
Greitt nok – huseigar hadde fortald meg at det ikkje var gjort heilt reint. At eg skulle få betaling for å vaske det som ikkje var utvaska. Men dette var heilt, heilt hinsides kva eg kunne førestille meg. La meg nemne nokre høgdepunkt:
* mugg i kaffitraktar
* mat i kjøleskåp som stinkar
* full frysar
* alle skap er fylt med bokstavleg talt søppel
* .. og mat, som eg ikkje vågar å prøve meg på, i redsel for kva sjukdom eg kan få. Etter den standarden gutekollektivet har levd i, stolar eg ikkje ein flekk på folka.
* støvsugar som i utgangspunktet var øydelagd prøvde eg å bruke til å støvsuge, men den vart -ytterlegare- øydelagd under bruk. Leidningen rauk ..
* kaffigrut under vasken
I det heiletatt. Karane har reist i frå kåken og latt bosset vere igjen som velkomstkomitè. Hadde det ikkje vore for at eg hadde tatt med meg sengekleda ut frå gamlekåken, hadde eg sove i gamlekåken ei siste natt, slik at eg ikkje måtte vaske ut rommet mitt. Men det vart til at eg gjorde det. Og badet. For så å ringe huseigar og sei at eg ærleg talt ikkje ville bruke ein heil dag på å vaske ut all skiten deira.
Er berre glad for at eg ikkje skulle vere der lenger i denne omgang, slik at eg kan kome tilbake til ein rein kåk når eg kjem tilbake. Uff. Dette er noko av det verste eg har vore bort i. Eg vil våge å påstå at eit jentekollektiv aldri ville latt det bli så skittent som det var i denne kåken.

Dagens foto: Godkjend herverk
25 juni 2009 | Kuriosa, Språk | 2 kommentarer
Fototittel: Godkjend herverk
Tid og stad: 24. juni, 2104
Skildring: I går tok eg ein spasertur for å finne heimen til nokon eg skulle intervjue i dag. Du veit, eg er ikkje spesielt kjend i Førde og alt det der. I tillegg trengde eg trimmen, så det heile var igrunn ein vinn-vinn situasjon. Fram til målet snodde vegen seg gjennom denne gangbrua, der sementen hadde evigvarande merker etter herverk frå sommaren i 2006.
Men eg må sei det som sant er: Eg vert meir vennleg innstilt til herverk som er gjort på nynorsk enn bokmål. Mannen eller kvinna bak handlinga kan sjølvsagt hatt baktankar med å skrive nynorsk slik at han/ho fekk med seg anarki-a-en. Men slikt er for detaljar å rekne.
Dagens foto: Knall og fall
24 juni 2009 | Personleg | 2 kommentarer

Fototittel: Knall og fall
Tid og stad: 24. juni, cirka 0805
Skildring: Denne asfaltgropa på snarvegen til jobb, som forresten er mykje djupare enn kva den ser ut til, sørgde for at beina og tilbehøret fekk nærkontakt med jorda. Eller asfalt, om du vil. Kanskje like greitt, sidan eg mest vart litt høg på pæra av å ha kapra framsida av Firda i dag.
Men ikkje berre vart eg utsett for asfaltvold. Det heile gjekk òg hardt utover eit uskuldig offer: Buksa mi. Eit prydefult hol sette sitt preg på dongrien, og førte til at eg måtte stable eit sårt kne oppetter bakkane igjen. For når buksa har såpass store hol som dette, må ein rett og slett bytte før ein troppar opp på kontoret.
Enden på visa vart til at eg tok sykkelen til jobb. Og kom tidsnok. Men litt «au» er det framleis.

Eggar opp til «dagens foto»
24 juni 2009 | Blogging, Kuriosa | Ingen kommentarer
SPALTEDEBUT: Det er ikkje berre bransjen eg jobbar i som har agurktid.
For på bloggen min er ikkje stoda stort betre. Difor freister eg å ta eit bilete, om lag kvar dag, som eg skal publisere på bloggen no i sommar. Ikkje nødvendigvis eit fantastisk bilete. Ikkje nødvendigvis eit bilete av spesielt god kvalitet. For det går kjappast med mobilkamera, og det er det som er kjerna i saka: Det tek såpass lite tid at det går heilt fint å avsjå mobilknipsing for bloggen min.
Puh. Så då var det skrive – så skal eg gjere eit godt forsøk på å halde lovnaden. Sidan eg ikkje kom på denne idéen før no, eit kvarter før leggjetid, vel eg å bruke eit gamalt bilete.
Tittel: Oppegga
Tid og stad: 11. april 10.52, på kjøkenet til storesøstra mi
Skildring: Nokon sørgde for at maten smilte mot meg då eg etterkvart fann frukostbordet.

